Ole Magne Omdal, Fylkesmannen i Vest-Agder, hadde klare mål for andelslandbruk i Vest-Agder.

Ole Magne Omdal, Fylkesmannen i Vest-Agder, hadde klare mål for andelslandbruk i Vest-Agder.

Interessa for andelslandbruk peiker ei retning: Oppover. I Vest-Agder er det nyleg heldt tre møter om emnet, i Kristiansand, Lyngdal og Søgne. Alle tre stadene var interessa større enn venta.

 

Jane Brit Sande

 

Arrangørar for møta var Fylkesmannen i Vest-Agder og Ny giv for landbruket i Lyngdal.

Makta tilbake til bonde og forbrukar

– I 1999 var det 70.000 bønder i Norge. Nå i 2015 er det litt over 40.000, samanlikna Alexandra Devik, frå Oikos Norge.

Devik har reist rundt i Norge for å informer om korleis andelslandbruk fungerer.

– Bønder og forbrukarane er taparane i verdikjeda, haldt ho fram, og viste til makta matkjedene sitt med i dag. Andelslandbruk er ei løysning der bonde og forbrukar får tilbake makta over mat- og produksjon.

– Med andelslandbruk kuttes mellomleddet. Medlemmene kjøper en andel i produksjonen, og betaler i starten av sesongen, forklara Devik.

– Det betyr at medlemmene ikkje har rett på ein bestemt mengde, men ein andel av det avlinga gir.

Devik råda å involvere medlemmene ved å synleggjere kostnadar og arbeidsmengde.

– Forbrukarar får ikkje forståing for arbeidsmengde gjennom prisane i butikk, argumenterte ho.

 

Les også: Spirande andelslandbruk

 

Renathe Westmoen Oma vil vite meir om maten ho et.

Renathe Westmoen Oma vil vite meir om maten ho et.

 

Vil velje sjølv

Renathe Westmoen Oma, forbrukar, er oppteken av korleis maten ho sjølv et, og gir ungane, er laga på mest mogleg trygt vis.

– Eg synast det er ein slik god idé å kjøpe ei andel i avlingane. Eg kallar andelslandbruk «ureist mat til helse og nytte», sa ho.

Oma har lenge tråla matbutikkane i heimbyen i Lyngdal på jakt etter økologiske varer. Ho er ikkje nøgd med utvalet.

– Eg synast det er for gale at mat blir destruert fordi det ikkje er god nok omsetting på dei. Eg vil ha moglegheita til å velje. Eg vil ha mangfald, haldt ho fram.

Oma meiner andelslandbruk er til fordel for både bonde og forbrukar. Som medlem i eit andelslandbruk er forbrukarane involvert i avgjersla om kva som skal dyrkast, andelen blir betalt i starten av året. Når medlemmene har ein andel, er dei med på risikoen ein dårleg haust kan gi.

– Andelslandbruk sender eit signal til storskala og industri. Det er forbrukarmakt i praksis. Når medlemmene har vore med på å dyrka, knyt dei eigarskap til matvarene, og jorda der dei er dyrka, argumenterte ho vidare.

– Eg vil ha makta tilbake, og sjølv bestemme kvar maten kjem frå. Eg vil vite kva eg et, og kvar det kjem frå, kva grønsakane er sprøyta med, og eg vil vite at dyra har hatt det bra, slo Oma fast.

Les også: Kjøkkenhage for 70 familier

Klart mål frå Fylkesmannen

– Målet skal vere at vi skal ha minst to andelslandbruk i Vest-Agder i 2016, sa Ole Magne Omdal, prosjektleiar på landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vest-Agder.

Omdal gjorde klart at andelslandbruk ikkje er ein trussel for eksisterande landbruk, og at nedbygging fortsatt er ein større trussel.

– Jordverntiltaket er eit viktig argument, slo Omdal fast, og viste til eit andelslandbruk på Ås som stod saman og hindra nedbygging av jordet der dei heldt til.

– Hjå Fylkesmannen er me med og tar initiativ for å motivere. Det kan vere studieturar eller rådgjeving. BU-midlar kan òg vere aktuelt, sa han.

Omdal var tydeleg begeistra for det blomstrande initiativet, og trakk parallellar til eigne minner.

– Eit andelslandbruk er på mange måtar ein moderne versjon av gammalt landbruk. Eg hugsar nabobonden kom på døra vår, og spurte mor kor mykje poteter me kom til å trengje til hausten, minnest han.

Interessa for informasjonsmøta om andelslandbruk var over all forventing. Nærare 30 personar stilte på møtet i Lyngdal, like mange i Kristiansand dagen før. Dagen etter var det møte i Søgne, og Omdal fortelde at dei venta meir enn 50 frammøtte på dette møtet.

Stikkord denne saka: , ,