bv47_fag

I grove trekk kan ammekua dekke 90 prosent den totale energitrongen gjennom grovfôr og beite, opplyser Karl Vie, Nortura, i fagartikkelen. (Illustasjonsfoto)

I Norge har vi i dag om lag 69 000 ammekyr. Behovet om 15 år vil truleg ligge på 180 000 ammekyr.

Karl Vie
Storfekjøtrådgjevar Nortura

Dersom vi framskriv dagens utvikling i mjølkeproduksjonen og forbruket av storfekjøtt, vil det vere rom for 110.000 nye ammekyr i 2030. Andreas Lundegård og Halldor Skaare hadde ein interessant artikkel i Bondevennen nummer 44 om økonomien i ammekuproduksjonen. Der viser dei at økonomien i produksjonen har utvikla seg positivt dei siste åra. Denne utviklinga har kome gjennom auka produksjonstilskot og gjennom auka pris.
Dersom vi skal vere i nærleiken av å nå målet om å vere sjølvforsynte med storfekjøt, må stimulansen gjennom jordbruksforhandlingane fortsette i åra framover. For å legitimere auka tilskot må desse stimulere til auka bruk av beite og grovfôr.
I grove trekk kan ammekua dekke 90 prosent den totale energitrongen gjennom grovfôr og beite. Med andre ord så kan vi dekke det framtidige behov for storfekjøt til den norske befolkning gjennom å utnytte grovfôr og beite. Dei ressursane har vi, og marknaden er der.
Sjølvsagt må den økonomiske innteninga vere forsvarleg. Den store utfordringa i så måte er fokus på kostnad til hus for ammekua. Sjølv om økonomien vil bli betre tåler produksjonen uansett ikkje moderne ”mjølkefjøsstandard”. Her vil eg ”spele ballen” over til bygningsplanleggarar, byggleverandørar og og forskningsmiljøet:
Kom i gang med arbeidet med å utvikle rimelege og funksjonelle husløysningar til ammeku. I Nortura merkar vi no sterkt aukande etterspurnad etter rådgjeving for ammekuproduksjon. Dei som no er i ”tenkeboksen” eller på planleggingstadiet bør absolutt vurdere driftsopplegg. Det mest vanlege driftsopplegget i ammekuproduksjonen er det vi kallar tradisjonelt driftsopplegg, der alle kalvane vert framfôra til rekruttering og til slakt. For å optimalisere drift og økonomi vil det for mange vere betre og velge det vi kallar utradisjonell ammekuproduksjon.

Tradisjonell ammekuproduksjon.

Her vert alle kalvane fôra fram. Kvigekalvar som skal brukast til rekruttering av nye ammekyr vert påsett. Med brukstida som er på mordyra i denne produksjonen kan det dreie seg om 20 til 30 prosent av kalveårgangen. Resten av kvigene vert enten selde som livdyr eller fôra fram til slakt. Alle oksekalvane vert fôra til slakt. Utradisjonell ammekuproduksjon Ved eit slikt driftsopplegg vert alle kalvane som ikkje skal gå til rekruttering selde etter avvenning. Avvenninga bør skje seinast ved 7 månaders alder.

Økonomi

Ei stor del av inntekta i ammkuproduksjonen kjem som sagt gjennom tilskot over jordbruksavtalen. Tilskota er i stor grad knytt opp mot husdyr og beitetilskot til mordyra. I oksekjøttproduksjonen har husdyrtilskotet meir marginal betyding. Ved å selge kalvane etter avvenning vil ein spare fôr som i staden kan brukast til fleire mordyr. For dei fleste bruk vil dette gjeve betydeleg betre totalinntening. Grovt sett kan ein seie at ved sal av 10 oksekalvar ved fråvenning vil ein kunne spare grovfôr til 5 ammekyr. Dersom ein buskap som har 20 ammekyr sel 10 oksekalvar ved avvenning vil det gje fôrgrunnlag til 25 ammekyr. Ved sida av betre driftsøkonomi er det òg andre fordelar med utradisjonelt driftsopplegg.

Trong for bygning

Ved utradisjonelt opplegg vil det kunne vere aktuelt med oppstallingav mordyra og rekrutteringskvigene. Ved nybygg eller ombygging vil kostnaden av den grunn bli vesentleg lågare enn ved å også måtte bygge oppstallingsplass til oksar. Utradisjonelt opplegg vil òg vere lettare å få til i eksisterande mjølkekufjøs der det er aktuelt å gå over til ammekuproduksjon. Her vil ein kunne få til bra planløysing til ein akseptabel kostnad.

Arbeid og ferie

Utradisjonell ammekuproduksjon vil medføre at ein slepp å ha dyr oppstalla inne om sommaren, med alle dei fordelane det medfører med omsyn til ferie og fritid. Husk på at dersom ein reiser bort må ein alliere seg med andre for å gje dyra forsvarleg ettersyn på beite.

Fôrkvalitet

Dersom ein vel tradisjonell framfôring vil det lett bli konflikt mellom den fôrkvaliteten som høver for mordyra og den som høver for oksar. Oksane treng grovfôr med høgare fôreiningskonsentrasjon enn det ammekua gjer. Ved utradisjonelt opplegg kan ein med fordel utsette slåtten og auke grovfôrmengda til mordyra.

Arbeidsdeling

Det vil vere mange fordelar med ei arbeidsdeling i ammekuproduksjonen der nokre bruk konsentrerer seg om mordyrproduksjonen og andre om framfôringa av oksane. Ei slik spesialisering vil optimalisere økonomien ved at vi kan ta ut meir tilskot til mordyrproduksjonen.
Framfôringa av okseslakta vil vi ha kapasitet til i spesialiserte oppforingseiningar der økonomien vil vere meir knytt opp i mot volum og effektivitet.

Stikkord denne saka: , ,