Har tru på mjølk i Bygda: Marianne og Torstein Barkve har tru på mjølk i Bjørheimsbygd. Familie og tilknyting er viktige grunnar for at dei valde å bli bønder i Bygda.

Eit heftig prosjekt i Bjørheimsbygd

25. januar 2023

Å drive gard i Bjørheimsbygd lokka meir enn bylivet og sikre jobbar for Marianne og Torstein Barkve. – Det gir meining å produsere mjølk og mat her i Bygda, seier Marianne.

Liv Kristin Sola

Då Marianne og Torstein flytte frå rekkehuset i Stavanger til Bjørheimsbygd i Strand i Ryfylke, var det for å overta det siste aktive mjølkebruket på flatene i Bygda. Eit nytt trefjøs, ein brukt mjølkerobot og masse pågangsmot skal sikre lokal matproduksjon også i komande år.

– No har me strekt alt så langt me kan for å sjå kva me kan få til, seier Torstein.

Han kallar det eit heftig økonomisk prosjekt for eit mindre bruk.

– I jærsk samanheng kan me få mindreverdigheitskompleks for måten me har satsa på, men me trur det er fornuftig og viktig at dei mindre også satsar, seier den ferske bonden.

Har tru på mjølk

Torstein vaks opp med mjølkekyr, sau, nokre griser og litt høns. Seksten år gammal flytte han ut for å ta utdanning og studiar. Etter ein bachelor i datateknologi, hadde han heile verda som arbeidsplass.
Det var ikkje sjølvsagt at nokon av dei tre brørne skulle overta, men då Torstein bestemde seg, skulle det ikkje gjerast halvvegs. Dei siste åra har han spart opp pengar for å kunne overta og gjere dei investeringane som trengst. Drifta måtte moderniserast, men ikkje overdimensjonerast.
Med Marianne på laget, gjekk dei gjennom ulike alternativ. Men med mål om å ein dag kunne leve av garden, var det ikkje aktuelt å kutte ut mjølka. Jerseykyrne var også ein medverkande årsak til at dei ville drive med mjølk.

– Me har tru på mjølkeproduksjon og me har blitt skikkeleg glad i desse jerseykyrne våre, seier Marianne.

Gardsfakta:

Marianne Nårstad Barkve og Torstein Melhus Barkve flytta til heimegarden hans i Bjørheimsbygd i Strand kommune i Rogaland, for to år sidan. Dei starta med å overta sauedrifta, og søkte same år Innovasjon Norge om tilskot til å bygge robotfjøs i tre. I 2022 overtok dei garden og ein flokk på 16 jerseykyr. Dei leiger hus og jord av naboen, og i mars flytta dei buskapen inn i nytt fjøs. I sommar kom sonen Håkon til verda.

Dei eig 70 tonn kvote og leigar 80 tonn, og disponerer 150 dekar dyrka mark, kor godt halvparten er deira eige. Saueflokken tel 50 vinterfôra ryggjasøyer.

Torstein jobbar 50 prosent som IT-ingeniør/ utviklar. Marianne er for tida i permisjon, men har full stilling som lærar ved Strand videregående skole.

– Og dei gir kanskje verdas beste mjølk, akkurat no, med tanke på avl og utvikling av mjølkerasane i moderne tid, meiner Torstein.

Dyra har funne seg til rette i det nye fjøset. Bella, Vilde, Ellinor og to gonger Rita. Lilly med dottera Lilje og Olava som er mor til Oline.

– Å gi dei namn har blitt ei trivselsgreie for Torstein og meg, seier Marianne.

Raseval: Marianne og Torstein vil halde fram med jersey, som dei har hatt på garden dei siste tjue åra. Liten kvote, trivelege dyr og høgt tørrstoffinnhald er viktige grunnar til at rasen passar godt på eit mindre bruk. Foto: Privat

Høna eller egget

Marianne og Torstein brukte lang tid på planlegging og plassering av fjøset. Dei besøkte mange typar fjøs for å sjå ulike val og løysingar.

– Me måtte prøve å finne dei løysingane som var rett for oss, seier Marianne.

Det vart mange utkast. Til slutt fekk dei tilgang til teikningane og kunne gjere dei justeringane dei ønska. For å få tilskot frå IN måtte dei ha ein plan for korleis prosjektet kunne bli levedyktig. Det inkluderte avtalar om jord og kvoteleige.

– For vår del vart det litt høna og egget. Me var avhengig av tilskot, men ikkje i posisjon til å auke ressursgrunnlag dersom det ikkje vart bygging, seier Torstein.

Marginane var stramme. Torstein ville teste driftsplanen mot ei rente på seks til sju prosent, men banken meinte det var pessimistisk. Sidan har verda endra seg.

Lokale leverandørar

Januar 2021 vart søknad sendt til Innovasjon Norge. Ventetida brukte dei til å halde kontakt med leverandørar og seljarar for å sikre at prisane var innanfor det dei kunne tole for å få prosjektet realisert.

– Mentalt var det ein spesiell prosess med mykje tankeverksemd, seier Torstein.

I slutten av februar fekk dei løyve om tilskot frå IN.

– Då vart det god stemning, seier Torstein.

10. mai 2021 gjekk startskotet for grunnarbeid. Sommaren gjekk til forskaling, gjødselkum og dragarar. Spaltene kom tidleg haust.
Riska Sagbruk har levert tømmer, og så langt som råd har dei brukt lokale leverandørar og fagfolk. Dei henta inn bod frå fleire aktørar, og sjekka ut kven som hadde godt rykte på seg. Med Riska Sagbruk gjorde dei avtale om fastpris. Resten av fagfolka arbeidde på timar.
Torstein har vore byggeleiar og hatt ansvar for framdrifta i prosjektet, og for å halde kontroll på kostnadane.

Trefjøs: Fjøset er i massivtre, bygd i eit slepplaft-system av kjerneved i malmfuru. Kjernen vender utover i ytterveggen, som blir eksponert for sol, vind og fukt. Bygget er sett opp plank for plank på staden, og olja utvendig. Naturleg ventilasjon med kip i mønet og luftinntak mellom sperra.

Utmattande prosess

Allereie i 2010 var far til Torstein inne på tanken om å bygge fjøs. Det skulle vere i tre. Det vart ikkje den gong, men då Marianne og Torstein gjorde alvor av fjøsbygginga, valde dei å bygge i nettopp det materialet.

– Inneklima, dyrevelferd og brannsikring er dei viktigaste grunnane, summerer Marianne.

– Med tre kan me også gjere justeringar undervegs. I tillegg gir det rom for stor eigeninnsats, seier Torstein.

Fjøset stod klart i mars, og IT-ingeniøren som ifølgje han sjølv starta med ti tommeltottar, vart ein habil tømrar undervegs. Paret har hatt god hjelp, ikkje minst frå far til Torstein, og eigeninnsatsen har vore formidabel. Dei legg ikkje skjul på at det har kosta.

– Det vart mykje ansvar på ein gong, og mange tankar og val å ta som får betydning for framtida, seier Marianne.

Dei var begge i full jobb i tillegg til fjøsbygginga, då dei overtok garden i januar 2022.

– Å stå med heile ansvaret for drifta, alt papirarbeidet og planlegginga, og for at budsjettet for byggeprosjektet ikkje skulle ryke, det var ganske utmattande, seier Torstein.

Han har vore skikkeleg på felgen og periodevis sett mørkt på alt.

– Når prisane steig og ting balla på seg, kom dei negative tankane. Kjensla av at me jobba oss ihel for eit prosjekt som aldri vil løne seg. Det tæra på kreftene, seier Torstein, og ser bort på Marianne.

– Me var nok meir sårbare enn me trudde me kom til å bli, seier ho.

– Eg er glad eg har verdas beste kone, seier Torstein.

I juni kom Håkon til verda. Permisjon ga eit etterlengta pusterom.

– To veker med sjelefred, kor me hadde tid til å vere familie. Det gjorde godt, seier Torstein.

Gangveg: Ein gangveg over kalvingsbingen og velferdsavdeling gjer at dei kjem seg tørrskodd til roboten, ikkje minst for servicefolk. Her oppe har dei god oversikt over alle dyra i fjøset. Oversikt har dei også frå det store vindauget i kontoret. Kalvingsbingane har halm og opne grindar slik at dyra ikkje vert avstengd frå flokken, og vakuumuttak slik at kyrne kan mjølkast i bingen.

God drift

Fjøset er bygd med plass til 30 jerseykyr pluss velferdsavdeling, kalvingsbingar, sinkuavdeling og plass til oppdrett. No må dei auke buskapen og produsere mjølk med god kvalitet og høg tørrstoffprosent. På sikt er målet å bygge opp ein besetning som har så god kvalitet at dei vert ettertrakta som livdyr.

– Me må sette kunnskapen i system, lage oss gode rutinar og finne ut kva god drift betyr for oss, seier Torstein.

Han siktar til avdråttsnivå, fôring, kalvingstidspunkt, utnytting av beita, og kva dei rår over av ressursar og kunnskap.

– Det finst mange rådgivarar der ute. Me må finne ut kva me har bruk for og kva me vil gjere sjølve, seier han.

Eit eventyr

Marianne vaks opp på Jåttå utanfor Stavanger. I staden for barnehage var ho med mor, mormor og morfar på jobb i familiegartneriet, Nårstad Blomster. Ho har studert internasjonal politikk, norsk og pedagogikk, og blant anna jobba med innvandring og undervisning av flyktningar. No er ho lærar ved Strand videregående skole.
Læringskurva vart like bratt for henne som for Torstein, men på eit anna vis. I tillegg til å sette seg inn i planteikningar og byggeprosessen, fôring og dyrevelferd, har den ferske bonden blitt innvigd i landbrukets stammespråk og tankesett.

– No forstår eg kvifor «etter fjøstid» er eit tidsomgrep, seier ho.

Romsleg: God plass og god oversikt er viktig. Innvendig har dei olja veggane med ein lys farge.

Må sikre lokal matproduksjon

Marianne og Torstein er opptekne av at maten skal produserast på ærleg vis, utan snarvegar. Dei meiner matsikkerheit handlar om å styrke lokal produksjon, og om å bruke ressursar best mogleg.

– Me må forstå at dei vala me tek i butikken påverkar matproduksjonen og landbrukspolitikken, seier Marianne.

Dei har merka seg at berekraft og klimaavtrykk har blitt viktig når matproduksjon står på dagsorden, men trur det er lett å bli lurt av trendar, merkeordningar og politiske forenklingar.

– Me skal liksom summere og finne absolutte svar på kompliserte spørsmål. Det handlar om å definere kva som er klimavenleg, det er nesten litt teoretisk akrobatikk. For oss gir det meining å bidra til å sikre lokal matproduksjon. Det trur me er berekraftig, seier Torstein.

Då Marianne studerte i København, valde ho ein periode å vere vegetarianar.

– Eg har alltid vore nysgjerrig på mat, men når mat vert storindustri og kjøtet ser grått ut i butikkhyllene og nesten er gratis, då er det noko som ikkje stemmer, seier Marianne.

Det gir meining

Ho meiner landbruket har eit ansvar for å opplyse forbrukarane, vise dei korleis maten blir produsert og korleis ting heng saman.

– Folk vil ta berekraftige val, men me klarer ikkje sjå dei store samanhengane. Me mister fokus. Ein ser ikkje at sauene som beitar i utmarka et vekstar i område som elles ikkje kan nyttast til matproduksjon.

Berekraft handlar også om sjølvforsyning og beredskap, å produsere mat der ein kan, held ho fram, og vert drøymande i blikket når ho snakkar om lamming, om sauesanking, og om lokal matproduksjon.

– Det er jo eit eventyr. Å gå utanfor stien og sjå etter sauene som beitar i utmarka, langt vekk frå bylivet. Det gir meining, seier ho.

– Kva tenker de om framtida til norsk mjølkeproduksjon?

– Eg trur det kjem store omveltingar fram mot lausdriftskravet, og eg trur det er viktig å leggje til rette for produsentar som tør å satse. Me treng og ønsker mjølkeproduksjon i Noreg. Dagens kvoteordning er på mange måtar god, men passive kvoteeigarar er ei utfordring. Mjølkekvote var nok aldri meint å vere eit verdipapir, seier Torstein.

– Har de angra?

– Nei, nå satsar me på det her, men det har ikkje vore utan tøffe stunder. Viss det viser seg at det ikkje er liv laga, får me finne på noko anna, men då har me prøvd. Er det ikkje slik at ein angrar på dei tinga ein ikkje gjorde?, seier Marianne.

Tips til deg som skal bygge fjøs

  • Bruk tid på studietur; besøk andre sine fjøs og sjå på ulike løysingar.
  • Snakk med landbrukskontoret, Innovasjon Norge og andre som er med og bestemmer i landbruket.
  • Få tilbod frå fleire leverandørar og handverkarar for å veta kor prisnivået ligg.
  • Tenk grundig gjennom plassering av bygget med tanke på tun, logistikk, smittevern og dyrka jord.
  • Bruk god tid på teikning og planlegging. Involver deg i planteikningane slik at du har eigarskap til prosjektet og kan gjere endringar og justeringar. Bruk tid til å finne leverandørar og seljarar som du har tillit til.
  • Tenk dyreflyt og logistikk. Plassering av robot og tilgang til klauvskjering. Gjer dei endringane du meiner må til for at du blir nøgd med resultatet. Tips: Du kan aldri få for mange dører/ portar.
  • Bruk tid på søknaden til Innovasjon Norge. Du må tørre å skrive litt om deg sjølv, kva for planar du har, og korleis du tenker om drifta framover. Ikkje ver blyg.
  • Tenk gjennom økonomien i drifta. Gjer realistiske vurderingar for talgrunnlaget og lønsemda i prosjektet.
  • Når du har lagt ein innsats i forarbeidet, er sjølve søknaden ganske rett fram.
  • Seink skuldrane når søknaden er sendt. Ikkje få kalde føter. Du er i gode hender.
  • Medan du ventar på svar frå IN:
    − Sjå meir på detaljar i teikningane og besøk nye fjøs.
    − Jobb med leverandørane for å ha kontroll på prisane slik at du treffer budsjett som vart levert til IN.

Prosjektet kosta omlag 7,5 million. Av Innovasjon fekk dei 1,6 million, pluss 400.000 for å bygge i tre.

Stikkord denne saka: , ,