BN+

– Mjølkeprodusentar kan bli meir sjølvforsynt med protein. Det handlar om å sikre høg fordøyelegheit og nok sukker i grovfôret, seier forskar Håvard Steinshamn. Han meiner protein frå norsk eng kan erstatte mykje soya.


Liv Kristin Sola


Håvard Steinshamn, seniorforskar ved NIBIO Tingvoll, trur vi undervurderer gras som proteinkjelde i mjølkeproduksjonen.


– Grovfôret er utan tvil den viktigaste proteinkjelda til mjølkekyr. Det er det lite snakk om, seier Steinshamn til Bondevennen.


Han minner om at sjølv på dei høgaste ytingane er graset den viktigaste proteinkjelda til drøvtyggjaren.


– Det er viktig å ha med seg, seier Steinshamn.

Energi til mikrobane

Forskaren ønsker å finne fleire svar på korleis auka proteinverdi i surfôret påverkar avdråtten til mjølkekyr.


– Vi veit at høg fordøyelegeheit og høgt innhald av sukker aukar proteinverdien, men vi veit for lite om korleis det påverkar produksjonen, seier Steinshamn.


Forskarkollega Åshild Randby, ved NMBU, har ifølge Steinshamn, påvist høgare tilvekst på oksar og kastratar på restriktivt gjæra surfôr, delvis som ein effekt av høgare proteinverdi.


– Vi har ikkje tilsvarande forsøk i mjølkeproduksjonen som styrkar denne teorien. Det vil vi prøve å få til no, seier Steinshamn.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,