Skodelystne: Bønder og andre sambygdingar kom valfartande for å sjå nærare på fjøset. Mange nytta høve til å slå av ein drøs med kollegaane.

Koplar nye fjøs på gamle

Førre helg valfarta sambygdingar og bønder frå fjern og nær til ope fjøs i Skjold i Vindafjord kommune. To gardar viste fram eigne løysingar med påbygg på eksisterande mjølkefjøs.

Jane Brit Sande

Kring 200 skodelystne fekk sjå korleis Else Gurine og Torleif Stople, og Karianne og Lars Henry Dagsland har valt å bygga på eksisterande mjølkefjøs for å gi rom til lausdrift og mjølkerobot.

Kvotetilbod gav større satsing

Else Gurine og Torleif Stople driv med mjølkeproduksjon og kombinert SPF-griseproduksjon.

– Grunnlaget for å bygge var 18 mjølkekyr pluss ammekyr. Men i fjor haust kom ein nabo med tilbod om leigeavtale på kvote. Me har rikeleg med grovfôrareal rundt garden, og kan fôra fleire drøvtyggarar gjennom vinteren. I tillegg er alle tre ungane våre aktive og interesserte i gardsdrifta. Det gjorde at me slo til, seier Torleif.

Dei fekk skrive kontrakt med ei ramme på ti år. Frå i år har dei derfor ei kvote på totalt 250 tonn.

Nøgde bønder: Torleif og Else Gurine er nøgd med den nye løysinga i mjølkefjøset på garden. Ombyggingsprosjektet er ferdigstilt over to år, med mykje eigeninnsats. Dette har gitt rom for oppgraderingar.

Starta i 2017

Bøndene starta arbeidet med utbygginga av fjøset hausten 2017. Den nye delen huser mjølkekyr, kviger og ammekyr. Bøndene har tatt nybygget i bruk litt etter litt. Kviger og ammekyr fekk koma inn først, på hausten i 2018. Mjølkekyr og mjølkeroboten, ein DeLaval VMS Classic, var på plass og blei tatt i bruk i februar i år. Det gamle fjøset er bygd om til kalve- og ungdyravdeling, og stod ferdig i september. I gangen langs tårnsiloen har dei laga til ein kontorplass med vindauge ut mot velferdsavdelinga. På andre sida, er det direkte tilgang til mjølkeroboten.

– Me måtte tenke litt kreativt rundt siloen, så det er litt smalt i gangen her, seier Else Gurine, medan ho viser veg til den nye fjøsdelen.

– Den gamle kalveavdelinga er blitt eit romsleg kalvekjøkken, og her har me også teknisk rom, seier Torleif.

Den nye fjøsdelen måler 650 kvadratmeter, og har 54 liggebåsar til mjølkekyr, sinku- og velferdsavdelingar inkludert, pluss 28 liggebåsar til kviger.

– Med sommarkalving har me høve til å nytta sinkuavdelinga til ammekyr i staden, seier Torleif.

God plass: Langs veggen til høgre i biletet har ammekyr og kviger fått plass. Sinku-avdelinga er sett opp bakarst til venstre i biletet, men bøndene nyttar denne plassen til å husa ammekyr.

Solceller på taket

Fjøset er fullisolert med betongelement i veggane, sandwichelement i tak og lysplater i møne. I taket har dei ståltakstolar. Veggane er fri for stendarar, desse er støypt inn i veggane. På sør-vest sida av taket, har dei montert 198 solcellepanel. Desse kan samla produsere opp til 61 kilowatt.

– Mitt resonnement er at ein må få tilskot, skal denne investeringa ha lønsemd. Me fekk 35 prosent av Innovasjon Norge, gjennom bioenergiprogrammet, seier Torleif.

I 2014 fekk dei på plass flisfyringsanlegg på garden, og dette anlegget var ein føresetnad for å få tilskot til solceller. Flisfyringsanlegget produserer varme til grisehuset, varmtvatnet og bustadane på garden. Foreldra til Torleif bur i kårboligen.

Litt ekstra komfort

Dei to har lagt spaltegolv med open forbindelse til gjødselkjellaren. Framføre fôrbrettet og ved mjølkeroboten har dei spaltegolv med gummi.

– For at me ikkje skulle missa klauvslitasjen, valde me å ha gummi i spaltegolvet berre på delar av gangarealet til kyrne. Hadde me hatt gummi over alt, måtte me hatt hyppigare klauvskjering, seier Else Gurine.

Mjølkekyrne har liggebåsar med vassmadrass. Under kvar vassmadrass er det ein tre centimeter tjukk latexmadrass.

– Dyra ser ut til å trivast godt. Det likar me, seier Torleif.

Den nye ungdyr- og kalveavdelingen var det siste Else Gurine og Torleif fekk ferdigstilt. Dyra står i den gamle delen, der dei hadde mjølkekyrne på bås.

– Her har me sett inn ny innreiing, og flytta liggebåsane frå inst mot fôrbrettet til ytst mot veggane. Det er 38 liggeplassar i denne delen, seier Torleif.

Bøndene bestemte seg tidleg for å ha ei lettvint fôringsløysing. Fôrbrettet i det nye fjøset er ei forlenging av fôrbrettet i det gamle. Ein 66 meter lang fôrutleggar frå Reime er installert i fjøsa. På låven står ei avlessarvogn på vektceller som syter for at det kjem nytt fôr på beltet 12 gonger i døgnet.

Nye løysingar: Den gamle kalveavdelinga er blitt eit romsleg kalvekjøkken. Langs siloen er det adkomst til mjølkeroboten. 

Redesign: Dottera Karina har laga denne stolen i eit prosjekt på skulen. Den passar perfekt inn på kontorplassen i fjøset.

Eigeninnsatsen betaler oppgraderingane

Investeringskostnad for nybygget er på 5,2 millionar kroner. Else Gurine og Torleif fekk tilskot frå Innovasjon Norge på 750 000 kroner. Solcellepanel og ombygging til kalveavdeling kjem utanom. Bøndene har lagt ein heil del eigeninnsats inn i prosjektet.

– I staden for å redusera kontantutlegget, har eigeninnsatsen betalt for oppgraderingar me har gjort undervegs. Vassmadrassene, fôringssystemet, ny mjølkerobot og skraperobot, var ikkje med i kalkylen i utgangspunktet, seier Torleif.

Nyt ein fleksibel kvardag

Velkommen: Karianne og Lars Henry Dagsland har vore i sving i nyfjøset i seks veker, og helser velkommen til gards med store glis.

Seks veker etter at kyrne fekk komma inn i det nye mjølkefjøset, opna Karianne og Lars Henry Dagsland fjøsdøra for skodelystne.

Både familie og vener stod klare i tunet på Skjold då gjestene kom køyrande. Nokre var parkeringsvaktar, andre steikte lappar og kokte kaffi.

Lyst og oversiktleg: Med lysplater i møne og naturleg ventilasjon kjem det rikeleg med dagslys og frisk luft inn i fjøset. Veggen bakarst i biletet skil den gamle og den nye delen.

Økonomisk forsvarleg

Karianne og Lars Henry ville nytta eksisterande bygningsmasse, og samstundes ha ein løysing der det var enkelt å flytta dyra frå ei avdeling til ei anna. Dei ville også at prosjektet skulle vere økonomisk forsvarleg sett opp mot driftsgrunnlaget.

– Me er i den situasjonen at me har rikeleg med grovfôrareal, og dei siste åra har me selt rundballar frå kring ein tredjedel av dette, seier Lars Henry.

Bøndene si eiga mjølkekvote er på 107 tonn. Frå nyttår vil produksjonen på garden gjere eit solid hopp, då dei også får med seg ei leigekvote på snautt 200 tonn.

Førebels manuelt: Bøndene har laga til fôrbrett på den eine sida, med fangfrontar langs heile rekka. Fôringa gjort manuelt, men bøndene drøymer om ei oppgradering på sikt.

Fasilitetar

Då det kom signal frå Fylkesmannen og Innovasjon Norge om prioritering av mindre mjølkebruk, sette Karianne og Lars Henry for alvor i gang prosessen med å planlegga nytt fjøs. Bygginga starta i vinter. Det nye mjølkefjøset er 16,5×31 meter, og måler rett over 500 kvadratmeter. Det er full gjødselkjellar, open forbindelse til gjødselkjellaren og naturleg ventilasjon. I fjøset har bøndene 35 liggebåsar, pluss velferdsavdeling og behandlingsbingar, alle med gummimadrass. I taket er det åsar i tre, sandwichplater og lysplater i møne. Fôrbrett er langs den eine veggen, og det er fangfrontar langs heile rekka. Kyrne får kraftfôr i roboten og frå ein kraftfôrautomat. Kalvar og ungdyr får plass i det gamle mjølkefjøset.

– Planen er at denne delen skal byggast om, seier Karianne.

Mellom den gamle og den nye delen, har bøndene sett inn ei skyvedør.

– Me ser forskjellen på nytt og gammalt ganske godt når me kjem frå denne sida, seier Karianne.

Karianne og Lars Henry valde ein De- Laval VMS 300.

Fjøsskilt: Ved inngangen har dei fått opp ei flott skilt, med namnet på garden – Liatre Gard. Skiltet er laga på UNI-K i Haugesund, ei bedrift som tilbyr varig tilrettelagt arbeid.

– Me vurderte kjøpa ein brukt mjølkerobot, men slo det frå oss. Me angrar ikkje på det, seier Lars Henry.

Prislappen på nybygget kom på snautt 6 millionar kroner. Karianne og Lars Henry fekk tilskot frå Innovasjon Norge på 1,250 millionar.

– Eg gjorde ein heil del sjølv; reiv forskaling, grov ut tomta, monterte innreiing, og var med under prosessen elles, seier Lars Henry.

Det er berre seks veker sidan dei flytta dyra inn i det nye fjøset. Både folk og fe likar roboten.

– Eg nyttar ikkje særleg mindre tid på fjøsstellet, men eg likar fleksibiliteten den gir oss, seier Lars Henry.

Stikkord denne saka: , ,