Smittevernplakat

Smittevernplakaten fungerer som ei påminning om viktige tiltak som kan førebygga sjukdom og redusera risiko for smitte mellom fjøs og besetningar.

– Ei lenke er aldri sterkare enn svakaste ledd.

Liv Kristin Sola

Veterinær Per Gillund, frå Geno, minna om denne sanninga under ei samling på Særheim, på Jæren. Gillund leiar eit utval som skal sjå på om det er nokre felles grep som kan gjerast for å redusera risiko for at smittsame sjukdommar spreiar seg i norske fjøs.
Ulike sjukdomar dukkar opp i storfebesetningane med jamne mellomrom. Få har rekna på kva det kostar, i form av redusert produksjon, økonomisk tap, og redusert dyrevelferd. Mange sjukdommar går for å vera «noko ein må rekna med». Må det vera slik? Eller kan me sjølve gjera noko for å redusera tilfella av smittsame sjukdommar som vitjar besetninga frå tid til annan?
Gillund er ikkje i tvil. Talet på tilfelle av smittsame sjukdommar kunne vore redusert dersom heile næringa tok smittevern på alvor.

Kvifor?

Smittevern er svært viktig for å redusera risiko for å overføra smittsame sjukdommar mellom besetningar. Dei såkalla A og B sjukdommane er sjeldne, men alvorlege. Veterinærar og laboratorium som får mistanke om eller påviser A- eller B-sjukdom hos dyr, skal varsla Mattilsynet. C-sjukdommar oppstår hyppigare og er ikkje meldepliktige. Desse må næringa sjølv handtera. Gillund ramsa opp luftvegssjukdommar og diare som lett smitter via klede og støvlar/sko. Ringorm er ikkje så utbredt, men er vanskeleg å bli kvitt om ein får smitten. Mastittbakterien Str. Agalactiae, kostar mykje pengar og er vanskelig og tidkrevjande å bli kvitt om ein har fått den påvist i besetninga.
– Veterinærar, inseminørar og rådgjevarar, dei me kallar «fjøsvandrarar», besøker mange fjøs i løpet av ein arbeidsdag. Dei vil alltid representera ein viss smittefare. Det same vil den gode naboen, som berre kjem innom ein liten tur, minna Gillund om.

Digital dermatitt

Samanlikna med mange andre land, er klauvhelsa god i norske besetningar. Men me har ingen garanti for at det vil fortsetta slik.
– Sørg for å få skikkeleg utfylt veterinærattest dersom du kjøper livdyr. Vær spesielt obs på digital dermatitt, råda Gillund.
Digital dermatitt er ein klauvsjukdom me har lite av i Norge, men den er registert, den er smittsam og den er mest umogleg å bli kvitt. Den er smertefull, både for dyra og for lommeboka til bonden.

Utanlandsk arbeidskraft

Gillund understreka kor viktig det er at dei tilsette får god informasjon som dei forstår.
– Det er bonden sitt ansvar at alle som er tilsett og gjer ein jobb i fjøset, får informasjon om smitterisiko. Det er viktig at dei forstår kvifor, og kva det inneber, sa veterinæren.
Gillund sette opp nokre punkt som er viktig å tenka over:

  • Ta på alvor 48-timars regelen etter ei reise utanlands.
  • Vask alle klede og sko som er brukt i andre land.
  • Innfør gode rutinar for utanlandske arbeidarar som har vore heime på ferie. Gi dei fri i to døgn etter at dei kjem attende.
  • Vær obs på import av brukt utstyr.

Sjølv det som på papiret er desinfisert og godkjent, har vist seg å overføra smitte.

 Vinterdysenteri og BRSV

– Vinterdysenteri er den viktigaste og mest alvorlege diare-sjukdommen me ser i dag. Den er vanleg i heile landet, gjennom heile året, og dukkar opp periodevis. Den er svært smittsam og råkar ofte fleire besetningar, sa veterinæren.
Vinterdysenteri (smittsam diaré), er ein akutt, smittsam mage-, tarm og luftvegsinfeksjon. Årsaka er som oftast coronavirus, og sjukdommen rammar berre storfe. BRSV er eit av dei mest smittsame virus som angrip luftvegane og gir luftvegsinfeksjonar hos storfe. Sjukdommen smitter ikkje til andre dyr eller til menneske.
– BRSV årsakar feber lungebetennelse og bronkitt, og er ei utfordring med tanke på bruken av antibiotika, sa Gillund.

Felles innsats

Alle må jobba saman for å sikra at smittevern i norske fjøs. Mange har etablert smittesluser, men ikkje alle vert nytta etter intensjonen.
– Truleg må det til ei endring både av rutinar og haldningar. Sjuke dyr utfordrar både dyrevelferd, økonomien og medisinbruken, sa veterinæren.
Sjølv kan han opplever haldningar som er negative til å etablera tiltak.
– Somme er litt oppgitt; det nyttar ikkje, eg har ikkje tru på denne myten, er utsegn veterinæren møter ute på bygda.
Estimerte berekningar ved til dømes vinterdysenteri, tyder på at denne sjukdommen kostar 40.000 liter i produksjonstap, i ein gjennomsnitts norsk besetning. Summerer ein opp tala, svarar det til ein reduksjon i avdrått på 160 mill. liter, eller 6 prosent av den totale mjølkeproduksjonen.
– Slik kan me fortsetta; tap på grunn av dårleg kalvehelse, dårleg jurhelse og reproduksjonsproblem, understreka Gillund.

Tiltak som har effekt

Veterinæren såg inga grunn til å dramatisera situasjonen. Men det er heller inga grunn til å ignorera den potensielle risikoen det inneber å ikkje ta smittevern på alvor.

  • Eigne støvlar og klede.
  • Handvask.
  • Reinhald av utstyr som vert brukt i fjøset.
    – Det handlar om å vera føre var. Ingen veit kor, når og kva for smitte som kan dukka opp, minna Gillund om.
Stikkord denne saka: , , ,