Samspel: Dei gamle sauerasane passar godt inn som beitedyr i kystlandskapet.

Er det på tide å bytte ut plastikk og syntetiske stoff med berekraftig ull og tekstilar som kan vare i generasjonar?

Liv Kristin Sola

– Eg har arva eit sølvfat etter min morfar. På fatet står det inngravert «1. premie for beste ullvær», seier Ellen Tjørnhom Bøe, ein av deltakarane på konferansen North Atlantic native Sheep and Wool (NANSW), på Revsnes Hotell i Byglandsfjord i Setesdal.

Les meir om Prosjektet NANSW her.

Bøe er formidlar på Arkeologisk museum i Stavanger og har vore oppteken av dei norrøne rasane i årevis. Her på konferansen er ho i godt selskap. Folk frå små og store land og øyar i heile Nord-Atlanteren har funne vegen til Setesdal.

For første gong på ni år er konferansen flytt frå havgapet til innlandet. Lidenskap for dei korthala sauerasane bringer deltakarane saman. Dei har ulike driftsmåtar, men felles utfordringar og felles mål om å løfte fram kvaliteten til dei hardføre gamle korthala sauerasane. Felles er  også den sterke viljen og engasjementet for å ta vare på det som er ekte og stadbunde, som dei meiner gir identitet.

Norsk ull må få verdi

Bøe vil ha kortreiste tekstilar til liks med kortreist mat. Bøndene må få betre betalt for ulla slik at det igjen kan bli stas å avle fram ein vær med kvalitetsull, meiner ho. For det handlar mykje om økonomi. 

– No får bonden mest ikkje betalt for ulla, og vi som vil kjøpe får ikkje tak i den. Norsk ull er utkonkurrert av import, og standarden for kva som er god kvalitet vert sett deretter, seier Bøe.

Ta med heim: Ingeborg Lura (t.h.) smilte breitt då ho fekk plukke den finaste ullfellen frå ein av spælsauene som vart klyppte under konferansen. F.v. Bjørg Minnesjord Solheim frå Telespinn og Ellen Tjørnhom Bøe, i midten. 

Ull-gal

Ingeborg Lura har vore ull-gal heile livet. No produsere ho sitt eige garn frå ulike sauerasar – og frå dottera og hennar svigermor sine mohairgeiter. Ho kjenner god ullkvalitet når ho får det mellom hendene, og er spesielt glad i ull frå dei gamle rasane, med underull og dekkull. Ingeborg meiner ull frå dei farga rasane har ein unik glans som du ikkje får hjå crossbred-sauen, og er ikkje samd i at den beste kvaliteten er den mjukaste, kvitaste ulla.

 

 

Praktisk: Ei handtein er lett å ha med seg på tur – og finst i mange variantar. 

 – Kvar rase har sitt særpreg. Kva kvalitet du er ute etter avheng av kva du skal bruke ulla til. Fint strikk heilt inntil kroppen krev éin kvalitet, medan grovare kvalitetar til teppe, interiør eller ytterplagg krev heilt andre kvalitetar, seier ho.

For å få tak i ull av god kvalitet, kontaktar ho bønder direkte. Då kan ho plukke sauen, og bonden veit korleis han skal klippa og sortere – og får betalt for varen.

Made in China

Mange av innleiarane på konferansen viser til ein stadig sterkare tendens til at folk vil attende til røtene. Dei vil ha det ekte, det rotfaste, som om dei søker ei historie dei er i ferd med å miste. For mykje handlar om identitet.

– Ingen reiser vel heim frå Island eller Shetland utan ein ullgenser laga av lokal ull, eller ein bunt med garn. Det må vi klare å få til også her til lands. Det er noko evigvarande norsk og stødig over sauen, noko vi vil identifisere oss med, seier Bøe.

– I staden byr vi turistane troll som er laga på Taiwan og strikkegenser med norsk mønster Made in China. Det er ei skam at turistane ikkje får tak i norsk ull og ullprodukt her til lands, seier Lura.

Sjølv har ho fått tilbud om å selje garnet sitt gjennom husflidbutikk, men provisjonen dei skal ha, gjer det uaktuelt med samarbeid.

Dekkull og botnull: Ellen Tjørnhom Bøe viser kor enkelt ein kan skilje botnulla frå dekkulla og stå att med to kvalitetar som kan nyttast til ulike ting.

Produktiv konferanse: Det klirra i strikkepinnar under konferansen i Setesdal. 

Snart medvind?

I ei tid kor landbruket vert utfordra på klima og volum, kan dei hardføre korthala rasane vise seg å vere eit godt supplement. Samstundes som regjeringa gjennom statsbudsjettet legg til rette for auka tollfri import av klede, inkludert pels, tek organisasjonen Framtiden i våre hender til orde for miljøavgift på nye klede. Vi høyrer også om bilverkstadar som byter ut syntetiske stoff med lanolin når bilane skal ha understellsbehandling.

– Det er eit paradoks at vi sit på kafé med avokadosalat og kaffe latte og diskuterer kjøtfrie dagar, seier Bøe.

Ull-entusiastane har likevel tru på at det vil skje ei endring. Ungdommen vil ha endring, og det er dei som skal drive dette framover.

– Me må slutte å kaste mat og vi må jobbe bevisst for å løfte fram det lokale, det kortreiste og bærekraftige – då blir sauen viktig, trur Bøe.

Smått er effektivt

I presentasjonen sin viste forfattar, bonde og leiar av Norsk Villsaulag, Hilde Buer, fram tal frå sauekontrollen. Tal frå 2018 viser at dei små rasane kjem dårlegare ut i avdrått målt i kilo per dyr, men er effektive produsentar om ein tek høgde for kroppsvekt. 

Avdrått målt i haustvekt, per para søye:
NKS 69,7 kilo.
Spælsau 64,5 kilo.
Gammalnorsk spæl 48,6 kilo.
Gammalnorsk sau (frå villsau-buskapen til Buer) 31,3 kilo.

Då Buer la fram tal for avdrått per kilo morvekt, vert tala annleis:
NKS 69,7 kilo/90 kilo = 0,77 kilo.
Moderne spælsau 64,5 kilo/75 kilo = 0,86 kilo.
Gammalnorsk spæl 48,6 kilo/60 kilo = 0,81 kilo
Villsau/gammalnorsk sau 30 kilo/35 kilo = 0,86 kilo.

Desse tala tyder på at dei små rasane er effektive produsentar når det kjem til utbytte. Buer understreka samstundes at innsatsfaktorane i form av kraftfôr til dømes, også er mindre for dei små rasane, og at kostnadane kan haldast på eit minimum.

Stikkord denne saka: , ,