BN+

Artsrikedom: I denne enga, sådd med SPIRE Vestland, fann vi: engrapp, raigras, strandsvingel, engsvingel, hundegras og timotei.


Vestlandet er ein mangfaldig landsdel der topografi og klima skapar ulike vekstforhold for grovfôrproduksjon. Val av sortar til eng og beite er viktig for produktiviteten til enga.


Lena Abel, Åsmund Kristensen, NLR Vest


Ulike frøblandingar taklar ulike klima- og miljøforhold. Dei utfyller kvarandre og utnyttar næringsgrunnlaget til å etablere eit godt plantedekke. Eit typisk vestlandsbruk har store ulikheiter i veksttilhøve innanfor driftseininga. Det å gjere eit rett val av frøblanding på dei ulike teigane, er difor viktig for å utnytte potensialet til garden. Valet av frøblanding kan også vidare påverke avling og førekomst av ugras, samt gje ein meir balansert fôrverdi.
FK Agri sel ca. 1000 tonn med frøblandingar kvart år. Av dette er om lag halvparten blandingar med timotei, engsvingel og raudkløver. Vintersterke sortsblandingar står for nesten halvparten av dette volumet. Surfôrblandingar med 10 % raigras utgjer i overkant 10 % av salet. Det meste av Pluss10-blandingane vert seld på Vestlandet, men òg litt på Austlandet og i Trøndelag. Felleskjøpet Rogaland Agder har som venta ein heilt annan fordeling på selde frøblandingar. Her er raigras, med sitt store avlingspotensial, dominerande art i nesten halvparten av volumet. Legg vi til blandingar med 10 % raigras, står dette for nesten 70 % av salet. Dei mest aktuelle såfrøblandingane til Norgesfôr på Vestlandet er: Strand Nr. 13, 14 og 15.

Bestilling

Driftsform spelar inn på kva grovfôret skal innehalde. I mjølkeproduksjonen ynskjer vi meir konsentrert grovfôr og ein auka del av eigenprodusert protein. Denne enga må tole tidleg og hyppig slått. Bonden treng ei eng som kan etablere seg raskt, vere varig og tole ekstremvêr; anten det er regn eller tørke.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: