Karina Sinnes

 

Unge naturbrukselevar lærer mykje av å forlata klasserommet.

Karina Sinnes, Naturbrukselev

 

Korleis fungerer arbeidslivet? Kva yrke skal eg velja? Eg heiter Karina Sinnes og er elev ved Øksnevad VGS på Jæren. I førre veke fekk medelevane mine i andre klasse Landbruk og Gartnarnæring prøve seg ute i «det verkelege livet». Det same gjorde elevane ved KVS Lyngdal på Sørlandet. Sjølv var eg i praksis her, i Bondevennen. Eg intervjua nokre av medelevane mine om korleis dei opplevde veka utanfor klasserommet. Det verkar som om dei stortreivst!

Dina Kristin Heigre

17 år, Øksnevad VGS

Kor? Dyrlege Tone Runhild Skadsem, Voll i Rogaland

– Kvifor ville du hit?

– For å læra meir om sjukdommar. Eg vil sjå det me lærer på skulen i praksis.

– Kva gjer du?

– Me besøkjer gardar og utfører drektighetskontroll, avhorning og vaksinering.

– Kva tek du med deg vidare?

– Eg har lært å sjå sjukdomsteikn. No kan eg lettare forklare meg til ein dyrlege, dersom me sjølv har eit sjukt dyr på garden. Eg har lært kva som er grunnen til at sjukdommane oppstår og korleis ein behandlar dei. Eg vart inspirertav å sjå fjosa, korleis dei ulike bøndene har det, og dei ulike løysningane dei har valt.

– Kvifor er utplassering viktig?

– For å sjå ting frå andre sitt perspektiv. Det er òg eit fint avbrekk frå skulekvardagen, og me får praksis.

Steinar Kjosavik

18 år, KVS Lyngdal

Kor? Dyrlege Sveinung Haukalid, Sandnes

– Kvifor ville du hit?

– Eg ville ha betre innblikk i korleis det er å vera dyrlege.

– Kva gjer du?

– Me reiser rundt på bygda og driv rådgjeving til bøndene. Eg har vore med på behandling av klauvsjukdommar og avhorning. Dyrlegen har også eigen smådyrklinikk, så då får eg lære litt, der og.

– Kva har du lært?

– Eg har lært om ulike sjukdommar og sjukdomsteikn på dyr, om kva det inneber å vera dyrlege, og om kor lite ein dyrlege får planlegge dagen.

– Kvifor er utplassering viktig?

– For at du får prøve deg i praksis, for å sjå kva du vil bli.

Tone Nygaard Tjessem

17 år, Øksnevad VGS

Kor? NMBU (Norges miljø– og biovitenskapelige universitet) Veterinærhøgskolen, Seksjon for småfeforskning, Sandnes

– Kvifor ville du til NMBU?

– Eg valte denne staden for å få nye erfaringar. Særleg forsøka dei gjer her er interessante.

– Kva gjer du?

– Eg er med å steller i fjøset. Eg har også vore med på forsøk der dei slakta ni sauer og tok ut livmora for undersøkje den. Ein dag var eg òg med på obduksjon av ein sau.

– Kva tek du med deg vidare?

– Lærdom som eg kan bruke på heimegarden min. Eg får inspirasjon og nye impulsar til korleis ein kan drive gard. Forsøka her gjer at eg ser korleis ting heng saman.

– Kvifor er utplassering viktig?

– For å sjå korleis det er andre stadar. Me lærer å ta ansvar, og blir meir udadvente. Mange av oss må ut av komfortsonen. Det er opnar òg opp for jobbmoglegheiter etter skulen.

Amalie Tollefsen

17 år, KVS Lyngdal

Kor? Agder Linjerydding, Gyland, Vest Agder

Kvifor ville du hit?

– Eg går på landbruksskule, me har mykje om skog i undervisninga. Eg likar å gjere ting så har med skog å gjere.

– Kva gjer du?

– Eg lærer mykje om bedriftsleiing. Ein typisk dag består likevel mest av å skru på motorsager. Eg kan ikkje vera med på linjearbeidet sidan eg er under 18. Eg held på å ta maskinførerbevis, og eg får nokre av dei obligatoriske timane eg treng på kvar maskin her.

– Kva lærer du?

– Eg lærer om kva bedrifta gjer. Samstundes får eg tips og lærer triks om motorsag .

– Kvifor er utplassering viktig?

– Du lærer mykje om arbeidslivet og det gir deg ein peikepinn om kva arbeid du bør velje.

Emma Oline Mellemstrand

17 år, Øksnevad VGS

Kor? NMBU Veterinærhøgskolen Seksjon for småfeforskning, avd. labratorium, Sandnes

– Kvifor ville du hit?

– Eg vil bli dyrlege, då er dette relevant.

– Kva gjer du?

– Eg set opp salmonella-prøvar, er med på obduksjon, pipettere blod, (sjekkar for sjukdom) og tar MRSA-prøvar.

– Kva tar du med deg herifrå?

– Under obduksjonen lærer eg mykje om organa. Eg lærer også om kva eg skal sjå etter under dei forskjellige observasjonane, om sjukdommar og om korleis eg skal setje opp prøvar. Til dømes har eg fått med med løpet frå me får inn MRSA– og salmonella-prøvane til me finn ut om den er positiv eller negativ.

– Kvifor er utplassering viktig?

– For å prøva ut det du har lyst til å studera, så du veit kva du går til. Det er òg godt å koma seg litt frå skulen. Me har godt av å prøve det verkelege arbeidslivet.

Joakim Strømstad Vassbø

17 år, Øksnevad VGS

Kor? Bjordal sauedrift i Ørsdalen, Rogaland

– Kvifor ville du hit?

– Eg har alltid hatt stor interesse for sau, og så er det kjekt fordi bonden her har heile 400 vinterfora sau.

– Kva gjer du?

– Eg har spikra grinder og montert drikkeniplar, i tillegg til vanleg fjøsarbeid.

– Kva har du lært?

– Eg har lært meir om sau og sett korleis bonden her gjer ting på ein annan måte ein heime.

– Kvifor er utplassering viktig?

– Fordi me får sjå og lære nye ting, og gjera ting på nye måtar. Det er også eit praktisk avbrekk frå teorien på skulen.

Ole Henrik Birkeland

17 år, KVS Lyngdal

Kor? Birkeland Samdrift DA, Sauda

– Kvifor ville du hit?

– Eg har lyst til å bli bonde, dette samsvarar dette fint med det målet.

– Kva gjer du?

– Eg er ute i skogen. Feller trer og vinsjar. Eg er og med å steller dyra og køyrer maskinane på garden.

– Kva tek du med deg vidare?

– Eg lærer mykje nytt om skog, og har betra kunnskapen om felling av tre.

– Kvifor er utplassering viktig?

– Det er ein godt høve til å koma seg rundt omkring og til å sjå noko nytt.

Leif Arne Håland

18 år, Øksnevad VGS

Kor? Felleskjøpet Stamsædgarden, Klepp

Kvifor ville du hit?

– Det var nærme heime. Eg har og alltid vore nysgjerrig på kva dei gjorde her på Stamsædgarden og eg håpa å få kunne lære mykje nytt.

Kva gjer du?

– Eg er med i fjoset oggjer alt som må gjerast på ein gard. Eg har køyrt traktor og greve grøfter.

Kva lærer du her?

– Det er viktig å sjå korleis dei gjer det andre stadar og så får eg vera med forskjellige personar – då lærar eg på ulike måtar.

Kvifor utplassering viktig?

– Det er viktig med praksis andre stadar ein på skulen og heime. Det er også bra for å læra om korleis arbeidslivet er i forhold til skulen.

Stikkord denne saka: , , ,