BN+

Kor lite kan me leve av?: Store utgifter og lite inntekter pregar startfasen i ammekuproduksjonen, men Ingvild og Eirik er stolte av fjøset sitt og held fast på at dei vil vere skikkelege bønder.


Det var alt eller ingenting for Ingvild og Eirik Luteberget Nesheim då dei overtok heimegarden til Eirik i 2016.


Liv Kristin Sola


Det er snart tre år sidan Ingvild og Eirik Luteberget Nesheim overtok garden Tunheim i Vats. Avgjersla var godt gjennomtenkt. Begge var i gode jobbar, foreldre til Magnus, og godt etablerte på Vigrestad på Jæren, nær Ingvild sin heimstad Nærbø. Skulle dei flytte og starte på nytt?


– Ein ting var i alle fall klart. Skulle me velje garden skulle me vere skikkelege bønder. Ikkje gå fullt på arbeid begge to og drive litt gard på si, seier Ingvild, som for tida har permisjon frå rådgivarjobben. Ho sit i sofaen med Eline på fanget. Far og gutane er på jobb og i barnehage.

Ikkje halvvegs bonde

Eirik sine foreldre, Elisabeth og Steinar, fôra fram oksar i det det gamle båsfjøset fram til Ingvild og Eirik overtok sommaren 2016. Dei kjøpte fem ammekyr med kalvar, og i tillegg hadde Steinar kjøpt sju kvigekalvar året før.


– Beita er den viktigaste ressursen på garden og me ønska å ha ein beitebasert produksjon. Beitene er legitimiteten til norsk landbruk. Det vil me ta på alvor, seier Ingvild.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , , ,