Kreativt: Når bonden legg taket sjølv, er det rom for litt kreativitet. Bente og Kato Frøvik driv med smågrisproduksjon på garden i Sveio.

Ein ny start etter MRSA

mai 20, 2020 | Reportasjar

Påvising av MRSA i grisebesetninga sette livet på hovudet for Bente og Kato Frøvik. Etter sanering og ein ny start, kan dei skilte med gode resultat i produksjonen.

Jane Brit Sande

Ein nykommar på Ingris sin årsstatistikk for 2019 er Sveio-bøndene Bente og Kato Frøvik. Dei kom på tiandeplass i årsstatistikken med 32,8 avvendte per årspurke. Dette har dei greidd etter knallharde år etter å ha fått påvist MRSA i besetninga. Bøndene har hatt mange kampar for å få erstatningane dei hadde krav på.

– Berre godkjenninga av saneringsplanen tok fleire månadar. Det burde vore utnemnt eit nasjonalt utval som handterte dette. No skulle alle meine noko, seier Kato.

På garden har han og kona smågrisproduksjon i full konsesjon og dei leverer 2-300 gris til slakt. I tillegg har dei sau, 257 søyer har fått totalt 575 lam i vår.

Ukjend smittekjelde

Kato og Bente var i ferd med å sluttføra utbygginga av sauehuset då meldinga om MRSA-påvising kom i starten av november i 2016.

– Me vart testa fordi ein besetning som kjøpte smågris av oss, hadde fått påvist smitte. Sidan vart det påvist hjå ein til. Ei heilt forferdeleg kjensle, seier Kato.

Den dag i dag, er det ingen som veit sikkert kor Bente og Kato fekk smitten frå.

– Berre eit år tidlegare, hadde me negativ MRSA-test. Me var skråsikre på at desse besetningane ikkje hadde fått smitten frå oss. Det var eit sjokk, seier Kato.

Ekteparet hadde strenge rutinar for å beskytta dyra. Det var svært avgrensa kven som fekk koma inn i grisehuset. Dei hadde eigne arbeidsklede til bruk i grisehuset og eigenrekruttering av purker. Gardshjelpa Oleksandr vart MRSA-testa og sett i karantene kvar gong etter at han hadde vore i heimlandet Ukraina. Bøndene tok også MRSA-prøve når dei hadde vore utanlands. Med besøksloggen hadde dei god oversikt over kven som hadde vore inne i fjøset til ei kvar tid.

– I motsetnad til i dag, låste me ikkje alle dørene til fjøset. Bønder i distriktet har videoopptak av at framande tar seg inn i fjøset på natta. Då er vegen kort til å mistenka at det same har skjedd her, og at det er slik smitten har kome inn, seier Kato.

– Litt av ein dag

Bøndene var begynt å bli klare for ei hektisk veke med grising og døgnvakter i grisehuset. Dei fortel om harde dagar.

– Me fekk fullført grisinga, men det var tøffe dagar. Det kjendest feil å ta i mot grisungar som me visste skulle bli avliva berre dagar seinare, seier Bente.

Bente og Kato hadde 1051 griser i grisehuset den dagen dei fekk telefonen. 200 av desse vart sende til slakteriet. Resten vart avliva på tunet.

– Eg og Bente stod i fjøset og jaga dyra ut i puljar, og Fatland og Mattilsynet tok seg av og kontrollerte avlivinga. Far tømte traktorskuffa med avliva dyr i konteinaren, seier Kato.

– Det var litt av ein dag.

Han og kona meiner at dei helst burde ha sloppe å vere heime den dagen dyra skulle avlivast.

– Det var mange kjensler i sving. Eg fekk ein sterk reaksjon då eg stod med dei siste grisene. Det var så trist, seier Bente.

Våren 2017 sette bøndene i gang med saneringa. Alt av innreiing, fôringsanlegg og ventilasjonsanlegg måtte fjernast. Det var berre skalet igjen. Produksjonen var delt i to grisehus. Det eine var av nyare dato, bygd i 2008. Det andre var av eldre dato, og var vegg i vegg med sauehuset. I det eldste fekk Kato og Bente forbod mot å ha griser. Derfor har dei, i samband med saneringa, bygd på 2008-huset. Bøndene la om til SPF, og dei første purkene kom til gards 18. januar 2018.

Tar rekninga for folkehelsa

MRSA, sanering og oppbygging. Det har kosta på fleire vis.

– Eg spøker med at eg vart ti år eldre i løpet av saneringsperioden. Men det er ikkje heilt fjernt frå sanninga. Det har vore tøft, seier Kato.

– Du var nok meir på kontoret enn i fjøset i periodar, seier Bente.

Kato vart ein kløppar på telefon og epost. Byråkrati, rettar, og krav. Kampane har vore mange. Dei skryter av god hjelp og støtte frå produsentrådgivarane til Fatland. Utslaktinga var ei påkjenning, den økonomiske uvissa var ei anna.

– Heldigvis hadde me avbrotsforsikring som dekte inntektstap i to år, seier Kato.

Den gong var det aldri snakk om krisepakke. Dagens nyheitsbilete gir ein liten bismak.

– Eg er ikkje i tvil om at dei økonomiske tiltaka som blir gjort no, i samband med koronakrisa, er riktig. Men MRSA-kampen, som heile grisenæringa har tatt ansvar for, er eine og aleine eit tiltak for folkehelsa, og me må ta store delar av rekninga, seier Kato.

Han anslår at saneringa totalt har ein prislapp på 20 millionar kroner. Sjølv måtte dei dekka tre millionar.

– Eg meiner at det ikkje er riktig at me måtte ut med så mykje, og at me i tillegg måtte nytta eigne forsikringar. Forsikringspremien har gått opp med heile 120 prosent for grisenæringa dei siste åra, seier Kato.

Gode purker: Bøndene skryter av purkene dei får frå Johannes Silde i Etne. Foto: Privat.

Trur SPF er framtida

Bøndene har positive erfaringar med å legga om til SPF.

– Den største forskjellen er den enorme tilveksten, seier Kato.

Dei sel smågrisen ei til to veker tidlegare enn dei gjorde før saneringa. Gris som dei fôrar fram til slakt, blir sende opp mot tre veker tidlegare.

– I tillegg er det veldig lite sjukdom, og me har betre tilslag på insemineringa, seier Bente.

Kato og Bente trur SPF er framtida i norsk svinenæring.

– Grisene treng mindre fôr og har betre tilvekst. Det gjer at SPF vil tvinga seg fram av seg sjølv, seier Kato.

Gode purker

Bøndene har hatt TN70-purka sidan før dei sanerte, og erfarer at ho fungerer godt.

– Eg veit at mange bønder meiner ho er for aggressiv. Det er ikkje vår erfaring. Eg likar å samanlikne ho med ein Formel1-bil: Du må vite korleis du skal handtere farten, viss ikkje går det gale, seier Kato.

Ungpurkene kjem frå Johannes Silde i Etne kommune.

– Me får utruleg gode og fine purker, seier Kato.

– Når ungpurkene kjem, brukar me tid saman med dei inne i garden. Lar dei bli kjende med oss, og klø dei bak øyra. Det trur eg tener oss, seier Bente.

Bente er sjefen i grisinga

Besetninga er delt inn i puljer på 40-45 purker, med sju vekers puljedrift. Det er Bente som er sjefen i grisinga. Saman med drengen Oleksandr syter ho for tilsyn stort sett heile døgnet når det er grising. Dei vil vere til stades medan det står på, og er villige til å gjere ein ekstra innsats for å løfta resultatet.

– Me har romslege bingar, og lar purkene finna roen i god tid før grising. Me har ikkje høve til å fiksera purkene, og meiner at med god plass i bingen er det heller ikkje naudsynt, seier Bente.

Dei tar imot kvar einaste grisunge, tørker av med spøne slik at dei får varmen, og sett kateterklype på navlestrengen for å hindra bakterievekst.

– Etter kvart som grisungane får nok mjølk, legg me dei inn i smågrishjørna. Der er det mjukt og varmt. Elles går me att og fram i og mellom avdelingane, ser etter, og berger ein og annan grisunge. Det har me igjen for, seier Bente.

– Ein gris som har det godt, produserer godt. Slik er det eigentleg med alle dyreslag, seier Kato.

I staden for yoghurt eller mjølkepulver, nyttar bøndene ammepurke. Tidssparande og nyttig, erfarer dei.

– Eg har sterk tru på at ammepurka bidreg til lågare dødelegheit. Siste sjekk på statistikken vår viser 15,4 avvendte per kull, seier Kato.

– Det er motiverande med gode resultat, og me jobbar heile tida for å bli betre, seier Bente.

 

Stikkord denne saka: , ,