Stor underdekking av norsk storfekjøt. Illustrasjonsfoto.

Stor underdekking av norsk storfekjøt. Illustrasjonsfoto.

Prognosane for neste år viser stor og aukande underdekning av norsk storfekjøt. Utfordringa ligg først og fremst i auka behov for mordyr, det må produserast langt fleire kalvar enn i dag.

Andreas Lundegård
Halldor Skare
Økonomirådgjevarar
Tveit Regnskap AS

Nasjonale målsetjingar legg opp til ein årleg auke på 4.500 ammekyr i åra fram mot 2030. Dette ligg langt over den auken det har vore i tal ammekyr dei siste åra.
Tveit Regnskap AS fører rekneskap for om lag 1.600 bønder på Haugalandet og i Sunnhordaland. I eit utval av desse rekneskapa blir det laga nøkkeltal-analysar der vi ser nærare på lønsemda i produksjonen hjå den enkelte bonde. Med grunnlag i dette blir det utarbeidd gjennomsnittstal for ulike produksjonar som grunnlag for samanlikning mellom ulike bruk.

Utfordrande økonomi

For å dekke marknaden ligg den store utfordringa i å auka talet på mordyr. Me vil i denne artikkelen sjå nærare på økonomien i ammeku-produksjonen. Det har til no vore utfordrande å oppnå god økonomi i produksjonen med dei rammevikåra produksjonen har. Ein del opplever det slik at fokuset lett blir flytta frå å tenkja satsing og utvikling, til å tenkja kostnadsreduksjon og innsparing for å sikra ein form for økonomi i drifta. Me vil sjå litt på utviklinga i lønsemd frå 2013 til 2014, og i tillegg peika på nokre av faktorane som kan betra økonomien.
Ammeku-produksjonen har i mange tilfelle blitt oppfatta som ein ekstensiv produksjon, med heller svak inntening. Dei siste åra er det gjennomført fleire tiltak for å betra økonomien, både gjennom auka målprisar og auka tilskot/budsjettmidlar. Dekningbidrag, omsetning minus variable kostnader, auka med om lag 1.200 kr pr. ammeku frå 2013 til 2014, ein auke på ca. 20 prosent. Storparten av auken kjem frå auka utbetalingspris på slakt og innføring av kvalitetstillegg på slakt. Kvalitetstillegget utgjer kr. 3,70 pr. kg for ungokse, kvige og ungku. Korrigert for statusendring gir dette ein inntektsauke på ca. kr. 2.800 kr pr. ku. Mykje av denne auken går med til å dekka auka kostnadar. Det er særleg auka kraftfôrkostnadar og auka livdyrprisar som slår ut. Noko av auken i kraftfôrkostnad skuldast eit vanskeleg fôrår i 2013, og dermed bruk av meir kraftfôr.
Gjennomsnittstala viser at det er stor variasjon i lønsemda mellom ulike bønder. Dei beste oppnår eit dekningsbidrag pr. ammeku på ca. kr 13.600 kr, om lag 90 prosent høgare enn gjennomsnittet på kr. 7.100. Dette viser at det for mange produsentar kan vera store mogelegheiter til å betra økonomien i drifta. Dersom ein skal satsa og gjera større investeringar i bygningar for ammekuproduksjon, vil totaløkonomien vera heilt avhengig av gode produksjonsresultat.

Ammeku 2014

Kvifor så store skilnadar i dekningsbidrag?

Dei største skilnadane ser me på inntektssida, og den naturlege forklaringa er større leveranse/volum, levert til ein høgare pris. Korleis oppnår ein det? I ammeku-produksjonen er det å ta vare på kalven heilt avgjerande, og dei som lukkast har generelt mange fødde kalvar pr. ku og låg kalvedødelegheit. Viktige faktorar her er rett fôring i gjeldkuperioden, for å unngå feite kyr og kalvingsvanskar, og å sikra at kalven får i seg nok råmjølk. Ein kalv i god vekst vil ha kortare oppfôringstid, lågare fôrforbruk pr. kg kjøt og ofte betre klassifisering. Resultatet blir ein får betre utbetlingspris for slaktet.
Dei produsentane som lukkast best har stort fokus på produksjonen og på dyra. Dei nyttar mykje av tida si hjå dyra, både i innefôringstida og i kalvings- og beiteperioden, og med særleg stor innsats i kalvingstida. Tekniske hjelpemidlar kan hjelpa ein del, men eigeninnsatsen må vera der. Det har og med husdyrinteresse å gjera og mange har stor interesse for avl. Avlsoksen gir mykje av grunnlaget for dei framtidige produksjonsinntektene og mange av dei dyktigast produsentane har stort fokus på val av avlsokse og/eller semin.
God økonomi i ammeku-produksjonen går og ut på å nytta dei samla ressursane på garden best mogeleg. Rikeleg tilgang på beite med låg fôrkostnad er viktig, og ammekyrne haustar grovfôret rimelegast om dei haustar det sjølv. Ein lang og god beitesesong er normalt ein viktig suksessfaktor. Val av rase blir tilpassa ressursgrunnlaget på garden. Har ein tilgang på mykje utmarksbeite og lite dyrka jord, er dei lette rasane som Hereford og Angus ofte å føretrekkja. Har ein tilgang til mykje dyrka jord og innhausta grovfôr, og i tillegg har gode og tråkksterke innmarksbeite med godt grasdekke, gir dei tyngre rasane som Limousin og Charolais ofte det beste økonomiske resultatet.

Val av bygningsløysing påverkar økonomien

Gjennom året er ammekyrne ein stor del av tida ute på beite. Dette må ein leggja vekt på når ein skal velja bygningsløysingar. Det er bygd ein del driftsbygningar til ammekyr som er nærast identiske med ein mjølkefjos, det einaste som manglar er mjølkeroboten. Slike bygningar kan vera rasjonelle og effektive, men kostnadane blir høge og totaløkonomien går ikkje i hop. Ein må sjå meir på enklare og kostnadseffektive løysingar som samstundes sikrar dyrevelferd og effektivitet i arbeidsdagen.

 

Bv44.indd

Stikkord denne saka: , ,