BN+

Meir kvile med sand: Ideelt sett er ku-døgnet fordelt på to timar mjølking, to timar sosial kontakt, seks timar ved fôrbrettet, og 14 timar kvile. Faktum er at kyr kviler mellom ni og elleve timar. – Dårleg økonomi når me veit at ein time ekstra kvile er ein liter meir mjølk, seier Driessen.


– Kua treng ei mjuk seng, plass ved fôrbrettet, og stressfri kalving. Det umoglege er det ingen som har fått til enda, så ikkje gå for nest best, seier Joep Driessen.


Liv Kristin Sola


Joep Driessen kom frå Nederland til Voss for å vise Hordalandsbøndene korleis dei kan lære å lese dyra sine – KuSignal. Driessen er ein av grunnleggjarane av konseptet og har lang erfaring frå fjøs over heile verda. Han er ikkje i tvil: – Ikkje ta den enklaste vegen. Gå for det beste og dyra vil betale deg attende – kvar dag.

Velferd er økonomi

Driessen trekker trådane attende til barndommen på eit sauebruk i Nederland. Ti år gammal hjelpte han foreldra med lamminga. Blaute kne på gutungen gjorde at mora, som er sjukepleiar, kravde meir strø i bingane. Faren, ein høgt utdanna landbruksøkonom, meinte det var nok.


– Dette har dei diskutert i 40 år - og begge har rett, seier Driessen.


Veterinæren forstår at bonden sin kvardag er hektisk og at økonomien er pressa. Skal du strø meir hjå kalvane eller spare dei pengane? Men må du velje?


– Etter tjue år med KuSignal veit me at betre velferd er god økonomi. Med ei mjuk seng, eteplass til alle og kalving utan stress i romslege bingar (stress free calving line) sparer bonden både tid og pengar. Det vil alltid lønne seg å jobbe førebyggande, slår veterinæren fast.


Driessen ber bøndene følgje godt med dei neste tre timane, og så tenke gjennom kva dei kan gjere i eige fjøs for å bli betre bønder.


– Ikkje gløym at dei aller fleste rundt deg skal selje deg sitt utstyr og tene pengar på deg. Mange kan mykje om maskinar og teknisk utstyr, men lite om kyr. Å tvinge kyr til å tilpasse seg ditt system er eit tapt prosjekt. Du må vete kva du kan gjere for kua – og ho vil takke deg med å halde seg frisk og levere mjølk i mange laktasjonar, seier Driessen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,