BN+

Engasjert: Sem Garborg er leiar i Time Svineavlslag. Den engasjerte bonden er uroa over at det er for få unge som er med der bønder samlast. – Skal me påverka framtida vår, må me vera til stades der sakene blir diskutert, seier han.
Portrettet:

Fyrar seg opp i svinedebatten

– Eg er lett å fyra opp, seier Sem Garborg. Nå tek den fritalande Time-bonden til orde for at nye smågrisprodusentar som vil inn, må betala tilsvarande det som blir betalt når purker blir kjøpt ut.


Sjur Håland


Garborg sitt forslag vil bety at eventuelle nyetablerarar, som vil starta med smågris, må betale 16.000 kroner per purke inn på kontoen til Omsetningsrådet. Med 105 konsesjonspurker vil det då kosta 1,68 millionar kroner ekstra å bli ein heilt ny smågrisprodusent.

Løyser ingen ting

For mykje smågris i den norske svinemarknaden har fått mange til å tenkja høgt kring moglege løysingar på flokane. Garborg har lite sans for ideane som har blitt lansert i det siste om å løyve Innovasjon Norge-midlar til nye slaktegrishus og/eller hevje konsesjonsgrensene på slaktegris.


– Forslaga løyser absolutt ingen ting. Resultatet blir auka overproduksjon og ei auke i sentraliseringa av svineproduksjonen. Dette er definitivt det siste næringa treng nå, seier han.


I følgje Garborg har det blitt teke ut 30.000 smågris i 2019. I tillegg har det blitt slakta lettare griser.


– Til saman representerer dette 2.000 tonn svinekjøt som elles ville vore på lager nå. Kostnaden med smågrisoverskotet har svinenæringa delt på. Nå må me arbeida vidare og ta grepa i rette enden. Det er smågrisproduksjonen som må reduserast, understrekar han.

Meiningslaust

Han fortel at i løpet av dei åra han har drive med gris, har det vore tre rundar med oppkjøp for å få purker ut av produksjon.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,
Share This