Framtidsbønder:
Bak, frå venstre: Sivert Johan Lid, Mathias Garnes, Håvard Sleen, Magnus
William Mjaavatten, Andreas Hallanger Bø, Peik Markhus, Simon Helge Robertsen.
I midten frå venstre: Siri Nordgård, Miranda Klausen Troy, Madelene Andrea Isabell Skråmestø Berland.
Framme frå venstre: Lotte Framholt Nævdal, Silje Svartveit Osmundsen, Amalie Rogde.

Kva inneber det å vera bonde på Vestlandet om 50 år? Landbrukselevane ved Voss vidaregåande skule gir deg nokre hint.

Elevar på vg3 landbruk, Voss vidaregåande skule

Me er elevar på vg3 landbruk ved Voss vidaregåande skule. Nokre av oss kjem frå gardar som me seinare vil overta. Andre tek utdanning utifrå interesse. Nokre vil gå vidare til høgare utdanning. Me utgjer med andre ord ei blanda gruppe av ungdom frå bygd og by.

Me vil presentera eit framtidsbilete av korleis me trur landbruket vil sjå ut om 50 år. Som utgangspunkt reiser me nesten 50 år tilbake i tid, til 1970-talet. Landbruket på 1970-talet var prega av små gardar med ulike produksjonar. Utstyret var simplare. Mykje måtte gjerast med handkraft, og å driva gard var meir verdsett. No har me større maskiner, GPS og meir fokus på større gardar. Sjå for deg å starta opp din eigen gard om 50 år. Med tanke på klima, teknologi og forbetra produksjon, korleis vil den sjå ut?

Nye, reinare drivstoff

Ein ressurs mange har mykje av på gardane sine i Noreg, er vatn. Om 50 år trur me det vil vere meir vanleg at gardar er sjølvforsynte med straum, deriblant frå vasskraft. Noko anna bonden kan bruke dette vatnet til er å lage gass. Om du tilfører vibrasjonar til eit lukka kammer med vatn, spaltar du hydrogen frå oksygen og lagar ein gass som du kan bruke til mange ting, nemleg hydrogengass. Tenner du på den, så brenn den. Du kan òg få ein eksplosjon og slik gjere det mogleg å lage ein motor driven av hydrogengass. Utvikling av hydrogengass som drivstoff er under utvikling og har potensial til å bli svært vellukka. Å bygge om landbruksmaskiner slik at dei går på vatn kan vere både økonomisk og miljøvennleg. Dronar drivne av hydrogengass kan også bli vanlegare å sjå i framtida. Desse er utvikla til å blant anna flytte møkkaslangar, som vil hindre eit stort marktrykk frå traktorar.

Meir metan

Metangass frå drøvtyggjarar kjem til å bli meir relevant i framtida. Den er mindre farleg og eksplosiv enn hydrogengass. Metan kan bønder sjølv produsere, om dei har ein lukka møkkakumme som dei kan pumpe ut gassen frå. New Holland har alt kome med ein traktor som går på metan. I tillegg forskar selskapet på ein traktor som skal gå på hydrogen. Den er basert på ein New Holland t6000-modell og blir kalla NH2. Målet er å kutta ned på fossilt brensel i landbruket.

Kukraft

Nokon som satsar på gass frå møkk er Tine. Kumøkka blir blanda med hushaldningsavfall og metangassen frå blandinga kan nyttast til biogass. Innan 2022 skal minst 100 av Tine sine bilar gå på biogass frå kumøkk. Alt i dag reklamerer Tine med at to av bilane deira går på kukraft. Om 50 år, kan kanskje alle Tine bilar gjere det? Ved at Tine brukar denne teknologien reduserer samvirket klimagassutsleppet med 4,3 tonn CO2 per ku per år.

Lette maskiner og fiks teknologi

Norske bønder er allereie langt framme med robot-teknologi. Kvar tredje liter norsk mjølk er mjølka med mjølkerobot. No gjer robotane også sitt inntog på jordene. Ei gruppe studentar ved Norges miljø- og biovitenskaplege universitet NMBU, har utvikla ein robot som har fått namnet Thorvald. Han kan pløye, gjødsle, så, luke og hauste heilt av seg sjølv, 24 timer i døgnet. Thorvald er fossilfri og veg ein brøkdel av det traktoren gjer. Den låge vekta gjer at Thorvald unngår jordpakking, som er ei av dei største utfordringane med traktoren. Vekta blir òg viktig når klimaendringane førar til meir nedbør og tunge landbruksmaskiner blir ubrukelege i gjørma. Målet er at alle robotar i framtidas landbruk skal gi større avlingar, redusere kostnadar og jordpakking, samt sørge for meir effektiv tidsbruk for bonden. Samstundes som klimagassutslepp blir redusert.

Lengre vekstsesong, men…

Husdyrproduksjon vil bli påverka av klimaendringane ved at dyra blir meir utsett for nye sjukdommar. Tilgangen på utmarksbeite kan bli dårlegare som følgje av attgroing, samtidig som fôrproduksjonen kan bli betre. Landbruket i dag har låge temperaturar og korte vekstsesongar, som set grenser for planteproduksjon. Høgare temperaturar kan forbetre vekstvilkåra og forlenge sesongen, men òg føre til fleire skadedyr og sjukdommar. Det vil og føre til auka nedbør og meir ekstremvêr i framtida. Store mengder nedbør med stor intensitet aukar faren for flaum og skred. Desse nedbørsepisodane kan føre til erosjon og avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel frå landbruksareal. Høgare temperatur kjem til å auka attgroing av skog og andre beiteområde.

Fleire øko-bruk

Om 50 år trur me at fleire gardar vil vere økologiske, fordi bonden ynskjer å betre jordkvaliteten og fordi det reduserer mengda av plantevernmiddel som ender opp i atmosfæren og grunnvatnet. Økologisk landbruk gjev ofte mindre avlingar, men gjer meir for å binde nitrogen og karbon i jorda. I framtida vil det framleis vere strenge reglar innan økologisk landbruk, men me trur det vil bli meir attraktivt for unge bønder å starte økologisk.

Auga opp!

Me har mange utfordringar framføre oss, spesielt innan klima og jordkvalitet. Det er mange måtar å fikse dette på, men det som er sikkert, er at noko må skje. For kva gjer me, dersom det skjer noko som trugar mattryggleiken vår? Har det norske landbruket noko å falle tilbake på?
Me ser føre oss ei lys og fin framtid i det norske landbruket, så lenge unge bønder opnar auga opp for meir berekraftig jordbruk og satsar på beitedyr.
Klassekameraten vår, Andreas Bø (19), seier det slik:

– Eg ser meg sjølv som ein glad og lykkeleg mjølkebonde som køyrer rundt i ein el-traktor. Eg vurderer å starte eit stølsbruk om sommaren, så kyrne kan beite og kose seg. Kanskje eg driv økologisk.

Andreas gler seg til å bli fullt utdanna agronom.

Stikkord denne saka: , ,