BN+

Rom for fleire: Stadig fleire forbrukarar er opptekne av korleis maten er produsert, og er villig til å betale ein meirpris for lokal mat kjøpt direkte frå bonden. Illustrasjonsfoto: Nynke van Schaik, Myrdal Gard på Tysnes.


Drøymer du om å starte ein ny produksjon eller næring på bruket, er det ingen grunn til å sitte på gjerdet. Kundane får nemleg ikkje nok av lokal mat og opplevingar.


Liv Kristin Sola


– Produsentane klarer ikkje dekke etterspurnaden i marknaden. Folk vil ha lokal mat, uansett, og er villig til å betale ein god pris, seier Ester Helland, økonomirådgivar hjå Norsk Landbruksrådgiving Vest.


Tysdag i førre veke inviterte NLR til Næringsutviklingsdag på Statens Hus i Bergen. Ein kort presentasjon av dei tretti deltakarane frå heile Hordaland, fortel om stort mangfald i motivasjon og bakgrunn. Somme er her for inspirasjon, andre har konkrete planar for å legge om drifta eller starte ei ny næring på bruket.

Kort veg til kunden

Helland har merka seg spesielt tre områder kor interessa er aukande: Inn på tunet, gardsturisme og lokal matfordeling/gardsmat. Rådgivaren seier at mange produsentar opplever at dei tradisjonelle salskanalane ikkje i tilstrekkelig grad får fram kvaliteten, særpreget, og verdien av råvarene dei produserer. Eller at det ikkje er norske alternativ i dei lokale matbutikkane.


– Me høyrer ofte at det ikkje er lett å forstå kvifor me ikkje får norske lam i butikken, når me veit at det har vore overproduksjon og lager av lam på slakteria, seier Helland.


Nye og utradisjonelle marknader og møtepunkt mellom produsent og forbrukar, har gjort det lettare for bøndene å selje varene sine til ein skikkeleg pris, og for kundane å få tak i dei varene dei ønsker.


– I dagens situasjon kor me har meir enn nok av alt, er direkte sal eit godt alternativ til å auke innteninga utan å auke volum, seier Helland.


Ho fortel om små produsentar som mangedoblar innteninga ved å selje direkte til kunde. I tillegg handlar det om produsentar som har ei historie knytt til produktet sitt, eller som har spesielle rasar av storfe og sau, som ikkje passar inn i industrien. Noko av forklaringa til den raskt aukande interessa trur ho er knytt til stor merksemd rundt kjøtforbruk, klima og dyrevelferd. Forbrukarane er meir bevisst på kva dei et og korleis maten er produsert.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,