Bynære bønder: Vendel Marie Sægrov og Torill Østraat er freista til å satse på frukt og bær på gardane sine nær Sandnes og Stavanger. På kurs i Aurland har dei laga planar for solbærbuskar og eplehagar.

Ein frodig frukthage gjev inntekter og fleire bein å stå på for garden. Noko å tenkja på, også for jærbønder, meiner Torill Østraat og Vendel Marie Sægrov.

Anne Rivenes, frilansjournalist

I klasserommet på Sogn Jord- og hagebruksskule i Aurland, sit eit tjuetals vaksne som tende ljos på kurs i allsidig produksjon av økologisk frukt og bær. Det er tredje og siste samling, og Stanislav Strbac (NLR Viken) fortel om bringebær og aronia, om jordsmonn, skadedyr og haustemetodar. Svartsurbær er det norske ordet for aronia, men det kling liksom ikkje like godt, er dei einige om.

Bier og fruktbløming

– Dei kan henge lenge om hausten, til betre blir dei, berre de har nett over, så ikkje fuglane tek dei, seier Vendel Marie Sægrov, ei av kursdeltakarane som har røynsle med det helsebringande bæret.

No vil ho lære meir om bær og frukt, fordi ho skal ta over Stølahei Gård ved sida av Stokkavatnet i Stavanger. Etter å ha mista jobben i Nordsjøen, tok ho Vinterlandbruksskulen i Ryfylke og planta eit rabarbrafelt som leverer til den lokale fruktsaftprodusenten Safteriet. Dit går også aroniabæra frå buskar som faren planta for mange år sidan.

– Eg har starta litt med grønsaker, og bier. Eg har tenkt på ulike bærbuskar, og kanskje eple. Garden ligg nær Stavanger, så eg ser mange moglegheiter, seier Sægrov.

Ho vil driva økologisk, og prøver å setja saman ein produksjon som kan gå rundt økonomisk, med frukt, bær og bier.

Fruktbar kursing: Stanislav Strbac underviser framtidige fruktbønder på Sogn Jord- og hagebruksskule i Aurland.

Kundane kan hausta sjølve

Torill Østraat driv garden Voll i Vatneli i Sandnes, saman med mann og fire barn. Dei har ammekyr, sau, bier og andelsgrønsakdyrking – og åtte frilandsgriser som tek seg av ugrashandteringa på neste års grønsakfelt.

– Har du lite å gjera, sidan du no også vil dyrka frukt og bær?

– Nei, eigentleg ikkje, seier ho og ler godt.

– Det er absolutt travelt nok, men me ynskjer å finna ein måte å driva garden på som knyter byen nærare. Me vil at folk skal få sjå kva som skjer på ein gard. I andelslandbruket får folk hauste sjølv og dei får meir forståing for arbeidet som ligg bak maten, seier Østraat.

Skal dei også dyrke frukt og bær, ser ho for seg sjølvplukk, sidan folk alt kjem til garden for å hauste grønsaker. Frå jord til bord, utan foredling eller mellomledd mellom produsent og konsument. Ein plan er i ferd med å danne seg, eit par mål bringebær, eit mål solbær og kanskje nokre epletre.

Nyttar alle ressursar

Dei to jærbøndene møttest på økosamlingar heime, men måtte til Sogn for å kursa seg. Øko-jordbruket har ein veg å gå på Jæren, meiner dei.

– Den jamne jærbuen vil vere stor, ha stort fjøs med mange dyr. Men eg tenkjer ein heller bør laga ein arbeidsplass av garden ein har, i staden for å køyra milevis for å hauste næraste ledige areal, seier Torill Østraat.

– Kan det bli for mange som satsar på frukt og bær?

– Nei, ikkje på Jæren, der er det ikkje så mange, og i alle fall ikkje som satsar økologisk, er Østraat og Sægrov samde om.

Å ha byar som Stavanger og Sandnes «nett utom grinda» gjev nærleik til kundane. Samstundes kan slike gardar oppleva utbyggingspress. Difor ynskjer dei at det skal bogna av frukt og grønt og ulike produksjonar, for å visa at garden og det bynære landbruket er liv laga.

Allsidig og direkte

– Samstundes som det vert satsa på volumproduksjon er det mange som ynskjer å drive med eit større spekter av produkt, seier kursleiar Bjørg Fritsvold ved Sogn Jord- og hagebruksskule.

– Direktesalet breier om seg, og det er meir attraktivt om du har fleire ulike slag å tilby. Skal små bruk ha verdiskaping, må dei ta hand om mest mogleg sjølv.

Ved skulen ser dei at ei todeling er i ferd med å skje innan øko-produksjon av frukt og bær. Ei intensiv retning med konsumproduksjon og levering til daglegvarehandel via grossist. Og ei anna retning med drift i mindre og meir allsidig skala, med direktesal frå garden eller via reko-ring.
Sogn Jord- og hagebruksskule og Norsk Landbruksrådgjeving utviklar no eit kurskompendium for allsidig småskalaproduksjon av økologisk frukt og bær.

Modne for marknad: Aronia eller svartsurbær heng lenge på busken ut over hausten og bonden kan nytta dei i fleire spanande produkt. Foto: Istock

Inntening er størst utfordring

Ekspertise frå heile landet held føredrag. Åge Eitungjerde er dagleg leiar i Balholm AS, med over 20 års røynsle i fruktdyrking og foredling av frukt og bær. Han meiner utfordringa med alt småskala landbruk er å sikre nok avling med god nok kvalitet, slik at det gjev sunn økonomi. Då må alt areal nyttast optimalt, med skikkeleg grunnarbeid og gjennomtenkt val av sortar.

– Nesten alle med fast jobb har langt betre inntekt enn du som driv med hagebruk. Viss du skal satsa, må det vera fordi det er meiningsfylt for deg, seier Eitungjerde, som i dag produserer 300.000 liter drikke i året.

– Viss mange dyrkar den same kulturen, kan det bli overproduksjon, slik me ser tendens til på dessertbringebær. Men det er underdekning på eple både til konsum og vidareforedling. Frukt og bær er eit satsingsområde som bør ha stort vekstpotensial her i landet, meiner han.

Stikkord denne saka: , , ,