BN+

Godt selskap: Sidan prosjektstart i 2013 har det blitt 96 fleire ammekubruk på Agder, og tal mordyr har auka med 2089. Foto Jakob Saaghus


Det nyttar å satse. NLR Agder ligg godt an til å nå målet om 1000 fleire ammekyr i regionen.


Jakob Saaghus og Inger Birkeland Slågedal, NLR Agder


Jordbruksarealet på Agder eigner seg særs godt til produksjon av storfekjøt, med inn- og utmarksbeite som kan nyttast på ein berekraftig måte. I 2013 gjekk NLR Agder i gang med eit storfekjøtprosjekt i Aust-Agder. Det var då ei underdekning på 10.500 tonn storfekjøt på landsplan, og det grovfôrbaserte husdyrhaldet i fylket var redusert med 22 prosent frå 2000 til 2010 målt i tal storfeeiningar. Frå 2017-2020 førte me vidare prosjektet og utvida til å omfatte heile Agder med mål om å auke tal ammekyr med 1000 mordyr og tal kilo storfekjøt med 20 prosent i prosjektperioden. Dette i samarbeid med TYR, Nortura, Tine, faglaga og den kommunale landbruksforvaltinga. Grovfôrrådgivar Jakob Saaghus var prosjektleiar fram til årsskiftet, då overtok Josefa A. Torp ansvaret.

Plass til fleire i indre strok

Statistikken syner at målet om 1000 fleire ammekyr på Agder ligg godt an til å bli nådd. Kurva viser at sidan prosjektstart i 2013 har det blitt 96 fleire ammekubruk på Agder, og tal mordyr har auka med 2089.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: