Meir: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad frå KrF vil ha meir grønsaksdyrking på norske jorder, men erkjenner at det er problematisk at ikkje nye produsentar får innpass i marknaden.

Statsråd Bollestad vil ha auka grøntsatsing. Men nålauga for nye produsentar er svært lite, i følgje Laurits Stokkeland.

Sjur Håland

Gulrothaustinga er i full gang på Bru Gard på Brusand i Hå. Dei snorbeine rekkene vart sådde i tida mellom februar og juni. 600 dekar gulrot vil, når siste åkeren blir hausta i oktober, utgjera 2.500 tonn med salsvare. Den norske sjølvforsyningsgrada for frukt og grønt utgjer kring 50 prosent. Trass ver, vind og avgrensa vekstsesong her på berget; det er plass til meir norskproduserte bær, frukt og grønsaker i norske forbrukarmagar.

Les også: Pelsdyrbonde får ikkje kontrakt

– Men det hjelper lite å argumentera for meir produksjon av frukt og grønt dersom ikkje forbrukarane et meir. Eg vil at helseministeren kjem på banen og argumenterer for auka forbruk, seier Stokkeland, og set tennene i ei fersk gulrot.

Kan dyrka meir

Stokkeland, som er ein av Norges største gulrotprodusentar, trur likevel at det kan dyrkast meir av dei tradisjonelle lagringsgrønsakane, som gulrot, kålrot, lauk og raudbete.

– Desse varene bør me vera tilnærma sjølvforsynte med gjennom heile året, seier han. – Faktisk løner det seg å produsera litt i overkant og omdisponera det som ikkje blir brukt til menneskemat. Alternativet er importvarer, som gjerne blir liggande over tid, og som hindrar butikkane i å ta inn ferske norske varer når dei kjem på marknaden att.

Grossistane i den norske butikkmarknaden er Bama og Coop, saman med ein mindre aktør, Norfresh.

– Er talet grossistar ein gunstig situasjon for potensielle nye produsentar som vil inn i marknaden med frukt og bær?

– Jorda me står på her, som eg leiger i år, kan illustrere svaret på spørsmålet. Bonden som eig jorda får ein kald skulder frå grossistane, når han spør om å få kontrakt og byrja å produsera grønsaker. Problemet er at det ikkje er behov for meir varer. Nålauga for å koma inn som ny produsent i grøntsektoren er svært lite. Ikkje minst her i Rogaland kor me produsentar som alt er etablerte, har problem med å selja varene våre ut or distriktet.

På «håve inn»

Bollestad erfarer også at å etablera seg som tradisjonell grønsaksprodusent er vanskeleg.

– Me ser at mindre produsentar utan avtalar har problem med å koma inn i marknaden, seier ho.

Landbruks- og matministeren vil «på håve» inn i problemstillingane.

– Skal me auka grøntproduksjonen, må me vera trygge på at det finns avsetnad på produkta. Folk må eta meir, og gjerne vera viljuge til å betala meir for norskproduserte varer. Norske ressursar inneberer ein kortare vekstsesong. Å få innpass med desse varene i rett tid er ei stor utfordring.

Jordbruksoppgjeret i 2019 legg opp til ei særskilt satsing i grøntsektoren. I mars 2020 skal eit rådgjevande utval leggja fram ein plan for innovasjon, auka vekst og meir norskproduserte grønsaker.

– Me kan dyrka meir, og må leggja til rette for større mangfald og fleire mindre produsentar. Det er ikkje greitt å ha ein ambisjon om å auke norsk produksjon av frukt og grønt medan det sit kongar på haugen som ikkje greier eller vil ta i mot nye produsentar, seier Bollestad.

Stikkord denne saka: , ,