Prioriterer lynne: Børge set lynne høgt i avlsarbeidet. Resultatet er tillitsfulle og rolege dyr.

Haustkalving gir ein god familiekvardag

Heidi og Børge vil ha kyr med godt lynne, og fordela arbeidstoppane best mogleg gjennom året. Det får dei til med langsiktig avlsarbeid og fleire kalvingar i hausthalvåret.

Jane Brit Sande

Heidi og Børge Helliesen har drive garden Røksland på Røksland i Lindesnes sidan årsskiftet 2007/2008. Då starta dei opp med nokre dyr av hereford- og angus i det gamle mjølkefjøset på garden.

– Eigentleg mest for gøy, og for å nytte utmarksressursane som høyrer til garden, seier Børge.

Etter kvart innsåg dei at driftsbygningen måtte oppgraderast. Å halde fram med drifta i fjøset i den stand det var, var ikkje aktuelt. Skulle dei halde fram som bønder, måtte noko gjerast. Dei vurderte fleire alternativ.

– Me vurderte å oppgradere mjølkefjøset. Det ligg like ved huset, og gjer det enkelt å stikke innom på kveldstid og om natta i kalvinga. Men me såg at det ikkje var særleg billegare enn å bygga nytt, seier Børge.

Dei landa på å bygga nytt fjøs. Fjøset stod klart i 2016, og har plass til totalt 80 storfe.

– Plasseringa vart avgjerande. No går dyra til beite rett frå fjøsdøra, seier Heidi.

Satsar på charolais

Bøndene har valt å satsa på charolais. Det er på ingen måte ei tilfeldig avgjersle.

Gardsfakta

Heidi og Børge Helliesen driv med ammeku på Røksland i Lindesnes kommune.

Dei har ei dotter og ein son, Martha (7 1/2) og Sivert (5). Heidi er helsesjukepleiar i kommunen, og Børge har sin arbeidsplass heime på garden.

I fjøset, som stod ferdig i 2016, har dei 80 båsplassar. Årleg er det 50 kalvingar delt på vår og haust. Oksekalvane som er født på hausten blir selde etter avvenning, gjennom ein fast avtale. Dei som er fødde på våren blir fôra fram til slakt.

Garden måler totalt 1080 daa. Av dette utgjer fulldyrka areal 34 daa, innmarksbeite er 84 daa, og utmarksbeite er 265 daa. I tillegg leiger Heidi og Børge 241 daa fulldyrka areal, 66 daa innmarksbeite, og 570 daa utmark til beite.

– Då me tok over garden og starta opp med ammeku, var det eit veksande behov for storfekjøt i marknaden, og det var tunge rasar som var etterspurt. Tilvekst og lynne var også viktige grunnar. Charolais passar vårt opplegg, og dyra er ikkje feite når me sender dei til slakt, seier Børge.

– I tillegg har eg eit godt nettverk som satsar på same rasen. Det betyr mykje at eg har nokon å møtast med, eller ringa til, om eg treng det, seier han.

Bøndene er med på Nortura sin angus- avtale, men erkjenner at den ikkje har veldig høg prioritet hjå dei.

– Mange forskjellege rasar i fjøset betyr meirarbeid i fôringa. Om me held oss til charolais, har me ei jamn fôringslinje, seier Børge.

Avlar på lynne

Børge er ikkje i tvil om kva prioriteringar han vil gjere i avlsarbeidet.

– Gode morseigeskapar og rikeleg med mjølk er sjølvsagt viktig, seier han.

Men ein ting vil alltid ha høgast prioritet.

– Eg avlar knallhardt på lynne. Dersom ei ku viser så mykje som tendensar til å teste grenser eller å sparke etter meg, er ho på veg til slakteriet i Eigersund før ho veit ordet av det, seier han.

Bøndene er samde om at det er ei viktig prioritering. Ungane på garden, Martha og Sivert, er også med i fjøset. Fôrbrettet er ein fin trasé for trøtraktoren.

– Lynne har vore viktigare enn at kua har vore reinrasa, seier Heidi.

– Ja, eg kunne nok hatt reinrasa flokk tidlegare, om eg hadde prioritert annleis. Me har fortsatt blandingskyr i fjøset. Det er lynne og morseigeskapar som gjer at eg held dei att, seier Børge.

Prioriteringa ber frukter, noko som vart bevist ved sist drektighetskontroll.

– Me sjekka 17 kyr. Ikkje ei einaste av dei løfta foten, seier Børge nøgd.

Børge er ekstra merksam på kvigekalvane.

– Dei kan vere vare for sjauing, og nokon gonger kjem dei seg aldri. Med litt varsam behandling medan dei er kalvar, får eg rolege og fine mordyr seinare, seier han.

Det er viktig for både Børge og familien, at han er trygg i fjøset. Med dei rette vala i avlsarbeidet og kloke val i fjøset, kjem bonden seg vel heim etter endt arbeidsdag.

– Men same kor godt lynne dyra mine har, må eg alltid vere ekstra merksam på kyr som går i lag med kalven, seier Børge.

Droppar avlsoksen

Heidi og Børge har prøvd og feila gjennom dei få åra dei har vore bønder. Dei første åra hadde dei også avlsokse i fjøset. Men etter dårlege erfaringar med oksar som haltar, eller ikkje gjer jobben sin, er det no semin som gjeld.

– Det gir oss rom for betre avslarbeid. Det har me att for, både i trivsel og økonomi, seier Børge.

Haustkalving

Dei driftige bøndene vil sjølvsagt utnytte ressursane sine på best mogleg vis, og då er det om å utnytte ressursane på best mogleg vis dei på riktig tid. Haustkalving har vore ein viktig nøkkel i nettopp dette.

Det gode liv: Heidi og Børge held familielivet høgt. Å legga fleire kalvingar til hausten gir meir tid til Martha og Sivert – heile året.

– Det handlar om å nytte rett beite til dyra, og prioritere eiga arbeidstid på best mogleg vis, seier Børge.

I år er halvparten av kalvingane lagt til månadsskiftet september/oktober. Neste år blir det fleire på den sida av sommaren. Bøndene erfarer fleire fordeler med dette.

– Me sender gjeldkyrne på beite i gamle område og skog, då dei ikkje treng dei mest næringsrike områda. Når kyrne kjem heim att, er dei spreke og fine i forma, og kalvar lett, seier Børge.

Haustkalvinga byr også på ein betre arbeidskvardag, skal me tru Børge.

– Med færre kalvingar om våren, får eg betre rom til å konsentrere meg om våronna. Når det er kalving om hausten, er det meste av arbeid ute gjort unna, og eg har totalt sett eit lågare arbeidspress elles, seier Børge.

Erfaringa så langt er at også tilveksten er god med haustkalving.

– Med alle kalvane inne gjennom vinteren, har eg god oversikt og kontroll. Kalvane får næringsrikt fôr til rett tid. Er dei på beite, er fôret dårlegast når dei har behov for at det er best, seier bonden.

Med kalvane inne dei første månadane, kan Børge også få til ei rolegare avvenning.

– Alt i alt har haustkalving vore langt meir positivt enn me hadde venta, seier han.

Tok sats: Då det gamle mjølkefjøset ikkje lenger var godt nok, tok Heidi og Børge sats og bygde nytt fjøs med totalt 80 båsplassar.

Marknadsendring

Dei starta som bønder i ei tid der det knapt kunne produserast nok storfekjøt.

– Me visste jo at det ville bli marknadsdekking ein dag, og var budd på at det ville påverke betalinga, seier Heidi.

– Men at vegetartrenden skulle bli så dominerande… Den såg nok ingen at skulle kome, seier Børge.

Dei ristar på hovuda over mangel på kunnskap blant folk som ytrar seg.

– Det har vore litt anten eller, med berre kjøt mot berre vegetar. Det meiner me er heilt feil. Me skal ha litt av alt, både kjøt og grønsaker, seier Heidi.

– Det handlar om å nytte og ete av eigne ressursar, seier Børge.

Det negative kjøtpresset la seg då koronaviruset stengte samfunnet i midten av mars, seier bøndene.

– Det roa seg heilt. Det var herleg med ein pause, seier Børge.

Kvardag og leik: Sivert og Martha veit at det er viktig med tid til leik – også i kvardagen. Fôrbrettet er ein god køyrebane. Sivert får gjort unna litt flytting av grovfôr – godt med alt som er gjort.

Skiftande tider

Etter at dei tok det nye fjøset i bruk, har det vore skiftande tider – på fleire vis. 2019 var eit godt år for bøndene, og dei synst det var mykje som losna etter to veldig utfordrande år. Sommaren 2017 var det som kjend veldig blautt, og så kom tørkesommaren 2018.

– Desse utfordringane kom i tillegg til alt arbeidet det er når ein skal utvide besetninga. Nye og større beiteområder skal gjerdast inn, me måtte lære oss å handtere større dyreflokkar og produsere meir grovfôr. Ein legg mykje i å satsa, så det vart utfordrande år, seier Børge.

– Me lærte mykje om fôring første vinteren etter tørkesommaren, seier Heidi.

– Me jobbar heile tida med langsiktig tankegang, samstundes som at ting berre skjer, seier Børge.

Han er leiar av krinsutvalet i Nortura, og erfarar at uvisse pregar mange bønder.

– Det var to dårlige sesongar, på kvar sitt vis, rett etter kvarandre, og i tillegg har me hatt prisnedgang og eit samvirke som har utfordringar. Det er klart at det har vore trykkande for mange, seier Børge.

– Men no ser det ut til at Nortura får seg eit etterlengta løft og er prisdrivande. Effektiviseringa er sjølvsagt utfordrande lokalt, men den er også naudsynt for at me produsentar skal få ein leveleg pris. Eg prisar dei tillitsvalde som gjer ein god jobb med å lose oss eigarar gjennom desse prosessane, seier bonden.

Stikkord denne saka: , ,