LESARBREV

Billig å senda sauen til heis

8. februar 2022 | Dessutan

Kan fort løne seg: Sau til heis. Arkivfoto.

Sauetallet i heiene går ned. Dette skuldast nok at talet på vinterfôra sau har gått ned, noko som igjen skuldast dårleg økonomi i sauenæringa. Men det blir også argumentert med at det er dyrt å sende sauen til heis. Eg har derfor satt opp eit reknskap som viser det motsette. Dette er basert på Jæren Smalalag sitt opplegg, med heiasjefar som tar seg av alt arbeidet med tilsyn, sanking og ettersanking. Saubonden betaler ein fast pris pr. dyr.

Eg tar utgangspunkt i 100 sauer til heis, altså 35 vaksne og 65 lam.
Eg reknar kr 100,- i beiteleie, som er prisen til Jæren Smalalag.
35 tvillingsauer krev 50 daa kulturbeite til sommarbeite. Reknar at ved heimabeiting ville halvdelen av lamma blitt slakta i august til betre pris.

Utgifter ved heiasending:

Beiteleige 100 stk x kr 100 = 10 000,-
Frakt tur/retur 100 stk x kr 80 = 8 000,-
Tap på dårlegere pris grunna seinere slakting 30 lam x 20 kg x kr 6,- i dårlegare pris 3 600,- – utmarkstilskot 100 stk x kr 260,-
26 000,-

Inntekt med heiasending 4 400,-

Ekstra utgifter med å ha sauene heima:

2 behandlingar av lamma med makkemidel kr 500,-
Gjødsling av beite, 2 overgjødslinger med 20 kg pr. da .
50 da x 40 kg 25-2-6 x kr 4,50 kr 9000,-
Inntekt heiasending + ekstra utgifter med heimesau = kr 13 900,-

Ved å sende 100 sauer til heis vil denne saueeigaren derfor spare kr 13 900,-.

Eg har her rekna inn gjødselprisen for mars 2021. Med prisauken vil reknestykket bli enda gunstigare.

Andre positive ting:

Du får ein friskare livsau og minimal risiko for resistens mot makkamiddel. Beiting av utmark betyr også at ein haustar ein ressurs som elles ville rotna bort. Det er trist at sauen forsvinn frå utmarka, slik at den gror igjen.
Lammekjøt produsert på heiabeite er etter mi meining det mest økologiske kjøtet som finns.
Me har nok beite heime, seier mange. Beite vil ”veksa øve” ved å senda dyra til heis. Dette er jo eit godt argument, men det er nå slik, at faren for ”øveveksing” er størst i slutten av mai /byrjinga av juni. Er det då fukt og god varme, veks beitet kolossalt.
Men det er også slik at dersom beitet er snaugnagd midt i juni, ved tida for heiasending, og det ikkje er gjødsla sidan våren, så vil det ikkje veksa så veldig ut over summaren, og ein vil ha et godt haustbeite til sauene.
Alternativt kan ein overgjødsle i august, og få eit kjempebeite til sauen, når han kjem heim frå heia.

Dette er ikkje en fasit som passer for alle, men kanskje ein tankevekkjar for fleire, likevel.

Jostein Seldal

Stikkord denne saka: , ,