Viktig ressurs: Eivind Midlang (t.v.) diskuterer gjerne tiltak som kan sikre Tine meir sommarmjølk, også frå Indre Sogn, men å ta kyrne heim frå fjellbeite er ikkje aktuelt. Her i lag med Jan Kristian Tolås på beitet i Unnardal, ein gammal støl som ligg på Vikafjellet, tett opp mot Stølsheimen landskapsvernområde. Privat foto.

Tine treng meir sommarmjølk og frir først til vestlandsbonden. – Feil strategi, meiner Eivind Midlang, mjølkebonde i Vik i Sogn.

Liv Kristin Sola

Det kan gå ei kule varmt når «alle» skal ha ei meining om landbruket; om dyrevelferd, soya og om kua som klimaversting. Men at kyrne skal ut på beite, og aller helst på utmark, er det tverrpolitisk semje om – eit krav som også går rett heim hjå forbrukaren.
Frå og med 1. januar 2014 har det vore eit krav frå Mattilsynet om at storfe i lausdrift skal vere ute i minst åtte veker kvar sommar. For storfe på bås er kravet seksten veker.

Meir kraftfôr eller kroken på døra

I desse dagar innfører Tine eit trekk i mjølkepris på 50 øre for dårleg dyrevelferd. Organisasjonssjef Gunnar Dalen seier til nettstaden Landbruk 24, at for Tine handlar god dyrevelferd blant anna om god dyrehelse og høve til å utøve naturleg åtferd. For mange vestlandsbønder handlar dette også om å bruke ressursane i fjellet.
Samstundes fryktar meierisamvirket for at nedskalering i mjølkeproduksjonen i verste fall kan ende med at dei har for lite sommarmjølk allereie i 2021. Mindre mjølk og ei skeiv mjølkekurve gir selskapet store utfordringar – og kostar fellesskapet store summar. Alle dei fire Tine-områda har nedgang i mjølkeleveranse i tredje kvartal, men aller verst er det i Sogn og Fjordane.
Difor lanserte Tine nyleg «Prosjekt sommarmjølk», eit pilotprosjekt som skal motivere vestlandsbonden til å ta meir ansvar for fellesskapet og tilpasse drifta til meir sommarmjølk. Verkemiddelet er å differensiere endå sterkare på mjølkepris mellom sommar og vinter i sone Fjord og fjell.

Eivind Midlang, mjølkeprodusent i Vik i Sogn, meiner det er feil strategi å begynne i vest, kor fjellbeite er ein svært viktig ressurs på mange bruk. Han fryktar at Tine har bestemt seg for å differensiere så kraftig at sogningane ikkje lenger har eit val.

– I praksis betyr det at kyrne blir tvinga heim frå fjellet. For somme vil det bety meir kraftfôr for å få vinterfôret til å strekke til. For andre vil det bety kroken på døra om kyrne vert tvinga heim frå fjellet, i alle fall her i Indre Sogn, spår Midlang.

Sjølv har han nyleg utvida og bygd om båsfjøset til lausdrift og skal levere godt 370 tonn mjølk neste år. Han har konsentrert haustkalving og kastrerer ein del av oksane for å nytte dei frodige beiteområda inn mot Stølsheimen.

– For meg er det heilt sentralt å bruke dei ressursane eg har tilgjengeleg. Det er heilt uaktuelt å ta kyrne heim frå fjellet, seier bonden.

I feil ende

Midlang har ikkje problem med å forstå Tine sitt behov for meir sommarmjølk – ei heller at alle må bidra til fellesskapet. Likevel meiner han at samvirkekonsernet startar i feil ende når dei no strammar skrua i Sogn og Fjordane. Fylket har 100 millionar liter av totalt rundt 1450 millionar liter mjølk. Dei har dei minste mjølkekvotane, mange har knapt med dyrka areal og mange sender framleis kyrne til fjells heile sommaren. Gjennom generasjonar har bønder tilpassa drifta til dei lokale tilhøva. Heile driftsopplegget, inkludert fjøset, er tilpassa haustkalving hjå mange.
Midlang minner om at Tine lenge har prøvd å stimulere til meir sommarmjølk gjennom å differensiere på pris, utan at det har løyst problemet. Han er likevel ikkje avvisande til at bøndene i Indre Sogn også må bidra for å betre situasjonen. Gjennom produsentlaget har bøndene invitert Tine til dialog for å prøve å finne tiltak som ikkje går ut over fjellbeite. Bonden meiner likevel at det må finnast meir treffsikre tiltak, spesielt når ein veit at samtlege regionar har ein lågare mjølkeinngang i tredje kvartal. Han meiner Tine i større grad bør fri til bønder som faktisk kan produsere meir sommarmjølk, spesielt når me no står overfor ei nedskalering.

– I driftsopplegg med kalving heile året kan det vere ei god tilpassing å ta nedskaleringa på vinterstid for å levere meir mjølk om sommaren – til ein høgare pris, seier Midlang.

Han trur eit slikt tiltak i sum vil gi meir sommarmjølk enn å gå spesielt på eit geografisk område.

Til fjells: Kvar sommar sender Eivind Midlang kyr, kviger og kastratar til fjells for å utnytte dei store beiteressursane i fjellheimen.

Ønsker éi felles prissone

Bonden frå Vik skulle ønske at konsernleiinga såg heile landet under eitt når dei no freistar å få inn meir sommarmjølk. Han føreslår å fjerne prissone Fjord og fjell for å prøve ut lik priskurve over heile landet.

– Med lik pris over heile landet er det opp til kvar enkelt korleis dei vil tilpasse drifta si. Om det i praksis vil gi ein høgare mjølkepris til Jæren og Trøndelag, er det eit tap fleire av oss er villige til å ta for å fortsette med vårt driftsopplegg, seier Midlang.

– Kva om det betyr kroken på døra for meieriet på Byrkjelo?

– Alle ønsker å halde på sitt lokale meieri – me har jo vårt her i Vik. Men sånn generelt meiner eg det er betre å effektivisere på meierisida – sjølv om det betyr meir transport, enn å tvinge produsentar til å gjere endringar som fører til avvikling. Kjem det til eit punkt kor eg må velje, vil eg velje fjellbeitet framfor å behalde meieriet, seier Midlang.

Han minner om at konsekvensane av å ta Dagros ned frå fjellbeite også har ei omdømmeside.

– Forbrukaren er meir opptekne av at bøndene nyttar fjell- og utmarksbeite enn av å ta vare på dei lokale meieria. Vårt mandat frå Stortinget og eit tverrpolitisk fleirtal bygger på at me nyttar utmarksressursane. Tine sin strategi for å auke sommarmjølk på Vestlandet kan føre til det motsette, åtvarar bonden.

Han viser til at det er tverrpolitisk vilje til å stimulere økonomisk til auka beitebruk, spesielt i utmark. I praksis betyr det at kostnaden ved å velje vekk sommarmjølk langt på veg vert kompensert for gjennom auka tilskot til beiting i utmark.

Å ikkje bli høyrt

I ei ideell verd skal bøndene respondere på pris og Tine skal få mjølka si til rett tid. Når bøndene i enkelte område på Vestlandet ikkje har gjort det, betyr det at dei ser andre verdiar som viktigare enn pris i denne samanheng.

– Tine må sjølvsagt bruke pris som verkemiddel og betale godt for sommarmjølk, men dei må samstundes akseptere at andre vel annleis, seier Midlang.

Bonden frå Vik meiner at dei tiltaka som no er sett i verk vitnar om at leiinga langt på veg ikkje har forstått dei naturgitte føresetnadane som bøndene i Indre Sogn prøver å tilpasse seg. Han er uroa for at fleire vil gje etter for presset og slutte som mjølkebønder, medan andre til slutt blir tvinga til å slutte med fjellbeite.

– At driftsforma vår ikkje blir støtta av Tine, når både Stortinget og forbrukaren forventar fjellbeite, er eigentleg det verste med det som no skjer.

Stikkord denne saka: , ,