HØYR!

Vil forenkle ordningar for dyrevelferd

25. oktober 2019

Foto: Norsvin

Slik det er no, mister bøndene oversikt over papirarbeidet

– For mange ordningar for dyrevelferd for gris gjer at bonden mister oversikt over papirarbeidet, seier styreleiar i Norsvin, Tor Henrik Jule.

Jane Brit Sande

– Problemet med ordningane for dyrevelferd, er at det er så mange av dei: Helsegris, Dyrevelferdsprogrammet for slaktegris – eller Velferdsgris, KSL og slakteria sine eigne, til dømes Griseløftet frå Nortura, seier Tor Henrik Jule.

I ein kronikk i Bondevennen denne veka tar han til orde for ei forenkling av dagens ordningar.

– Slik det er no, mister bøndene oversikt over papirarbeidet. Det kjem støtt endringar, og det blir vanskeleg å halde tritt. Bøndene må vite at dei har orden før det kjem kontroll, seier Jule.

Han understreker at det ikkje er motstand mot ordningane for betre dyrevelferd som er årsaka til usikre bønder.

– Produsentane synest arbeidet for betre dyrevelferd er sjølvsagt, og det er noko me arbeider med kvar einaste dag. Men med fleire dokumentasjonskrav i tillegg, kan produsentane bli usikre på om deira dokumentasjon er god nok, seier styreleiaren.

– Kven bør adminstrera ei slik forenkling, og korleis?

– Eg ønsker å samla Helsegris og Dyrevelferdsprogrammet for slaktegris under ei felles godkjenning. Kven som administrerer, om det til dømes er KSL eller Animalia, er ikkje så viktig. Det viktigaste er bonden sitt høve til å få ein enkel og fullstendig oversikt, seier Jule.

Slakteria sine program kjem i tillegg.

– Eg meiner denne løysinga gir bonden mindre dokumentasjon å ha kontroll på, og dermed færre endringar han kan gå glipp av, seier Jule.

Styreleiaren tar også til orde for det han omtalar som «tryggleik for rett praksis».

– Til dømes er det kome ny rettleiing for avliving av gris. No skal all gris avbløs, også dei under fem kilo. Dette er ikkje forskriftsfesta per i dag. Avliving er ikkje noko produsentane gjer veldig ofte, men det er noko ein treng repetera for å kjenne seg trygg. For at bøndene skal vere sikre på korleis avliving skal gå korrekt føre seg, bør det arrangerast kurs, seier han.

Stikkord denne saka: ,