Hønseflokk: Tor Rune har utvida konsesjon, og hønene er fordelte i to flokkar. Begge flokkane er i frittgåande aviar.

Erfaring er Tor Rune Gudmestad sitt viktigaste verktøy i fjørfeproduksjonen.

Jane Brit Sande

Tor Rune Gudmestad driv eggproduksjon og livkyllingproduksjon på Nærbø i Hå kommune. Han har vore med på fleire rundar med omstilling, i begge produksjonane. I 1998 bygde han om tre livkyllinghus til hønsehus. Det var ikkje lenger like stort behov for livkyllingproduksjonen. Mange eggprodusentar slutta då forbodet mot meir enn tre høner per bur vart gjeldande frå 1998. Det er i dag tre lovlege løysingar: Miljøinnreiing, frittgåande aviar, og økologisk.

– I ombyggingsprosessen visste me at det ville kome nye reglar for innreiing til verpehøns, men me visste ikkje kva dei ville innebere, og kva som var fristen. Me hadde ikkje rukke å ta i bruk den nye innreiinga, med tre høners-bur, då forbodet mot desse bura innan 2012, vart offentleg, seier Tor Rune.

I 2010 bygde dei eit nytt hønsehus på garden, med frittgåande aviar.

– Dyrevernsorganisasjonar hadde allereie begynt å rasle med sablane med krav om frittgåande system til verpehøns, og me gjorde heilt klart rett val. Hadde me bygd med miljøinnreiing måtte me ha skrota den no, eller innan kort tid, seier Tor Rune.

Han følgjer med på debatten om kva innreiing som er best for hønene, men er ikkje alltid samd.

– Sjølv føretrekk eg tre høners-bura. Dyra våre hadde det godt, var reine og fine, og produserte jamt, seier han.

Erfaren bonde: Tor Rune høyrer det på lyden, om noko ikkje er som det skal vere med dyra.

– Me hadde ikkje problem med hakking, og det var minimalt med fjørplukking. Me har ikkje problem med det hjå oss i dag heller, men får ei høne eit sår i frittgåande system, er dei andre dyra kjappe med å hakke på henne.

Han angrar likevel ikkje på omlegginga.

– Det er flott med frittgåande, og at dyra får flakse fritt og a rom for si naturlige atferd. Det har gått utruleg mykje betre enn eg hadde trudd. Men det er meir krevjande, og tek meir tid.

Vakentid: Det var denne flokken som var vaken, då Bondevennen var på besøk. Døgnet inne i hønsehuset blir regulert ved hjelp av lysstyrken.

Om garden:

Tor Rune og Inger Lise Gudmestad driv gard med verpehøner og livkylling på Nærbø i Hå kommune, Rogaland.

Dei har utvida konsesjon med verpehøner. Fordelt i to flokkar har dei 17168 høner.

Livkyllingproduksjonen er hovudsakleg til eigenrekruttering, men dei sel også livkylling via rugeri- og unghøneoppdrettar Steinsland & Co.

Garden måler totalt 110 dekar. Av dette er 60 daa dyrka, og 30 daa er beite.

For spreieareal har dei både private avtalar og avtalar gjennom NLR. Den totale produksjonen på garden krev meir enn 1000 daa spreieareal.

Tor Rune er Kyllingprodusentenes Landslag sin representant i styret i Norsk Fjørfelag.

Marknadskrefter krev omstilling

Sterke krefter er i sving i fjørfemarkaden. NorgesGruppen, i samarbeid med Nortura, støttar produsentar økonomisk, om dei omstiller seg til frittgåande løysing.

– Dette gjer at innreiingssystem som berre er fire-fem år gamle, blir skrota. Det er dårleg ressursbruk, seier Tor Rune.

– 84 Nortura-produsentar i heile landet er i gang med omstilling på grunn av NorgesGruppen sitt initiativ. NorgesGruppen godtek at dette tek tid, heldigvis.

Det blir gitt forskjellig betaling for dei ulike løysingane. Egg frå miljøinnreiing gir dårlegast betaling. Målet til leverandørane er å gjere det interessant for produsentane å gå med på ei omstilling til frittgåande, slik at etterspurnaden frå marknaden blir dekka.

– Skal ein berre skifte innreiingssystem treng ikkje investeringa vere større enn mellom ein og to millionar kroner. Dei ekstra bidraga er med på å dekke inn ein del av dette, seier Tor Rune.

No etterspør også store delar av industrien egg frå frittgåande. Truleg må ytterlegare 40 eggprodusentar i Nortura gå med på ei omstilling.

– Endringane er ikkje forbrukarstyrte. Det er aktivistane, eller dyrevernsorganisasjonane, som har påverka kjedene. NorgesGruppen har handla etter sterkt press frå desse aktørane. Det viser kor sterke aktivistane er, og kor stor makt dei har, seier han.

Vil utfordre dyrevernarane

Dyrevernsorganisasjonane i Norge er på offensiven. Lenge har verpehøna si velferd vore tema, og organisasjonane vinn fram ved å påverke handelsstanden.

– Om fire-fem år blir det ikkje lenger produsert mykje egg i miljøinnreiing, trur eg. Coop har seld egg frå miljøinnreiing, men er under sterkt press i desse dagar, seier Tor Rune, og viser til den kontroversielle heilsides annonsen frå dyrevernsorganisasjonen Anima i Klassekampen 14. april.

Den erfarne bonden saknar at pressgruppene lyttar til kunnskap og erfaring.

– Eg skulle gjerne ha utfordra dyrevernarane til å praktisere eitt år i kvart innreiingssystem. Tru om dei hadde vore like bestemte etter det, spør Tor Rune.

Erfaringa viktig

Tor Rune har vore med i ‘gamet’ lenge.

– Kva skal til for å vere ein god røktar?

– Ein må følgje med, og ha teft for det som betyr noko. Erfaring gjer sjølvsagt sitt. Eg høyrer det på lyden om noko ikkje er som det skal vere med dyra, seier han.

Tor Rune er uroa over bønder som har travelt arbeid i tillegg til gardsdrifta.

– Nærvær er kanskje det viktigaste av alt. Me kan ikkje sette kven som helst til å ta seg av fjøs og dyr. Du må lære deg kva du skal sjå etter og korleis du skal fikse det, seier han.

– Viss ikkje dyra har det godt, merkast det på produksjonen. Me følgjer med når me er inne hjå dei. Det er heilt sikkert enkelte dyr som ikkje har det godt nok. Me plukkar ut viss nokon er halte eller har sår, men me ser ikkje kvar enkelt høne kvar gong me er inne, seier Tor Rune.

Kvar høne sin plass: Hønene er delt i to flokkar. I kvar flokk er det meir enn 8000 høner. Hønene held seg omtrent på same plass, og legg seg i omtrent same rugekasse kvar dag, erfarar Tor Rune. – Me ser det viss ei høne legg eit brunt egg. Då er det brune egget same plass i rekka, til dømes ein plass mellom egg nummer 800 og 900. 

Frå høne til rulleband: Høna legger egget i rugekassen, og så triller egget ned på eit rulleband, og videre til neste stopp, som er sorteringsrom og kjølelager.

Opp og ned

Tala frå Budsjettnemnda for jordbruket viser stor nedgang i inntekta til fjørfekjøtprodusentane. Korleis er økonomien for eggprodusentane?

– Inntekta har gått i alle retningar. Det har vore både toppar og botnar. Økonomien er prisgitt reguleringa av marknaden, seier Tor Rune.

Det er ikkje etableringsstopp på egg, og som marknadsregulator har Nortura mottaksplikt. I gode tider lar bønder seg freista til å satse og investere.

– Dette fører til overproduksjon, og dårlegare økonomi for produsentane, seier Tor Rune.

Tidlegare i år fekk han brev frå Nortura, med informasjon om overproduksjonen i marknaden. I brevet stod det at dei trengte produsentar som sa seg villige til ei tidlegare utslakting.

– Dette er ein måte å regulere produksjonen. Det har hendt at det har vore behov med utslakting så mykje som 15 veker tidlegare enn kva produksjonssyklusen tilseier. Eg synest det er betre enn at egga blir svinefôr, seier Tor Rune.

– Eg melde meg til denne dugnaden. Eg meiner det er viktig å vere med å ta eit tak for å hindre overproduksjon når slike førespurnadar kjem. Men sidan me har frittgåande system, og det er desse egga det er størst etterspurnad etter, ville ikkje Nortura at me skulle vere med i denne runden, seier han.

Det er også mogleg å regulere andre vegen, ved å utsetje utslaktinga.

– Men det er ikkje så lett å gjere det meir enn eit par veker, då hønene til neste innsett allereie er produsert. Mellom innsett må hønsehuset vaskast og tørkast, seier Tor Rune.

Han hugsar godt kolesteroldebattane på 1980-talet. Forbrukarane vart redde for feitt, også det frå eggeplomma, noko som førte til redusert sal. I 2004 vart konsesjon innført på svine- og fjørfeproduksjon. Mange produsentar utvida til grensa på 7500 høner, og næringa fekk ein ny nedtur.

– Eg vil seie inntekta er bra nå, den er omtrent fornuftig. Forbruksauka ligg på mellom ein og to prosent, og næringa greier handle innan dei rammene som er, seier Tor Rune.

Utgiftsauken må med

Inntektsgapet mellom bønder og andre grupper veks. Prisane på varer og tenester stig, det same gjeld for diesel og kraftfôr.

– Me ventar at kraftfôrprisane stig med nokon øre i år også. Det høyrest kanskje ikkje mykje ut, men me nyttar fleire hundre tonn av dette i året til produksjonane våre, seier Tor Rune.

– Dette må med i jordbruksoppgjeret. I tillegg vil renta etter alle solemerke gå opp til hausten. Fjørfeprodusentar har gjort kostbare investeringar dei siste åra. Det er den låge renta som har redda mange av desse produsentane, seier han.

 

Sjølvmelding

Kva er du mest nøgd med i din produksjon?
– Eg produserer ein ettertrakta matvare, og det er ein spanande produksjon. Kvar dag ser eg resultatet av arbeidet me gjer.

Kva likar du minst?
– Baksida av produksjonen er at det er mykje støv, noko som gir eit tøft arbeidsmiljø. Me kjem ikkje vekk frå støvet, men me tar forholdsreglar. Støvmaske er veldig viktig.

Har du tips eller råd til andre produsentar?
– Du må ha nok tid til å vere til stades. Dei første vekene av innsettet er særleg viktig, slik at hønene får ein god start. Du må ha tid til å gjere arbeidet ditt skikkeleg.

Stikkord denne saka: , ,