HØYR!

Sparer plast med plansilo

Bruk plansilo eller tårnsilo og leig hausteutstyret om det er praktisk mogleg.

Jakob Eskeland, bonde i Vats i Vindafjord, meiner sjølvgåande finsnittar og plansiloar sparar plast og er mest effektivt og lønsamt. Også på typiske vestlandsbruk.

Sjur Håland

– Det er ei oppskrift langt fleire kan praktisera. Det er fullt mogleg å tenkja hauste- og konserveringsmetodar utanom dei etablerte boksane, seier bonden, som driv mjølkesamdrift i lag med Jostein Sørhus.

I den gamle driftsbygningen brukte dei tårnsiloane og pressa overskytande gras i rundballar. Sørvest Ku DA har nå teke i bruk ny driftsbygning til produksjon av 460.000 liter mjølk. I fjor bygde dei to nye plansiloar, kvar på 43,5 x 9,5 x 3 meter. Plansiloane kosta drygt 800.000 kroner.

– Kvar gong me reknar på dette, er resultatet at vinsten ved å leiga snitting med sjølvgåande finsnittar, er betydeleg, samanlikna med å leiga rundballepressing. Vestlandsbonden er gjerne skeptisk til store, tunge maskiner som finsnittarar, erfarer Eskeland.

– Det er det lite grunn til. Me driv på mange måtar sjølv eit typisk vestlandsbruk med små teigar, tung jord og mykje nedbør. Bruk plansilo eller tårnsilo og leig hausteutstyret om det er praktisk mogleg. Det er raskt, enkelt og plastsparande, fastslår han.

Bonden påstår ikkje å ha fasiten, men meiner at dei har funne ei løysing som fungerer bra hjå dei.

– Men utstyret er tungt?

– I 2017 bøtta regnet ned. Me sette oss ikkje fast ein einaste gong, og det vart lite svarte spor. Årsaka er at me brukar éin dag på slåtten med særs effektive maskinar. Me kunne utnytta dei små, tørre vêrvindauga som var. Rundballepressa går til samanlikning mest ikkje framover.

– Med rundballar kan du miksa dagsrasjonen til kyrne med fôr frå fleire slåttar. Det får vel ikkje de til?

– Nei. Det er grunnen til at me ikkje har slutta heilt med rundballar. I år var sesongen så god at me fekk ein tredjeslått. Den vart pakka i rundballar. Dermed legg me til éin rundballe til dagen saman med fôret frå førsteslåtten.

– Kva med dei gardsbruka som ligg avsides og ikkje har kjapp tilgang til entreprenørar?

– Me har sjølv teke initiativ til å organisera eit haustelag saman med kollegar, med base i ein entreprenør med sjølvgåande snittarar. Haustelaget kommuniserer effektivt via eiga gruppe på Messenger. Dermed kan me reagere raskt og planlegge effektivt. Då kan me også betala ein timepris på mest 3.500 kroner i timen for snittaren og koma billegare ut en om me skulle leigd rundballepressing.

– I tillegg sparer de plast og plasthandtering. Er det ei greie for deg?

– Ja, det er ei greie og det er ein bonus. Det er ikkje kjekt med all den plasten, sjølv om det faktisk står ein container i tunet vårt som me og bøndene i grenda fyller med brukt plast. Denne blir henta fire fem gonger i året.

Stikkord denne saka: , ,