Går hausten i møte: Tonje Nærland Kloster og Atle Kloster er nøgd med sesongen. Dei saknar berre få dyr etter første sanking, og beitesesongen har vore svært god. Det viser att både på lamma og på slakteoppgjeret.

Endeleg ekte sauebonde

Tonje Nærland Kloster har vore på si første sauesanking i Sirdal og Setesdalsheiene. – Det var stridt, forvirrande, spennande, lærerikt og skikkeleg gildt. Me fann mykje sau med flotte lam, summerer ho.

Liv Kristin Sola

Tonje Nærland Kloster og mannen Atle Kloster har halvparten av sauene sine i Fidjelandsheia i Sirdal. Tonje har fleire gonger vore med inn på heia med flokken, men å sanke var ei ny erfaring.

Eit viktig fellesskap

Ho trudde ho skulle sanke i same lag som faren. Der tok ho feil. Dei vart sende til kvar sin kant og Tonje fekk røynt seg i lag med erfarne sauebønder. Fjellet vart saumfara på leit etter dyr, i to dagar med vandring og søk, venting og kommunikasjon på walkietalkie.

– Dei var nokså seriøse på sambandet. Eg var freista å dra ein litt useriøs kommentar, men let det vere, seier Tonje.

Ho smiler godt. For førstereisbonden med middels god stadsans ifølgje mannen, vart turen også ei erfaring i å ikkje alltid ha kontroll på kor ho var og kvar ho skulle i ukjent terreng.

– Eg har enorm respekt og beundring for heiabøndene. Dei kjenner namnet på kvar stein og minste pytt i fjellet. Og måten dei jobbar i lag med hundane på er skikkeleg imponerande, seier Tonje.

Tonje skryter av sauemiljøet som maktar å famne folk i alle aldrar, frå tenåringar til vaksne pensjonistar.

– Sauebønder er spesielt flinke til å jobbe i lag og dele erfaringar. Det fellesskapet opplever eg ikkje like sterkt med grisen, som har ein heilt annan syklus. Enn så lenge driv me for oss sjølve innafor fjøsveggene, men eg merkar at ting er i endring her også, seier Tonje.

Ho er stolt over å vere sauebonde og få oppleve å vere så tett på naturen, sjå sauer, folk og hundar jobbe seg fram i terrenget i eit vær som kan skifte frå regn, tåke, og vind til sol og stille på få timar

Familien Nærland Kloster: På full fart inn i sauenæringa, og stortrivst som heiltidsbønder. Frå venstre: Johan (3), Atle, Henrik (7), Mathilde (9) og Tonje.

Eit år med sau hjå familien Kloster

Det har gått seks månadar sidan Bondevennen for første gong var hjå Tonje Nærland Kloster og Atle Kloster, og barna Mathilde (9), Henrik (7) og Johan (3). Det var før koronaen, før lamminga og før beitesesongen. Mykje har altså skjedd sidan den gong.

Lamminga gjekk bra og sommaren i fjellet ser ut til å ha vore av dei aller beste. Tonje og Atle er inne i sitt andre år som bønder på Tonje sin heimegard på Torland på Jæren. Dei er bønder på heiltid og har 150 vinterfôra sau og produserer smågris og slaktegris med femti årspurker. Garden har 120 dekar dyrka jord og 45 dekar innmarksbeite.

Første reportasje er å finne i BV nr 9/2020.

Ein flott beitesesong: Bøndene har store forventningar til beitesesongen når sauene vert ført til fjells om sommaren. I år vart det ein spesielt god sesong for dei nærare 40.000 sauene som beitar i Sirdal og Setesdalsheiane, med snøsmelting og tilgang til friskt gras gjennom store delar av sommaren. Heiaføring, tilsyn, sanking og skiljing. Det siste har blitt ein tradisjon heile familien Nærland Kloster å vere med på. Ein lærerik dag, utanfor klasserommet, for Mathilde (9) og Henrik (7). Alle fire foto er privat.

Årets store familiedag

Det er andre onsdag i september. Tonje og Atle er inne til ein kjapp matpause. Dei er godt i gang med å vege og skilje lamma. Sytti lam skal til Nortura allereie dagen etter. Grytidleg morgon dagen før, reiste heile familien av garde til Kvæven i Sirdal for å skilje sau og hente heim flokken sin etter sommaren i fjellet.

– Barna har vore med heilt sidan dei var små. Dette er stas for heile familien, seier Tonje.

Dei sende 190 sau og lam til fjells tidleg i juli. To veker seinare enn normalt, på grunn av mykje snø. Men sein snøsmelting betyr frodige beiter og god tilvekst på lamma. Etter hovudsankinga saknar dei berre fem søyer og sju lam.

– Dei høyrer i hop, så eg har tru på at me skal få dei heim. Elles ser det skikkeleg godt ut, seier Tonje.

 

Lamming, grising og heimeskule

Medan dei førebudde seg på lamming i vår, kom korona med heimeskule og stengde barnehagar. Lamming og grising kom samstundes og Tonje og Atle sprang mellom sauehus, grisehus og kjøkkenbordet.

– Landet stoppa opp, men me fekk knapt dagane til å strekke til. Når me var ute skulle me ha vore inne med lekser – og motsett, seier Atle, før han forsvinn ut i fjøset for å vege fleire lam.

– Me hadde i alle fall ikkje tid til å kjede oss. Mor og far hjelpte med fjøs og barnepass og svigermor kom med mat. Mathilde passa Johan, og både ho og Henrik hjalp i fjøset , seier Tonje.

Samstundes var det ei roleg tid – ingen trening, korps eller møte. Besøk frå barnehagen og skulen vart avlyst.

– Og så vart det heilt stilt frå alle kritikarane våre. Det var eigentleg litt godt, seier Tonje, og viser til debattane kring dyrevelferd og klima.

– I staden var folk heime og åt og drakk norsk og lokalt. Eg håper akkurat den trenden vil vare, seier bonden.

Ikkje heilt knirkefritt

Tonje fortel om mange store lam og ein del feilstillingar med mange som låg bak fram. I tillegg hadde dei ein del feillysingar – begge vegar. Femlingar som vart til to og einstaka som var tvillingar, samt ein del tidleg fosterdød.

– Enkelte søyer vart dermed fôra til fleire lam enn dei hadde. Det kan vere ein av grunnane til mange store lam. I tillegg vart det litt utfordrande å venne unna når me ikkje heilt visste kor mange som kom, seier Tonje.

Dei enda med 301 levande lam som vart sleppte på vårbeite berre nokre dagar gamle.

– April kan vere lunefull med skiftande vær og kjølige netter for dei små lamma. Men ein varm og fin juni månad ga fine vårvekter og sette lamma i god stand før fjellbeitet, seier Tonje.

Før beiteslepp veg dei alle lamma og vurderer kva for dyr som skal til fjells.

– Dei eldste og dei med trillingar går heime. Det same gjer årringar med tvillingar og sauer med små lam, seier Tonje.

Flokken som ikkje er på fjellet beiter heime. Lamma heime vert snyltarbehandla og vege fleire gonger om sommaren.

– Den tyngste var 50,2 kilo levandevekt allereie i juni, det er litt for tungt sjølv for sauekontrollen, seier Tonje. 

Kvalitetstid: Johan og Henrik veit godt korleis dei skal handtere dyra. Dei har vore med mor og far i arbeidet med dyra heilt frå dei var små. Foto: Privat.

Heiaføring: Første veka i juli, to veker seinare enn vanleg, vart flokken ført til beiteområda i Fidjelandsheia. Foto: Privat.

Godt å vere to: Atle og Tonje er begge heiltidsbønder. Dei trivst med å jobbe i lag og fordeler arbeidsoppgåvene mellom seg.

Høge vekter

Atle dukkar opp att i kjøkenet. Han er ferdig med veginga og har sortert ut alle vêrlamma over 43 kilo. Dei skal til Nortura dagen etter, i lag med ein gjeng av dei som har gått heime.

Det er andre året Tonje og Atle har ansvaret. Dei har ikkje endra mykje så langt.

– Far hadde gode resultat i drifta. Me prøver hans opplegg og kan gjere justeringar etter kvart, seier Tonje.

Tala frå slakteriet etter slakting i veke 37 viser ei snittvekt på 21,7 kilo for hundre lam som er slakta. Dei har fått klasse R+ og feittklasse 2. I snitt ga det 53,39 kroner per kilo, eller 1159 kroner per lam, inkludert offentlege tillegg.

– Me er nøgd. Me kan ikkje klage på at lamma er store og flotte, sjølv om det slår ut på feittrekk og klassifisering, seier Tonje.

No skal dei plukke livlam. 127 vinterfôra sau skal aukast til 150 og dei treng minst femti livlam, for å vere sikker.

– I fjor var det fleire som fekk slike meiningslause sjukdommar, som endetarmsprolaps og endåtil vom i skin, seier Tonje.

Ho går først og fremst etter indeks. Startar på toppen av lista og supplerer med notat frå lamminga og ei vurdering av dyra sjølve. Ho vil ha vekk side jur og store spenar på søyene og ser etter høgreiste og kraftige lam med gode bein. 

Livlamma skal på godt beite, medan dei minste lamma skal fôrast på god silo og kraftfôr før dei skal sendast til slakt.

Sortering og veging:  Når lamma er skilde frå sauene vert dei voge og alle værlam over 43 kilo vert sende rett til slakt, nokre til sluttfôring og dei beste blir plukka til livlam. Etter hundre slakta lam er resultata ei snittvekt på 21,7 kilo for hundre lam som er slakta. Dei har fått klasse R+ og feittklasse 2. I snitt ga det 53,39 kroner per kilo, eller 1159 kroner per lam, inkludert offentlege tillegg. Kladdeboka finst i mange årgangar og er heilt avgjerande for planlegginga. Alt som trengst å bli huska blir registrert. I tillegg brukar dei sauekontrollen aktivt, og registrerer både vårvekter og  haustvekt. 

Etterlyser betre føter

Søyer blir normalt utrangert når dei har passert seks år, men Tonje vurderer å halde att dei beste av dei eldste og gi dei eitt år til. Gode tenner, jur og bein/klauver er avgjerande. Når flokken kjem inn for vinteren klipper dei klauvene og før lamming tek dei ein ny runde. Det er Atle sin jobb. Dei har allereie slitt ut ein behandlingsstol.

– Den fungerte kjempegodt i starten, men så ga strikken etter og sauene vart mest umogleg å få ut or stolen, seier Tonje.

– Litt for mange har for dårlege klauver. Det er meiningslaust. Det skulle vore avla på betre klauver, både vekst og form, legg ho til, og veit ho har mange med seg om den oppfatninga. 

Inn under huda

Ute i fjøset står 65 sauer som skal til Høg-Jæren før helga. Atle prøver å få skaffe transport. Medan Tonje har brukt tid og krefter i fjellet har han hatt ansvar for barna og gardsdrifta. Dei er i ferd med å finne sin rutine, men Tonje innrømmer at ho ikkje alltid er like flink til å
gi frå seg ansvar.

– Eg er nok litt kontrollfrik, medgir ho.

Ansiktsuttrykket til Atle seier kva han tenker om nettopp det.

– Det er godt å ha ein handyman på garden, sjølv om det betyr mindre traktorkøyring og tungt arbeid på meg. Men eg trur det fungerer best om begge gjer det me er best på, seier ho.

Det er eitt år sidan Atle vart bonde på heiltid, etter å ha drive butikk i mange år. Stammespråket begynner å sige inn. Han begynner å få taket på rutinar som berre er logiske for dei som etablerte dei. Det tek tid å kome inn under huda på eit driftsopplegg.

– Dei kan å gire kvarandre opp desse bøndene. Alle er like gira før lamming og like slitne når alt er overstått, seier Atle.

Praten, samarbeidet, konkurransen, engasjementet og godt naboskap, han forstår det betre no enn for eitt år sidan.

Fullverdig sauebonde: Tonje har sanka sau i Sirdal og Setesdalsheiene for første gong. Då har ho fått med seg heile «saueåret» og er med det fullverdig sauebonde. Foto 1-3 er privat.

Stikkord denne saka: , ,