Tveit Regnskap AS fører rekneskap for om lag 1500 gardsbruk på Haugalandet og i Sunnhordaland. Kvar år utarbeider me rundt 900 nøkkeltal analysar på bakgrunn av desse rekneskapa. Desse analysane viser dekningsbidraget i dei ulike produksjonane på den enkelte gard.
På bakgrunn av alle desse analysane utarbeider me gjennomsnittstal for dei ulike produksjonane. Då kan bøndene samanlikne sine eigne tal med gjennomsnittstala innan dei ulike0 produksjonane, både for det siste året og for fjoråret. Gjennomsnittskvoten for alle mjølkebruk i Tveit er 160 tonn. « Utviklingsbruk utan mjølkerobot» har ein gjennomsnittskvote på 247 tonn og «utviklingsbruk med mjølkerobot» har 389 tonn. Me har i denne analysen konsentrert oss om dekningsbidrag før tilskot. Tala me har kome fram til må ikkje tolkast som eit endeleg fasitsvar, men må meir sjåast på som ein tendens ut frå det statistiske grunnlaget tala byggjer på. Me ser først på skilnaden mellom «utviklingsbruk utan robot» og gjennomsnittet for alle bruk i Tveit, og deretter på skilnaden mellom «utviklingsbruk med og utan robot».
Utviklingsbruk utan mjølkerobot
Dekningsbidraget pr. ku og pr. liter mjølk ser ut til å vera noko høgare for «utviklingsbruk utan robot» samanlikna med gjennomsnittsbruka. Gjennomsnittet for alle bruk i Tveit ligg på kr 23.187 pr. ku eller kr 3,47 pr. liter, mot kr 27.306 kr pr. ku eller kr 3,92 pr. liter for utviklingsbruka. Kva kan ein då lese ut av denne tendensen? Hovudtrekket er at utviklingsbruka både får ut meir kjøt og mjølk ut frå dei innsatsfaktorar dei set inn, spesielt kjøtproduksjonen er større enn det ein finn på andre bruk (men merk at påsettprosenten er noko høgare, 99 % mot 80 % for gjennomsnittet). Kostnadsfaktorar som kraftfôr og innkjøpt grovfôr er høgare enn gjennomsnittet, medan det er noko lågare kostnad på eigenprodusert fôr og andre driftskostnader (dyrlege, inseminering, strø m.m.). Utviklingsbruka har og noko høgare leveranse av mjølk enn gjennomsnittsbruka, men ikkje meir enn ca. 250 liter pr. ku.
Utviklingsbruk med mjølkerobot
Me ser så nærare på skilnaden mellom «utviklingsbruk med mjølkerobot» og dei som har utvida mjølkeproduksjonen, men som brukar andre mjølkesystem enn robot. For å gjere samanlikninga mest mogeleg relevant for sjølve mjølkeproduksjonen, samanliknar me på bruk med rein mjølkeproduksjon, dvs. ikkje påsett for kjøtproduksjon (gruppe for påsett inntil 80 %). Bruka med mjølkerobot har om lag same dekningsbidrag pr. ku som gjennomsnittet i Tveit (kr 21.595 mot kr 21.237 pr. ku), men vesentleg lågare enn «utviklingsbruk utan robot» ( kr 21.595 mot kr 24.569 pr ku) Omreknar ein dekningsbidraget til liter mjølk, er resultatet for bruk med robot, lågare enn både gjennomsnittet for utviklingsbruk utan robot og gjennomsnittet for alle i Tveit (robot: kr 2,95 / liter, gjennomsnitt bruk utan robot: kr 3,53 / liter og gjennomsnitt Tveit: kr. 3,21 / liter). Kva kan dette skuldast? Bruk med robot har jamt over større produksjon enn andre mjølkebruk i området. Robotbruka har i gjennomsnitt 51,3 kyr, mot 23,3 for gjennomsnittet for alle i Tveit. Mange av robotbruka har utvikla seg frå ein meir moderat storleik til å bli store bruk med opp mot 60-70 kyr. Grovfôrgrunnlaget er ofte det same som før, slik at mykje av grovfôrbehovet vert dekka med innkjøp av fôr. I gjennomsnitt kjøper robotbruka grovfôr for 6.100 kr per ku, mot kr 1127 kr for utviklingsbruka utan robot. Det er kanskje grunn til å stilla spørsmål ved kvaliteten på innkjøpt grovfôr og til kva pris ein må betala? Det har vore ein pressa grovfôrmarknad dei siste åra, og noko av grovfôrkjøpet kunne kanskje vore kompensert med auka bruk av kraftfôr. Kostnad til kjøp av kraftfôr er ca. kr. 1600 lågare per ku på robotbruka enn på bruka utan robot. Ein bør og ta med i vurderinga at enkelte som har eit driftsopplegg med mykje innkjøpt grovfôr, kan ha innsparingar i faste kostnadar på mekaniseringssida samanlikna med andre bruk. Robotbruka har i gjennomsnitt høgare leveranse per ku, enn både gjennomsnittsbruka og utviklingsbruka utan robot. I gjennomsnitt leverer bruk med robot 7.500-7.600 liter per årsku. Dette er høgare enn gjennomsnittet, men ein finn grunn til å spørje om dette ikkje burde vore endå høgare ut frå kva forventningar ein kan ha. Oppnådd mjølkepris på robotbruka, ligg òg noko under gjennomsnittet både for alle i Tveit og for utviklingsbruk utan robot, hhv. 7 og 9 øre pr. liter. Med ein gjennomsnittskvote på 370 tonn utgjer dette åleine kr. 33.000 per bruk. Kva grunnen til dette er bør undersøkjast nærare, og det har vel vore eit visst fokus på robotmjølking og mjølkekvalitet.
Lang opplæringstid
Vidare vil me og nemna at mange av robotbruka på Haugalandet/Sunnhordaland har drive med robot i relativt kort tid. Det er utfordrande og det tar tid å læra seg ein ny og større produksjon både med tanke på fôring, teknikk og driftsleiing. Mange seier det går opp mot 3 år etter oppstart før ein er i normalt gjenge, både med tanke på drift og dyreflyt/dyremateriale. Moderne driftsapparat gjer at alt skal liggja til rette for å kunne oppnå gode resultat, med rett fokus på produksjon, fôring og driftsleiing. Her ligg det og store utfordringar for rådgjevarane å ta tak i, som og har behov for å byggja opp meir kompetanse innan dei nye driftsformene. Kort oppsummert kan ein seie at utviklingsbonden i stor grad oppnår meirgevinst i høve til den innsats som blir lagt i ned, men at for enkelte bruk med mjølkerobot er det meir å henta på optimalisering av produksjon og driftsleiing.
Stikkord denne saka: Mjølkeproduksjon, Økonomi, Storfe