Klar for frittgåande høns

Ombygd: (F.v.) Rune Opsal, eggprodusent, diskuterer korleis han skal handtere ny driftsform med Trond Pedersen, produsentrådgjevar/veterinær i Nortura.

Rune Opsal var veldig skeptisk til å bygge om frå miljøinnreiing til frittgåande høns i 2016. No er han klar for første innsett med nytt driftsopplegg.

Jofrid Åsland

Etterspurnaden etter egg frå frittgåande høns aukar frå både matvarekjedane og næringsmiddelindustrien.

– Eg var veldig skeptisk til eggproduksjon med frittgåande høns. Eg hadde høyrt at det er ein del meir arbeid med den driftsforma for at resultatet skal bli godt, fortel Opsal.

Han er ein av 82 Nortura-produsentar som har eller skal legge om frå miljøinnreiing til frittgåande opplegg. Bondevennen fekk vere med då Trond Pedersen, produsentrådgjevar/veterinær i Nortura, var innom Opsal.

– Eg hugsar godt då me i 2016 sendte ut brev til alle eggprodusentar, og spurde korleis dei stilte seg til å legge om til frittgåande eggproduksjon. Det var ikkje mange som var positive til ei rask omlegging, seier Pedersen.

Han fortel at Nortura no på landsbasis har 82 eggprodusentar, som vil legge om frå miljøbur til frittgåande høns.

– Det er fantastisk at me allereie har fått med så mange bønder på omstilling, seier veterinæren.

Gardsfakta:

Rune Opsal (61) og Karen Marie Runestad Opsal (54) driv gard på Fogn i Rogaland.
Dei har tre barn.

Drifta på garden består av 60 vinterfôra sau og 7.500 verpehøns. Det er 200 daa beite på garden.

Rune driv også som tømmermann.

Matvarekjedane bestemmer

I 2012 var bøndene gjennom ei omlegging frå gamaldagse trehøners bur, til miljøinnreiing med sju eller ni høner i bura. I miljøinnreiing kan hønene ta strøbad og vagle seg. Mange bønder gjorde store investeringar den gongen.

– Miljøinnredning er framleis lovleg, men marknaden etterspør stadig meir egg frå frittgåande høns, seier Pedersen.

Det er seks år sidan Rema 1000 slo fast at dei berre skulle ha egg frå frittgåande høns. Tidleg i 2017 kom NorgesGruppen etter, og skal berre selje egg frå frittgåande høns i sine butikkar frå 2020. NorgesGruppen er Nortura sin største kunde på skallegg. Dermed treng Nortura totalt at 84 eggprodusentar legg om til frittgåande verpehøns, for å dekke behovet til dagligvaregiganten.

– Det store spørsmålet er kor fort utviklinga vil gå framover. Industrien, som produserer eggbasserte produkt, etterspør stadig meir egg frå frittgåande høner, me vil ha behov for endå meir egg frå frittgåande høns i framtida, seier Pedersen.

Tidlegare denne månaden sendte Nortura ut brev til alle eggprodusentar, og bad om at 40 nye produsentar legg om til frittgåande. Nortura viser til etterspurnad frå industrien.

 

Rask vending: Det tok Rune Opsal to månader å bygge om hønsehuset til frittgåande opplegg. Prislappen var på 1,5 millionar kroner.

Vendepunktet

– Eg var på eit møte i fjor vinter. Då forstod eg kvar utviklinga var på veg, og tenkte at det berre var å hoppe på, minnest Opsal.

Hønsehuset til Opsal hadde miljøbur frå 2002. Tilstanden på bura tilsa at dei kunne brukast i mange år til.

– No er eg klar for å prøve meg på frittgåande driftsopplegg, og håper det vil fungere bra, seier bonden.

Økonomisk bidrag frå NorgesGruppen ved rask omlegging var ein avgjerande faktor for Opsal. Nortura i samarbeid med NorgesGruppen bidreg med ei krone ekstra per kilo egg dei to fyrste innsetta etter omlegging til frittgåande produksjon.

– Eg ville hive meg rundt og få den krona ekstra som er mogleg å få no i starten. Samstundes får eg inn 1.200 fleire høner i det ombygde huset. Dette vil utgjere ca. 300.000 kroner ekstra på to innsett, seier Opsal.

Det tok han to månadar å bygge om hønsehuset til frittgåande opplegg. Opsal har hatt sju folk i sving under monteringa. Kostnaden for ombygginga kom på 1,5 millionar kroner. Det var ikkje mogleg for Opsal å få støtte frå Innovasjon Norge til denne investeringa.

Verpekasse: Målet er at hønene skal legge egga her, slik at egga lett kan transporterast. I frittgåande opplegg kan bonden få utfordringar med høner som legg egg på golvet.

 

Utfordringar med nytt opplegg

Opsal gjer seg klar for auka arbeidsmengd når første innsett av høns kjem i byrjinga av februar.

– Det er viktig å få vekk alle golvegga i starten, slik at du slepp ekstra arbeidsmengde med plukking, seier veterinæren.

Mange golvegg, gjev også fleire skitne egg, med påfølgjande behov for vask av desse.
Målet er at flest mogleg av egga skal bli lagt i verpekassane i aviaret og så bli transportert på band inn til sortering. Dersom ei høne byrjar å verpe på golvet kan andre høner kopiere åtferda. Difor er det viktig at bonden i starten av innsettet står opp når hønene vaknar og plukkar egg frå golvet. Det vil seie at Opsal må vere i hønsehuset i firetida på morgonen.

– I tillegg til utfordringar med golvegg er dødelegheita i frittgåande opplegg høgare enn i drift med miljøinnreing, og fôrforbruket er høgare, fortel Pedersen.

Veterinæren meiner det er svært viktig at bonden følgjer godt med på drifta i eit frittgåande opplegg.

– Dei fleste som legg om vil nok klara seg godt, berre dei tek dei rette grepa i starten av innsettet, seier Pedersen.

Han viser til at mange av dei som har drive med frittgåande høner i fleire år, har svært gode produksjonsresultat.

– Dersom ein til dømes har problem med hakking eller sårskadar er det viktig å gjere noko med dette med ein gong, slik at det ikkje utviklar seg, seier Pedersen.

 

Byggeprosessen

Bonden og veterinæren tek seg ein tur inn i hønsehuset.

– Det er viktig at det ikkje vert skuggar under aviaret eller andre stader, som gjer at hønene vil verpe der, i staden for i verpekassane, seier Pedersen.

Ventilasjon og temperatur er også noko som er meir utsett i eit frittgåande opplegg. Dersom det vert trekk eller kalde områder vil hønene kunne klumpe seg saman i delar av bygget, noko som kan skape konfliktar og auke faren for kannibalisme.

– Det er også viktig at strøet ikkje klumpar seg. Difor kan det vere lurt å jamne det ut og sjå til at ein har eit velfungerande ventilasjonsanlegg, rådar dyrlegen.

Strøet må heller ikkje verta for djupt, slik at ein ikkje finn att golvegg.

Sal av egg

Rema 1000 sel berre egg frå frittgåande høns. Det har dei gjort sidan 2012.
NorgesGruppen skal gjere det same frå 2020.
Coop har signalisert at dei skal selje egg frå høns i miljøinnreiing ei stund til, men dei har ikkje konkretisert kor lenge eller om dei har ein plan for omlegging. Coop har også uttalt at dei vil satse meir på sal av økologiske egg.
Om lag 370 bønder produserer egg for Nortura i Noreg.
På landsbasis har 60 prosent frittgåande opplegg (inkludert økologisk) og 40 prosent miljøinnreiing.
Blant produsentane som leverer egg til Nortura Hå har 60 prosent miljøinnreiing og 40 prosent frittgåande høns.
Sal til grossist frå Nortura: 41 prosent frå miljøinnreiing og 59 prosent frå frittgåande per i dag.

Kjelde: Trond Pedersen

Vegen vidare

– Ingen veit sikkert kva veg utviklinga vil gå når det gjeld produksjon av egg, men det er heilt sikkert at det blir stadig aukande etterspurnad etter egg frå frittgåande høner, seier Pedersen.

– Kva med økologisk produksjon?

– Eg trur ikkje det er realistisk at det blir full omlegging til økologisk eggproduksjon. Dersom me ser korleis hønsehusa ligg til i Noreg er det ikkje så enkelt å få til 30 dekar med uteområde for hønsa, slik kravet er for økologisk drift, seier Pedersen.

Veterinæren ser også klare utfordringar for økologisk opplegg i Rogaland, på grunn av risiko for smitte frå trekkfuglar, og sjukdom.

Fogn: Frå tunet på garden, som ligg på øya Fogn i Rogaland, kan Rune Opsal speide utover fjorden.

 

Stikkord denne saka: , ,