• Tre søsken Aarsland, Ellen Marie, Johan og Magnus. Alle tre har mønstra kalv sidan dei var små, og mønstrar nå både kyr og kviger.

 

 

– Eg har trent mykje heime, på asfalten. Gått rundt i ring, sa Oda Elise, som mønstra kua si 718 Aanestad Loader ICE, i Derbyklassen.

 

Tekst – Liv Kristin Sola

Foto – Kristin Søyland og Liv Kristin Sola

Resultater frå Ungdomsmønstring og Derbyklassen her.

 

Utanfor utstillingshallen jobbar Marie H. Brådlig iherdig med å vaska ku.

– Eg trudde eg hadde litt betre tid, men ungdomsmønstringa skal starta først, Marie vaskar ku, smiler og trur nok det skal gå greit å klargjera dei tre kyrne ho har med seg til Varhaug denne lørdagen i slutten av august. Ei av kyrne skal ho mønstra i ungdomsklassen.

Mønstring for ungdom

Denne klassa er ein tradisjon på kuustillinga på Jærmessa på Varhaug. Dei som mønstrar må ikkje vera eldre enn 25 år. Dyra dei mønstrar må vera eldre enn 6 månadar. Fleire av deltakarane i denne klassa, er erfarne mønstrarar. Dei er sju ungdommar i alderen 12 til 20 år. Konkurransen er hard, og konsentrasjonen er på topp.

I dette selskapet er det ikkje rom for å gjera elementære feil. Ungdommane blir bedt om å bytte ku. Dei tar utfordringa med å mønstre ei ukjend ku. Dommar Siv Hilde Rangen er sjølv erfaren mønstrar, og har mønstra kalv og ku i inn- og utland.

– Det er tett mellom dei, men det er nokre som utmerkar seg, seier Siv Hilde.

Ho får deltakarane til å stilla opp i ringen, og ber tre av dei om å ta nokre rundar til. Dei tre finalistane er Marie H. Brådli, Janni Kragh og Ellen Marie Aarsland. Til slutt er det Ellen Marie som kan jubla over seieren.

Derbyklasse

Nytt av året er ein Derbyklasse som Norsk Holstein har teke initiativ til. Ein konkurranse der eigaren vel ut ein kalv dei har tru på, basert på slektskap og avl. Kalven vert meld inn, og eigaren må betala ei avgift for påmelding. Pengane i potten, pluss eventuelle sponsormidlar, blir delt på eigarane av dei tre beste kyrne, etter to år når dei påmelde dyra får sin første kalv.

Årets Derbyklasse var den aller første. I år var det 3 av kalvane som var påmelde for to år sidan, som hadde kalva og kunne stille i konkurransen. Kyrne vart vurdert med poeng for kropp og jur, og rangerte. Vinnar vart kunr 1115 hjå Helland Holstein på Varhaug.

Til neste år er det påmeldt 7 kviger. Summen som ligg i potten blir fordelt med halvparten til vinnaren, rund 65-75 prosent av den andre halvparten til nummer to, og resten til tredjeplassen.

Målet er å auka interessa for avl og avlsplanlegging

– Me håper med denne konkurransen å stimulera til auka avlsinteresse og bevisstgjering rund val av okse. Her kan ein ikkje plukka den finaste kua i fjøset, og stilla den i konkurransen. Planlegginga må gjerast på førehand. Bøndene må vera nøye med val av okse for å finna den dei trur passar best til den aktuelle kua, for å få den kalven dei ønskjer, seier Sigmund Rangen.

Det er ikkje store summar for melda på ein kalv. Målet er heller ikkje å oppnå dei store utbetalingane, men det er ein ekstra motivasjon og gimmik. Norsk Holstein håper at denne konkurransen skal verta eit interessant supplement til den tradisjonelle kuustillinga, i åra som kjem.

 

Stikkord denne saka: , ,