Ikkje rom for nyetableringar: – Ytterlegare nyetableringar av eggproduksjon nå vil resultere i overproduksjon og svak økonomi for eggprodusentane i lang tid framover, seier Ole Nikolai Skulberg.

– Det kjem ein overproduksjon av egg, og den kjem fort, åtvarar Ole Nikolai Skulberg i Nortura Totalmarked.

Liv Kristin Sola

Ole Nikolai Skulberg, direktør Nortura Totalmarked kjøtt og egg.

Ferske tal frå Totalmarked kjøtt og egg  viser eit venta overskot av egg i 2019. Nortura ber no bønder om å avvente situasjonen og ikkje satse på nyetableringar i eggproduksjonen. Det seier Ole Nikolai Skulberg, direktør for Nortura Totalmarked.

Prognosen for november viser stort overskot av egg og at vi er nær marknadsdekning for storfe, trass tørke og nedslakting. Med bakgrunn i historisk høge klekketall går vi nå inn i ein periode med overproduksjon av egg. Prognosen viser eit foreløpig overskot på 2000 tonn.

– Ytterlegare nyetableringar av eggproduksjon nå vil resultere i overproduksjon og svak økonomi for eggprodusentane i lang tid framover, seier Skulberg.

Satsinga på auka produksjon av storfekjøt har gitt resultat. Tørken i sommar gjorde at det er slaktet 7000-8000 fleire storfe, noko som gir ein liten nedgang i produksjonen i 2019. Men prognosen viser at vi berre er 5000 tonn under marknadsdekning.

– Utfordringa når det gjeld storfe er at vi er inne i ein trend der produksjonen aukar samtidig som salet går tilbake. Med bakgrunn i søknadar som Innovasjon Norge allereie har løyva, er det i praksis ikkje særlig rom for nyetableringar innanfor strofe nå, seier Skulberg.

Produksjon Tilførsler tonn endring Import-kvoter Engrossalg tonn endring Markeds-balanse
Storfe/kalv 84 800 – 4 % 9 170 1) 98 900  – 0 % – 4 900
Sau/lam 23 800 – 9 %  906 2) 25 000  – 2 % –  300
Gris 134 200 – 3 % 1 800 3) 133 500  – 1 % + 2 500
Egg   65 900 + 3 %    290 4) 64 300 + 1 %  + 2.000
  1. For storfe er det inkludert en antatt SACU-import av 4.921 tonn storfekjøtt m/ben, WTO-kvoten på 1084 tonn, EU-kvote på 2.500 tonn (1.300 tonn i 2018) og GSP-kvote på 665 tonn biffer og fileter (omregnet til storfekjøtt m/ben). 
  2. Importen inkluderer WTO-kvoten på 206 tonn, import av 600 tonn fra Island (350 tonn i 2018) og 100 tonn SACU m/ben.
  3. Importen inkluderer spekk (750 tonn), WTO-import på 150 tonn (av kvoten på 1.381 tonn) og EU-kvote på 900 tonn (675 tonn i 2018).
  4. Forutsetter i prognosen inntak av EU-kvoten på 290 tonn egg.

Kilde: www.totalmarked.no

Bjørn Tore Hansen, direktør Nortura egg.

Stor pågang

– Aldri før har vi sett ein så rask auke i klekketal frå ein periode til den neste, som det vi er vitne til no, seier Bjørn Tore Hansen, direktør Nortura egg, til Bondevennen.

Så langt Nortura kjenner til, er det 10 til 12 nye prosjekt under planlegging som vil kome i produksjon i løpet av komande år.

– Det utgjer eit ekstra volum på 1500 tonn egg, som vil legge seg på toppen av eksisterande venta overskot på 2000 tonn. I verste fall kan vi oppleve eit overskot opp mot 3500 tonn i løpet av 2020, seier Hansen.

Årsaka til den store interessa trur han heng saman med at egg har vore den einaste produksjonen med handlingsrom for produsentar som ønsker å auke verdiskapinga på garden.

– Vi har nådd eit tak for alle husdyrproduksjonar og vi har gitt tydelege signal om at det ikkje er behov for nyetableringar innanfor gris og småfe. På storfe er vi svært nær marknadsdekning. Kyllingprodusentar må ha leveringsavtale. Dermed har egg vore den einaste produksjonen med rom for nyetablering, seier Hansen.

Rask auke: Direktør for Nortura egg, Bjørn Tore Hansen, melder om raskt aukande klekketal og åtvarar mot overproduksjon av egg.

Reguleringstiltak

Situasjonen for eggprodusentane har vore stabil i seinare tid. Statistisk sett er det rom for inntil fem nye bruk for å ta unna befolkningsvekst og vekst i forbruk og eventuelle avviklingar. Ein svak auke i produksjon har vore handtert med produktutvikling og tiltak for å auka forbruket av egg.

– Ein auke på 6-800 tonn klarer marknaden å ta unna. Men slik det skjer no vil det ta fem til seks år før vi klarer å balansere og få ein stabil marknad, seier Hansen.

– Nortura har i dag gode verkemiddel for å handtere nyetableringar og regulere produksjonen. Men ved så store volum som vi no snakkar om, må vi ta i bruk prisregulering og førtidsslakt som igjen fører til auka omsetningsavgift, meiner Hansen.

Han lover samstundes at Nortura vil gjere sitt til å auke forbruket av egg, og minner om at nordmenn et færre egg enn våre nordiske naboar.

– Forbruket har auka med seks egg per person per år i løpet av dei siste par åra, men vi har framleis mykje å gå på, seier Hansen.

Store volum

600 eggprodusentar produserer 63.800 tonn egg per år. 400 produsentar leverer til Nortura. Dei resterande leverer til større offentleg godkjende pakkeri som også er ein del av marknadsordninga. Konsesjonsgrensa er på 7500 høns. Høna er i produksjon frå ho er 20 veker og eit innsett er normalt 58 veker. Produksjon per innsett er mellom 165 til 170 tonn, noko som utgjer om lag 150 tonn per år. Ti nyetableringar svarar dermed til eit volum på 1500 tonn per år.

 

Omlegging og nyetableringar

Nortura har ingen vedtak på å avvikle miljøbur, slik det er hevda i enkelte media, men har vald å likestille produksjonsformane. Likevel må selskapet til ei kvar tid tilpasse produksjonen til det marknaden ønsker.

Selskapet har gjort avtale med 124 av sine produsentar om omlegging frå miljøbur til frittgåande fram mot 2021. Produsentane får eit omstillingstilskot på ei krone per kilo på sine to første innsett etter omlegging. Det utgjer om lag 340.000 i ekstra tilført kapital.

I tillegg får dei auka avrekningspris med differansen mellom egg frå frittgåande og miljøbur. Eit tillegg på kroner 2,20 per kilo. Omstillingstilskotet er eit spleiselag mellom Nortura, daglegvarehandelen og industrien. Nortura har fremdeles 45 bruk att som per i dag ikkje har tatt stilling til omstilling til frittgåande system.

Tilskot til omlegging

Marknaden for miljøegg er skrumpa inn og er svært avgrensa. Hansen trur det på sikt berre vil bli etterspurt egg frå frittgåande og økologiske produksjonar.

– Mykje tyder på at aktørane i daglegvarehandelen vil krevje at alle varer som inneheld egg, alt frå majones, salatar, supper og vidare, skal vere egg frå frittgåande system, seier Hansen.

Med få unntak er dei fleste hønsehusa av nyare dato etter omlegginga i 2012.

– Det er heilt naturleg at produsentar som ikkje ønsker å bygge om, vil halde fram å produsere for å få avsetnad på investert kapital så lenge som mogleg, seier Hansen.

Han håper Innovasjon Norge vil vere restriktive og avstå frå å gi tilskot til nye bruk på kort og mellomlang sikt.

– Tilskot bør prioriterast til eksisterande bygg som kan omstillast til frittgåande og økologi.

Konsekvensen av overproduksjon

– Kva skal ein ung bonde som overtar eit mindre bruk, gjere for å utvikle produksjonen og auke verdiskapinga på bruket?

– Tja…., seier Hansen og drar på svaret.

– Eg må seie at eg har dessverre ikkje noko godt råd. Vedkommande må i alle fall ikkje starte med eggproduksjon om god økonomi er eit mål. Dei neste to-tre åra bør det ikkje kome til fleire produsentar. Interesserte bør avvente nokre år og sjå korleis ting utviklar seg. Vi må klare å få stabilisert marknaden og etablere marknadsretta tiltak som fungerer, vslutter Hansen.

Berre to nyetableringar støtta av IN

Til eggproduksjon har Innovasjon Norge løyva tilskot til 12 prosjekt i 2017 og 25 prosjekt så langt i 2018, skriv Astrid Øversveen, seniorrådgivar i Innovasjon Norge, i ein e-post til Bondevennen. Prosjekta fordeler seg på 12 fylke, der verken Vest-Agder, Rogaland, Hordaland eller Sogn og Fjordane er inkludert.

– Berre to av sakene gjeld nyetableringar. Tre skal utvide produksjonen marginalt, medan dei resterande får midlar til utbetring av eksisterande bygg, dei fleste for å tilfredsstille krav frå styresmaktene, skriv Øversveen.

Stikkord denne saka: , ,