bv29_fag

Uisolert hall med vindbremseduk i langveggene.

Eg står saman med ein ung bonde på eit tun i Nord-Rogaland. Han har aldri vore i tvil om at han skulle satsa på mjølkeproduksjon.

Svein-Åge Vangdal,
bygningsplanleggar Tine

Interesse, utdanning og arbeidserfaring er på plass, og han er klar til å starte arbeidet med å vidareutvikle bruket han har overteke frå foreldra. Men med under 100.000 liter i kvote, direkte kondemnabelt fjøs, og små moglegheiter til å utvida fôrgrunnlaget på kort sikt, har mange rundt han rådd han til «å gje slepp på draumen». Han hadde møtt den grunnlause oppfatninga næringa har late festa seg, om at berre dei store einingane har ei framtid med mjølk.

Stor utfordring

Vi skal sjølvsagt ikkje underslå at det er ei stor utfordring å finna tilfredsstillande løysingar, når det må satsast på nybygg på mindre mjølkebruk. Det er normalt lettare å finna økonomisk forsvarlege lausdriftsløysingar, når ein tek med heile eller deler av eksisterande driftsbygning med i prosjektet. Men her var ikkje dette mogleg, då den byggteknisk standarden på gamlefjøset var for dårleg.
I lag med ein økonomirådgivar frå Tine, hadde den unge bonden kome til at nybygget burde planleggast for ein produksjon på 150.000 liter. Dei såg føre seg at fôrgrunnlaget kunne styrkast gjennom betre drift og auka bruk av kraftfôr.
Venta ytinga våga han ikkje heva frå dagens 7.500 liter levert/årsku, sjølv om det kunne ført til redusert byggkostnad. Bygget skulle difor planleggast til 20 årskyr.
Bonden var innstilt på å redusere påsettet og sette på 2/3 av fødde kvigekalvar. Oksekalvane skulle han selje så snart som mogleg etter fødsel. Slik skulle han i størst mogleg grad nytta avgrensa fôrressursar til sjølve mjølkeproduksjonen.
Etter mitt syn, er det ei innstilling langt fleire med avgrensa grovfôrressursar burde vurdera. At me på landsplan har tilnærma fullt påsett av kviger, fører til dårleg utnytting av buskapen. Altfor få kyr får meir enn to laktasjonar.

Kostnadsfokus og eigeninnsats

Den viktigaste informasjonen som kom fram på tunet denne dagen, var likevel den unge bonden si klare haldning til byggekostnaden. Han var innforstått med at skulle bygget han trong kunna realiserast, måtte han som byggherre ha fokus på kostnad i heile prosessen. Frå val av løysingar, gjennom innhenting av prisar og tilbod, og i byggeperioden. I motsetnad til mange andre, måtte han greie å halde fast på dette når trykket kjem frå byggfirma, utstyrsleverandørar, rådgjevarar, naboar og yrkesbrør.
Ein møter nok ikkje så ofte dei som angrar på at dei valde litt dyrare løysingar her og der. Men ein møter oftare familiar som opplever at arbeidsdagane vert harde og lange, når ein i større grad enn planlagt må utanom bruket for å hente inn naudsynte inntekter.
Bonden var også klar på at han ville legga inn betydeleg eigeninnsats i grunnarbeid og snikkararbeid. Han hadde kompetansen, og var villig til å ta eit skippertak med fjøsbygging ved sida av drifta. Me rår ofte frå dette. Årsaken er ein tanke om at produksjonen må koma raskt i gang i nyfjøset, for å koma i gang med nedbetalinga. Resonnement stemmer nok ikkje i ein situasjon som dette, der produksjonen i liten grad skal aukast i forhold til dagens produksjonen i gamlefjøset.

Ein liten brest

På eit vesentleg punkt valde likevel bonden å leggje inn ei investering som både belasta byggkostnaden og framtidig driftskostnad. Bygget skulle planleggast med brukt robot, ikkje mjølkestall. Han såg dei daglege fordelane som så store, at han var interessert i å vurdera i driftsplanen, om ein auka investeringskostnad på ein halv million, og ein meirkostnad på 50.000 i årlege driftskostnadar kunne forsvarast.

Fjøsplanen

Skissene viser planløysing og snitt for eit bygg på rundt 37×13 meter (481 m2), med eit tilbygg som ei halvtekkje på vel 60 m2, med plass til tankrom, sosiale rom og tallebinge for kalv. Kapasiteten er 18 kyr i robotavdelinga, 8 gjeldkyr og store kviger i ei avdeling, og 10 mindre kviger i ei anna. Utskiljingsbinge frå robot og eige kalvingsareal med tett golv, med inngang frå gjeldkuavdelinga. Vel ein å ikkje nytte utskiljingsbingen, kan gjeldkuavdelinga ha tilgang til robot, slik at kviger på opptrapping kan venjast til robot, og elles fungere som ei velferdsavdeling.
Bygget er utan kjellar, med opne gjødselgangar med kjettingdrivne skrapeanlegg. For oppsamling av gjødsel er det planlagt betongkulvert med spalt for vidare tapping til utvendig eksisterande gjødsellager. Tverrgangar med 2,4 m breidde, litt over minstemål, må reingjerast manuelt. Liggebåsane er planlagt tradisjonelle med madrassar, men kunne med fordel vore bygde som djupstrøsenger.
Overbygget er uisolert med limtrekonstruksjon og treåsar. Langvegger med vindbremseduk i full høgd, og gavlveggene er tradisjonelle, uisolerte, stenderverksvegger med trekledning. Uisolert tak av sementbaserte bølgeplater som reduserer støy og kondens, samanlikna med stålplater, og med saksekip i mønet. For å halda rom for robot og mjølkestall frostfritt er desse isolerte, og kan enkelt få tilført overskotsvarme frå tankrom. Likeeins er vassforsyninga frostsikra. Fôrbrettet er tilpassa fôring med minilastar, og bygget er i utgangspunktet utan fôrsentral.
Over tid har det vist seg at 20 kroner per liter kapasitet, er ein akseptabel byggkostnad. Totalkostnad inkludert grunn, bygg, elektro, vvs, minilastar og i-mek, vart 3,6 mill for dette bygget, inkludert brukt robot. Med ein kapasitet på om lag 150.000 liter, svarar dette til ein kostnad på 24 kroner per liter mjølk. Den totale byggkostnaden per m2 bygg, er på kr 6.700. Byter ein ut den brukte roboten med ein brukt mjølkestall, går kostnaden ned mot 21 kr./liter. Same effekt får ein av å auke leveransen per årsku frå 7500 til 8500 liter.

Vidare planlegging

Dei neste stega i planlegginga på bruket, vil skje i nært samarbeid mellom bonden som byggherre, og økonomirådgjevar og byggplanleggar frå Tine. Ein har på bordet eit ganske enkelt og «avskrella» bygg, basert på eksisterande gjødsellager, utan fôrsentral. Utgangspunktet gir ikkje stor opning for påplussingar. Driftsplanen, med brukaren sin økonomi, vurdering av eigeninnsats, innhenting av alternative tilbod på dei store postane, og eventuelle endringar på bygget, vil gje svar på om robotløysinga i det heile kan forsvarast. Og om det eventuelt er rom for andre påplussingar.
Kva konklusjonen vert på dette aktuelle bruket veit ein ikkje i dag. Men eksempelet viser at ei slik utbygging let seg gjennomføra, spesielt om ein i første omgang vel mjølkestall. Og, ikkje minst, basert på god drift. Nokon vil også finna rom for tilval som isolering, spalt over flyterenner osv. Men ein må passa seg for tanken om at «tar du den, så tar du den».

Planløysing med robot - mjølkestall kan tilpassast med 2 båsar mindre.

Planløysing med robot – mjølkestall kan tilpassast med 2 båsar mindre.

Tre- eller stål, søyler eller søylefritt - tilboda avgjer.

Tre- eller stål, søyler eller søylefritt – tilboda avgjer.

Stikkord denne saka: , ,