Lever av liten gard: Elin og Leif John Haugstad driv gard på Jæren. 40.000 i mjølkekvote og 1450 avlstisper sikrar arbeid og grei løn til begge to. Dei treng minst 5 millionar kroner frå Staten for å kunna manøvrera vidare dersom det kjem eit forbod mot pelsdyrhald.

Pelsdyrbøndene fortvilar over den moglege erstatninga som blir føreslege i høyringsutkastet til lova om avvikling av pelsdyrnæringa. – Statsråd Hoksrud tar ikkje ansvar, seier Leif John Haugstad.

Sjur Håland

– Dette er ei uverdig langpining av folk som ligg nede. Eg les høyringsutkastet som om at styresmaktene prøver å koma frå nedlegginga av pelsdyrnæringa med så lite utgifter som råd, seier Haugstad.

365 millionar

Kva er verdien på to arbeidsplassar, ein heim og eit strigla produksjonsapparat med 1450 minktisper? Regjeringa legg opp til ein samla kompensasjon til pelsdyrnæringa på 365 millionar kroner til fordeling på kring 200 pelsdyrbruk. Det er eit godt stykke frå 2,3 milliardar kroner, som er anslaget frå pelsdyrnæringa, basert på tal frå Oslo Economics og Samfunnsøkonomisk Analyse.
Garden til Elin og Leif John Haugstad ligg på Haugland på Vigrestad i Hå. Etter at dei selde huset i byggefeltet og tok over garden frå ein sambygding i 2014, har dei strevd med glede i arbeidet for å bygga seg ei framtid som bønder. Dyrka jord og beite var i ei dårleg forfatning. Det same galdt bygningane. Dei to hadde ei formidabel oppgåve.

Levebrød for to

– Me har renovert eigedomen, bygd nytt våningshus og etablert ein minkfarm. Det har vore mykje strev, men det har vore meiningsfylt. Me skaffa oss eit levebrød for to. No kjem staten inn og øydelegg alt for oss, seier Leif John, og får eit stadfestande nikk frå Elin.

Gardsbruket er lite. Av arealet på 100 mål, er 30 mål dyrka. I fjøset er det plass til ti kyr. Mjølkekvoten er på 40.000 liter. Kyrne utløyser ein del i tilskott, og mjølkeoppgjeret bidreg til at det kjem inn jamlege beløp på kontoen. Men det er pelsdyrproduksjonen som er bærebjelken på garden.

– Sjølv i inneverande år, som er eit år med dårlege prisar, syner rekneskapen hjå Elin og Leif John at pelsdyrproduksjonen kjem til å utgjera to tredjedelar av næringsgrunnlaget, illustrerer Asbjørn Voll frå Hå Rekneskapslag, som møter dei to bøndene saman med Bondevennen.

Fell i grus

Mykje tyder på at bærebjelken forsvinn, noko dei to alt har byrja å ta høgd for. I år har dei for første gong ikkje kjøpt inn nye avlsdyr for å bygga opp kvaliteten på dyra.

– Framtidsplanane fell rett og slett i grus. Eg har gått på jordbruksskule og satsa på garden. Me skulle investert i meir mjølkekvote og rusta driftsbygningen for lausdriftskravet på ein fornuftig måte. Det kan me berre gløyma, seier Leif John.

365 millionar delt på kring 200 pelsdyrbruk blir småpengar i høve til dei reelle kostnadane med avvikling, i følgje dei to bøndene.

– I høyringsforslaget er det sett av 50 millionar kroner til riving. Det har eg rekna til å bli 160.000 kroner hjå oss. For det beløpet skal huset vaskast grundig, betongen skal meislast og stålet plukkast ut, medan treverk og bur skal rivast og skiljast før alt skal destruerast på lovleg vis. Dette heng sjølvsagt ikkje i hop, seier han.

Milliongjeld

Minkhuset frå 2013 har plass til 1450 avlstisper. Med stor eigeninnsats i botn, er restgjelda etter investering i bygning, utstyr og dyr no på tre millionar kroner.

– Dette er eit kjerneeksempel på ein liten gard kor det har vore mogleg å skapa to arbeidsplassar med grei inntekt. Bøndene på denne garden er dyktige og legg sjela i arbeidet. At det nå ser ut til å koma eit forbod der erstatningsbeløpet ikkje ein gong dekker gjelda, er horribelt, seier Voll.

Hå Rekneskapslag fører rekneskapen for ti minkfarmar i Hå kommune. Voll held fram at det bør takast takst på den einskilde garden, for å få fram det reelle tapet eit forbod mot pelsdyrhald vil få.

– Då hadde det blitt nett som ei ekspropriasjonssak. Det finns takstfolk som kan dette. Om styresmaktene verkeleg vil leggja ned ei så oppegåande næring som dette, må dei gjera skikkeleg opp for seg, meiner han.

Ikkje alternativ

Kva som trengs i kroner og øre for å erstatta inntektstapet og to tredjedelar av livsgrunnlaget, har ikkje Elin og Leif John klart svar på. Det dei veit er at garden ikkje er stor nok, og at marknaden ikkje har plass til meir egg, slaktekylling, svin eller sau. Å bruke huset til anna, er lite aktuelt. Leif John fnys av enkelte forslag som handlar om blomar i veksthus, soppdyrking i kaffigrut eller vindruer.

– Bygningen er konstruert for mink. Han kan ikkje brukast til anna. Innreiinga er ein del av konstruksjonen, forklarer han.

– Eg vil heller ha tre millionar kroner i gjeld enn å miste arbeidet. Eg er glad i dyr, det er pelsdyrproduksjon eg og Leif John har satsa på. Utdanning i andre yrkje har eg ikkje, det er dette eg vil, seier Elin.

Inntekt til to

Elin og Leif John er viljuge til å syna fram nokre av tala, for å illustrera kva verdiar pelsdyrproduksjonen på garden representerer. Mjølkekuproduksjonen gir eit årleg overskot på 230.000 kroner. I år vil pelsdyrproduksjonen truleg enda på eit overskot på 430.000 kroner (eit godt resultat i lys av dei låge skinnprisane). Om ein reknar eit snitt basert på år med gode og dårlege skinnprisar, gir pelsdyrproduksjonen eit årleg overskot på rundt ein million kroner. Eit beløp som skal brukast til renter, avdrag og løn til dei to bøndene.

– Om me ikkje tar for godt i, kan me seia at for å dekka restgjelda på tre millionar kroner og to års inntekt til å dekka omskulering og turvande investeringar i kufjøset, som me elles ville finansiert med minken, vil minstebeløpet me treng som ein konsekvens av forbodet vera fem millionar kroner, seier dei to.

Pelsdyrfarmane er både arbeidsplassar og heimar for bøndene, Asbjørn Voll erfarer at forbodet som ser ut til å koma, skapar store bekymringar også utanom rekneskapa.

– Eg går nok i mi eiga boble og grublar mykje av dagane, innrømmer Leif John.

– Har de håp om å få kompensert for slike påkjenningar?

– Nei, slikt finns det nok ikkje dekkande tal for, seier dei to.

Vil eventuelt justere forslaget

Bondevennen har vært i kontakt med Landbruks- og matminister Bård Hoksrud, som svarer følgende i en e-post:
Landbruks- og matdepartementet har sendt forslag til lov om forbud mot hold av pelsdyr på høring. Med dette høringsforslaget følger regjeringen opp Jeløya-plattformen der det ble varslet at regjeringen ønsker å gjennomføre en styrt avvikling av pelsdyrnæringen.
For meg har det vært viktig å sikre god fremdrift i denne prosessen, for å sikre at de bøndene som nå lever med usikkerhet kan få nødvendige avklaringer raskest mulig. Flere pelsdyrbønder har vært tydelige på at disse avklaringene må raskt på plass. Og jeg har stor sympati med de bøndene som nå står i en vanskelig situasjon.
Høringsnotatet beskriver samtidig et forslag til en ordning for økonomisk kompensasjon til pelsdyroppdrettere som rammes av forbudet. Begrunnelsen for forslaget om kompensasjon og innretningen på ordningen er omtalt i høringsnotatet. Når høringsfristen er ute vil jeg vurdere alle høringsinnspillene og eventuelt justere forslaget. Etter dette vil regjeringen fremme saken for Stortinget som endelig må vedta dette.

Stikkord denne saka: , ,