Auke i lam til slakt: Samanlikna med same periode i fjor, har Nortura i år slakta 14 000 fleire lam i løpet av dei tre første vekene i sesongen. 83 prosent av lamma har oppnådd Stjernelamtillegg. Illustrasjonsfoto

Eit stort reguleringslager av sau gjer at Nortura oppmodar sauebønder til å levere fleire lam per sau som blir slakta.

Jane Brit Sande

– På lammekjøt er me i så godt som marknadsbalanse, men Nortura har kring 1000 tonn sauekjøt på reguleringslager frå i fjor, opplyser Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura.

– Derfor har me i år ei spesiell oppmoding til sauebønder om å redusere sau til slakt, seier han.

Sal til industri stupte

Det har vore ei positiv utvikling i forholdstalet mellom kilo slakta lam per kilo slakta sau. I 1996 var forholdstalet 2,5 kg lam per kg sau. Dei siste tre åra har forholdstalet vore fire kg lam per kg sau. No vil Nortura auke dette talet enda meir.

– Utviklinga har vore veldig god. Men i fjor vart teljedatoen endra, og talet på sau til slakt auka med heile 27 prosent, frå 117 000 slakta sau i 2016 til 153 000 i 2017, seier Avdem.

I 2014 og 2015 vart om lag 40 prosent av all sauen som Nortura slakta, seld som heile slakt til industrikundar. I 2016 og 2017 vart under 20 prosent av sauen seld som heile slakt til industrikundar.

Finn Avdem
Foto: Nortura

– Me kan rekne med at industrikundar med eiga slakting også opplevde auke på sau til slakt i fjor. Derfor selde Nortura mindre sau til denne kundegruppa. Dette er difor også ein viktig årsak til at me har mykje saueslakt på reguleringslager, forklarer Avdem.

Vurder kvar sau

Nortura oppmodar sauebønder til å gjere om på eigne rutinar for sau til slakt.

– I staden for å sende søyene til slakt etter ein fast tidsperiode, ber me no sauebønder vurdere søyene enkeltvis. Er det tvil, la tvilen kome søya til gode, seier Avdem.

– Sjekk kor mange kilo lam du slaktar per kilo sau, og tenk gjennom om det er mogleg å gjere noko med dette, seier han.

Avdem understreker at dette er ei oppmoding til sauebøndene.

– Ei eventuell motførestilling kan vere at søya blir for gammal, og at bonden får problem med meir sjukdom og lågare produksjon. Det er sjølvsagt ein uønskt situasjon. Spørsmålet er om det er mogleg å redusere påsettprosenten utan at dette skjer, seier han.

Ung sau og sau

Nortura melder også at ein del kundar ynskjer å kjøpe ung sau. Det er derfor ynskjeleg at bønder skil mellom ung sau og sau når dei melder inn dyra, slik at det blir lettare å finna kjøparar til desse sauene. «Ung sau» er, i følgje Animalia, sau mellom 12 og 30 månadar (hodyr) og mellom 12 og 18 månadar (hanndyr).

Vellukka satsing

I 2017 hadde Nortura ei vekst i salet av sau og lam på 10 prosent. Samvirket har brukt store ressursar på reklame, kampanjar, produktutvikling og rabattar. Salsveksten har vore etterlengta for sauebøndene, men overproduksjonen har kosta. Sauebøndene har opplevd ein prisnedgang på over 5 kr/kg på lam og 10 kr/kg på sau.

– Produktsatsingar som serien «Hverdagslam» har gitt vekst i salet av lammekjøt i periodane utanom sal av fårikålkjøt, pinnekjøt, og så vidare. Kvar veke går mellom ni og ti tonn «Hverdagslam»-produkt ut i butikkane, seier Avdem.

Sterk sesongstart

Lammesesongen starta for alvor i veke 32. I veke 32-34 har Nortura slakta vel 40 000 lam. I same tidsrom har det også vore mykje saueslakting – 12 400 sau og ung sau er slakta totalt. Samanlikna med same periode i fjor, er dette ei auke på 4000 sau.

– Det er slakta meir enn 14 000 fleire lam enn i same periode i fjor, stadfestar Avdem.

– Lammeslaktinga er langt større enn me rekna med. No prøver me så langt det er mogleg, å få alt som blir slakta ut i marknaden som ferske lam.

Som normalt, er det Rogaland som dominerer så tidleg i slaktesesongen.

– Slaktevekta ligg om lag eit halvt kilo lågare i snitt, i år enn i fjor. Gjennomsnittleg slaktevekt så langt i år er 19,3 kilo. Heile 83 prosent av lamma har oppnådd Stjernelamtillegg. Det er veldig bra. Sør- og Austlandet er sterkt råka av tørken, og mange bønder vil nok prøve å berge inn vinterfôr, noko som gjer at dyra får ein kortare periode på beite enn normalt. Då er det viktig med sluttfôring med kraftfôr, slik at ein ikkje går glipp av kvalitetstilskotet, seier Avdem.

 

Stikkord denne saka: , ,