Store smådriftsfordelar

Store smådriftsfordelar

Sommarmjølk og jerseykyr gjer stort utslag på mjølkeprisen. Samstundes håper Erik Kvinge at god dyrevelferd og stabil fôring skal betale seg i fleire laktasjonar – og sal av livdyr. – Det er store smådriftsfordelar på små bruk, seier han, og oppmodar bønder på mindre bruk om å vurdere korleis dei best mogleg kan tilpasse drifta.

Hjortebestanden må ned

Hjortebestanden må ned

Magne Norddal tapar 25 prosent av grasavlinga til hjorten. Ein kostnad på 831 kroner per dekar. I tillegg kjem kostnadar med hyppigare attlegg, gjerding og drift av meir areal. – Vi treng ein nasjonal plan for kor vi vil med hjorteviltet, seier mjølkebonden.

Skadeverknad av hjortebeiting i eng

Skadeverknad av hjortebeiting i eng

Avlingstapet av hjortebeiting i eng er ofte størst i område med lite snø, og med ung vintergrøn eng som er i god hevd. Elles varierer avlingstapet med bestandstettleik av hjort, engalder, timotei-innhald og korleis enga ligg i høve til skog og utmark.