Eit livsverk: Etter 15 år med skog- og beiterydding kan Tom Melkevik endeleg skode over opne landskap og ønsker alle velkommen til Kringsjå.

I 15 år har dei hogd, brent og rydda i Byheiene i Haugesund. Lønna er eit næringsrikt sauebeite og eit ope kulturlandskap til glede for byens innbyggarar; bynært, veglaust og økologisk.

Liv Kristin Sola

– Hei, seier dei to ungdommane me møter langs stien frå Steinsfjellet opp til Kringsjå. Dei flytter tømmer, lør vedkubbar og held orden. Ungdommane arbeider på Kringsjå gjennom kvalifiseringsprogrammet til NAV.

Karluf Håkull, fagansvarleg småfe Nortura vest, viser veg til heis.

– Etter ein enorm innsats, har dei etablert eit flott beitelandskap for villsaudrift her oppe – heilt imponerande, seier han.

Villsau på heilårsbeite er idyllisk, men slakteriet ser ikkje berre idyll.

– Dessverre er det somme vrangførestillingar om at villsauen klarer seg sjølv, men heller ikkje villsauen kan leve på luft og vatn. Dei må ha næring og tilsyn. Difor ville eg vise deg drifta her, korleis det kan vere, seier Karluf.

 

  • Karluf Håkull (t.v.) og Tom Melkevik med border collien Lissi.

Gardsfakta:

Byheiene i Haugesund var overgrodd av skog, kratt og brake, men ein enorm ryddeaksjon dei siste 15 åra, leia av Tom Melkevik, har opna landskapet og skapt eit verdifullt beitelandskap og eit viktig turområde for innbyggarane. Kommunen er grunneigar, men området på 3000 dekar vert disponert av Melkevik og Kristian Frette i Kringsjå sauesamdrift. Dei to har 80 gammalnorsk sau på heilårsbeite og økologisk drift.

Området har kring 30.000 besøkande i året og frivillige frå stiftinga Kringsjås Venner serverer vaflar og kaffi i hytta om søndagar.

Melkevik er tilsett fulltid hjå Kringsjås Venner. Han har ansvar for sauene og for Inn på tunet, som mellom anna tilbyr arbeidstrening for unge og vaksne og besøk frå barnehagar. Kringsjå Samdrift har godt samarbeid med Haugesund kommune.

Kringsjå: Øvst f.v.: Kringsjågjengen og Kringsjåhytta. Nedst f.v.: Kevin er Tom si høgre hand med sauene. Dei gammelnorske sauene er trivelege og viktige for Kringsjå.

 

Kringsjå

Oppe ved Kringsjå seter er det yrande liv. Barn frå Espira Skåredalen Barnehage nyt lunsjen i heia. Snart skal dei fôre sauene. Tom Melkevik dukkar opp i døra og ønsker velkommen. Den tidlegare bygningsmannen har dagleg ansvar for drifta på Kringsjå, for bygningar og sauer, og for brukarane av Inn på Tunet-tilbodet. Han er fagmann og kjentmann for alle som vitjar området.

– Kom og sjå. Her er utsikt, seier han, og tek oss med opp på ein av toppane.

Me ser Kringsjå-hytta som vart bygd på starten av 1900-talet for å gi ungdom i Haugesund eit alkoholfritt tilbod. Me ser Kringsjå Seter med det luftige fôringsfjøset som gir ly til sauene som beitar i kystkulturlandskapet. Me ser byen og havet, tett granskog og restar etter tømmerbål.

– Sitkagran var populært i si tid. Ikkje godt å seie kva dei tenkte på, seier Tom.

I årevis vaks granskogen tettare, brukte opp næringa frå jorda og kvelte til slutt alt liv på bakken.

– Det frodig beitelandskapet vart til ørken, seier Tom.

Konsekvens av utbygging

Tom vaks opp på sauebruk i Skåredalen, med ein far og ein onkel som levde for sauen. Sju år gammal fekk han sin første sau av ein erfaren bonde i bygda, og gnisten vart tend i ungguten.
Såt beitelag hadde 1000 sauer beitande i Byheiene på 60-talet. Så vart det slutt. Bustadutbygging tok driftsgrunnlaget frå dei 20 gardsbruka i Skåredalen. Også garden kor Tom vaks opp vart lagt under asfalt. Sauen forsvann frå heia. Skogen overtok beiteområdet. Utviklinga utrydda ikkje berre vipa, men også måka, skal me tru Tom.

– Utbygginga har skapt ubalanse i heile systemet, utan at eg trur dei forstår det sjølve. Det er så viktig å bu ved sundet, seier Tom.

Gjer seg ikkje sjølv

Frå 70-talet vart det stadig mindre å sjå – frå Kringsjå. Brake, kratt og tett skog øydela både beite og utsikt, og Kringsjåhytta stod til forfall. I 1990 hadde Tom sett seg trøytt på utviklinga. Han stifta Kringsjås Venner og mobiliserte god gammal dugnadsånd. Ungdomshuset vart restaurert og dei tok til å rydde området.

I dag nyttar Såt beitelag og Kringsjå samdrift kring 3000 dekar, alt inngjerda. Om lag 2000 dekar er brent og rydda, med rå muskelkraft. I 15 år har dei systematisk rydda, hogt og brent. Tømmeret var ikkje salsvare, så løysinga vart å brenne all hogsten på store bål, 140 i talet.

Deler kunnskap

Tom inviterer inn i seterhuset. Her har han 70 utstoppa fuglar og småvilt. Tom deler gjerne kunnskapen sin med alle som ønsker å lære om skjøtsel av utmarka, om kystkulturlandskapet, om villsauen og om lyngbrenning.

– Me brenn seint på vinteren, før fuglane hekker, medan jorda er våt og dei fleste dyra ligg i dvale, seier Tom.

Brenninga tek knekken på buskar og kratt – og truleg også flått, skal me tru bonden. I alle fall har dei mest ikkje registrert flått på dyra her i området.

– Folk må forstå samanhengane. Skal me klare å halde ope kulturlandskap, er me heilt avhengig av beitedyra våre.

Kringsjås Venner har tilbod til barnehage og førskule, arbeidstrening for ungdom og vaksne med ulike utfordringar, samt arbeid- og språkopplæring for flyktningar. I tillegg gir dei sommarjobb til 16 ungdommar frå vanskelegstilte familiar. Alle får jobbe i sitt eige tempo, får tid og kunnskap til å meistre arbeidsoppgåvene sine.

– Meistring er viktig, i tillegg til det sosiale og felles måltid, seier Tom.

Lukta av varm mat siv inn i stova. Kvar dag ét dei middag i lag her på setra, og det er alltid plass til gjester, som i dag.

– Draumen er å skape ein atmosfære og tradisjon som liknar det me har i beitelaga, seier sauebonden.

 

Viktig for mange: Kringsjå ligg tett på Haugesund og er eit populært turområde med 30.000 besøkande i året. Kringsjå sauesamdrift har ein flokk på Kringsjå og ein mindre flokk beitar i turområdet nord for Haraldsstøtten. 

 

Næringsrikt heilårsbeite

Fôringsplassen kan romme heile saueflokken, slik at dyra kan samlast til klypp og medisinering.

– Bygget står på trykkimpregnert materiale og «flyt» på myra. Det beveger seg med grunnen. Blir det frost, løfter bygget seg på frosten, seier Tom.

Fjøset er nærast vedlikehaldsfritt. Regn og vind tek seg av reinhaldet, skal me tru den bygningskyndige bonden. Ein smak av kraftfôr i ny og ne, gir bonden høve til å sjå over dyra og halde dei tamme. Elles er det heilårsbeite her på heia.

– Overalt veks det fint kulturgras som gir god næring også på vinteren. I tillegg er sauerasen flink til å gnage ned det som spirer av buskar og kratt, slik at det ikkje gror til, seier Tom.

Ta kontroll

Tom er nøye med å sjekke hald på søyene for å sikre at dei er i god stand før vinteren.

– Du må sjå heile dyret – og avkommet, for å vete kva stand søya er i om hausten, seier han.

Dei nyttar tre vêrar, alle årslam, som vert sleppt 15. november. Tom prøver å sette på vêrar som slepp ulla sjølve. Elles er det viktig med breie horn og rasepreg med utprega skjegg og ragg.

Lemminga tek til 10. april. Datoen er ikkje tilfeldig. Reven kvelpar same dato og truar ikkje lamma dei første dagane. Søyene vert sky kring lemming og trekker seg unna flokken. Tom trør dei ikkje for nær desse dagane, men nyttar kikkerten flittig for å sjekke at alt er bra.
Sauene vert klypt og vaksinert kring 20. juni. 15. september skil dei frå. Lamma får dei beste beitene dei to vekene frå fråvenning fram til slakt. Litt kraftfôr held dei samla og rolege. Sauene vert flytta til skrinnare beite dei neste to månadane.

Utfordring med utegangar

Karluf lyttar. Han skulle ønske at fleire tok innover seg bodskapen om at lam og sauer må skiljast om hausten for å unngå at lamma vert para for unge og får eigne lam før dei er i god nok kondisjon.

– Mordyra har ikkje nok mjølk og lammet får svak tilvekst og låg slaktevekt. Ingen vil ha lammeslakt på åtte ni kilo og slakteklasse P-. Det gir dårleg økonomi, og det er heller ikkje god dyrevelferd, fastslår Karluf.

– For å slakte fine lam om hausten, slik Tom gjer, må du ha ein plan. Skil frå lamma, bestem deg for om dei skal parast, og sørg for at livlam vert gode mordyr i god kondisjon. Gi gjerne støttefôring med kraftfôr om beitene er skrinne, rådar Karluf.

 

Sjølvmelding:

Nøgd med:

Å ha skapt ein plass for leik og kunnskap. Eg blir glad når eg ser kor viktig denne plassen har blitt for så mange menneske.

Kunne vore betre:

For sauedrifta sin del skulle me hatt ein veg.

Tips:

Alle kommunar skulle hatt eit slikt offentleg naturområde til innbyggjarane sine.

Sjekk hald og sørg for at dyra har mat gjennom vinteren: – For å slakte fine lam om hausten, slik Tom gjer, må du ha ein plan. Skil frå lamma, bestem deg for om dei skal parast, og sørg for at livlam vert gode mordyr i god kondisjon. Gi gjerne støttefôring med kraftfôr om beitene er skrinne, rådar Karluf Håkull (t.v.).

 

Jamn og god tilvekst

Lamma vert sende til slakt første veka i oktober. Tal lam om hausten er 1,2. Slaktevekta nokså stabil, mellom 12,6 og 12,8 kilo i snitt.

– Eg har undra meg kvifor vektene er så jamne, same korleis vinteren og våren har vore, seier Tom.

Til samanlikning er snittvekta for villsaulam slakta i 2018 på 11 kilo (11,4 kilo i Nortura).

– Med store mengder kraftfôr kan eg fôre dei opp til 16-17 kilo i snittvekt, men det blir feil i vårt driftsopplegg, konstaterer Tom.

Kraftfôr vert nytta mest som eit hjelpe- og lokkemiddel for å halde dyra tamme. Tom si erfaring er at villsaulam legg på seg for mykje feitt om dei vert fôra for hardt.

– Kjøtet på seintvoksande rasar er av beste kvalitet, men dei må få tid til å vokse og modnast, seier Tom.

Karluf er samd: – Med kvalitetstillegg og tilskot er det mogleg å tene pengar på villsau, det er heilt klart. Men du må vere ein god driftsleiar og ha ein plan for produksjonen, seier Karluf.

Tom skulle gjerne delt villsaukjøtet frå Kringsjå med andre, men dei har ikkje kapasitet til direktesal. Lamma går i varestraumen hjå Nortura.

– Om nokon vil ta jobben med formidling og sal av villsaukjøt frå Kringsjå, tek me gjerne ein prat, freistar Tom.

Gamle med gode beiter

Ein villsau kan bli gammal, men Tom si tilråding er at dei ikkje vert eldre enn åtte år. På skrinne beite med mykje lyng og brake, bør dei truleg utrangerast tidlegare.

– Dei får problem med tennene og får ikkje i seg nok næring, seier han.

Årleg rekruttering er kring 15 prosent. Påsettlamma får ekstra tilsyn for å sikre godt hald og kondisjon slik at dei kan parast allereie første vinteren. Men dei går med vêren noko seinare enn dei vaksne.

– Eg kan pare årringane fordi beitene har så god kvalitet med mykje fint og næringsrikt kulturgras som er heilt avgjerande for vinternæringa, seier Tom, og peiker på dei grøne flekkane i landskapet.

Ein ting har den erfarne sauebonden erfart; ikkje bli freista til å gi ekstra kraftfôr etter lemming.

– Desse marginale rasane toler ikkje store endringar i kraftfôrmengd. Det slår ut i mjølkefeber og du mister søya, konstaterer Tom.

Kunsten er å få søyene i godt hald om hausten slik at dei får bygd opp eit innvendig feittlager, ein energireserve, som dei tærer på gjennom vinteren.

– Rasen lagrar energifeitt i lår og i nyrestokk. Slik er dei godt rusta til lamming om våren, seier Tom.

Realiserer ein draum

Det står framleis att veker og år med rydding av beite på Kringsjå, men Tom gler seg over at draumen er i ferd med å bli slik han såg føre seg.

– For 15 år sidan var det ingen som nytta dette området – no har me 30.000 besøkande i året. Kringsjå har blitt ein viktig kunnskapsarena.

Tom er stolt over at området har blitt eit samspel mellom kulturlandskap, historie, folk og dyr. Ein stad der byfolk får respekt for dyra og kunnskap om å ta vare på landskapet og mangfaldet. Dei ser at alt heng saman og at ingenting er tilfeldig. Året har ein syklus.

– Alle kommunar skulle hatt eit slikt område, meiner Tom.

Han ønsker store og små hjarteleg velkommen til Kringsjå.

Stikkord denne saka: , ,