Planlegger du å bygge fjøs? Legg til rette for å dele sinkuavdelingen inn i minst to grupper, slik at du unngår å blande kviger og kyr før kalving. .

Planlegger du å bygge fjøs? Legg til rette for å dele sinkuavdelingen inn i minst to grupper, slik at du unngår å blande kviger og kyr før kalving.

Det er to kritiske periodar i livet til ei ku, når ho vert fødd og når ho sjølv skal kalva.

Liv Kristin Sola

Den danske kalverådgjevaren, Rikke Engelbrecht, var tydeleg i si melding. Kalvingsklare kviger har ingenting i lag med kyrne å gjera, før etter at dei har kalva.

Unngå auka stressnivå

I den kritiske perioden før kalving bør ikkje kviga utsettast for auka stress med å introdusera ho i lausdrifta.
– Stressnivået for ei kvige som kjem inn blant mjølkekyrne i lausdrifta til mjølkekyrne, er mykje høgare enn me trur. Kvigene må få gå for seg sjølv i perioden før kalving. Dei treng ro og kvile, og god plass ved fôrbrettet slik at dei får i seg nok mat, var rådgjevaren si klare oppmoding.
Ho råda til å omorganisera gruppene i gjeldkuavdelinga. Skilje mellom kyr og kviger i staden for å ha to grupper gjeldkyr. Kyr og kviger må få gå i gruppa si fram til kalving. Skal dei separerast rett rundt kalving, bør det vera med lettgrinder slik at dei har kontakt med resten av flokken i gjeldkubingen.
– Der dyra skal kalva, må det vera mjukt, reint og romsleg. Ikkje fyll opp med for mange dyr, 80 % beleggingsgrad er optimalt, sa Engelbrecht.
Sjølv likar ho best fleksible bingar med halm eller tilsvarande materiale. Ho viste til at tal på dødfødslar kan reduserast opp mot 50 % for kvigene, dersom dei får ro og stabilitet rundt kalvinga. Erfaring viser at oppstart i mjølkeroboten går greitt sjølv om kvigene ikkje har opplæring før kalving.
– Røktar må uansett vera til stades i lausdrifta, sjå at kvigene fungerer, mjølker seg, tek til seg mat, og finn ut av systemet, understreka Engelbrecht.

Lite energi og mykje protein

Stress mot slutten av drektigheita påverkar kvaliteten på råmjølka. Ei anna årsak til dårleg råmjølkskvalitet, kan vera for svak eller feil fôring av gjeldkyr. Ein god plan for fôring av gjeldkyr, kan bety ein stor forskjell både på mengde råmjølk og innhald av immunstoff. Ei god sinkufôring kan også ha ein positiv effekt på heile laktasjonen.
– Fôr med mykje struktur i form av seint slått gras, halm eller frøhøy, og eit næringsinnhald på 0,75 – 0,80 FEm, er optimal. Dersom ein har høve til å produsera nokre rundballar spesielt eigna til gjeldkufôr, bør ein gjera det. Med redusert mengde av betre kvalitet, vil kyrne ikkje vera i stand til å ta opp så store mengder grovfôr som dei burde etter kalving, minna Engelbrecht om.
Det optimale sinkufôret med tanke på innhald av energi, vil ha for lite protein i forhold til behovet til gjeldkyrne. For lite protein kan føra til redusert mengde råmjølk.
– Gjeldkyrne må ha 13-16 prosent protein i rasjonen. Tilsett proteinkonsentrat for å auka mengda råmjølk etter kalving. Eigen fullfôrblanding er optimalt, dersom ein kan få til det, sa Engelbrecht.

Dei viktige detaljane

Rikke Engelbrecht understreka at det er viktig å forsikra at gjeldkyrne har god nok dekning av mineral og vitaminer, spesielt E-vitamin og selen. E-vit. verkar inn på helsa til den nyfødde kalven.
– Nok selen gir råmjølk av god kvalitet. Selen verkar også inn på kor effektivt immunstoffa i råmjølka vert absorbert via tarmen over i blodet hjå kalven. Har kyrne høgt nok nivå, har også kalven god nok dekning av selen, sa rådgjevaren.
Rikke Engelbrecht oppmoda bøndene om å ta blodprøvar av grupper av kyr i besetninga. Det er den einaste måten du kan finna ut om dine kyr har god mineral- og vitamindekning. Sjekk mineral- og vitaminstatus både hos mjølkekyr og gjeldkyr.

Legg til rette

– Ikkje driv bedrifta di basert på slump og tilfeldigheitar, men planlegge ut frå driftsopplegget og ressursane de har.
Den danske rådgjevaren oppmoda om å laga ein plan for fôring av gjeldkyr. Sørg for eit godt tørrstoffopptak, med tilstrekkeleg energi, protein, vitamin og mineral. Minimer stress og fulle bingar, og hold kvigene vekke frå vaksne kyr.
– Korleis det skal gjerast i praksis, det finn de ei løysing på, sa den erfarne danske kalverådgjevaren, Rikke Engelbrecht.

Stikkord denne saka: , ,