Gjer det på sin måte: Per Inge Undheim miksar gamle tradisjonar, eigne interesser og ny kunnskap for å finne sin måte å drive slektsgarden vidare på.

Motstraums satsing

Per Inge Undheim har eit velhalde båsfjøs og gode arbeidsrutinar. At han ikkje er klar for lausdrift, betyr ikkje at han er hekta av som mjølkebonde.

Liv Kristin Sola

Per Inge er å finne i fjøset. Ei av kvigene har akkurat kalva. Kalven vert transportert i trillebår til kalveavdelinga på nedsida av fjøset. Her ventar ein binge med halm og varmelampe. Mor til Per Inge, Jarly, tørker kalven med eit handkle, medan Per Inge går for å by kviga ei bøtte med lunka vatn og mjølke råmjølk til kalven.

– Eg meiner det er best å ta kalven frå med ein gong. Det gir mindre stress og mindre rauting. Det er ikkje godt å høyre på ei ku som saknar kalven sin, seier Per Inge.

 

Gardsfakta:

Per Inge Undheim overtok garden Are på Nærbø i 2012, etter foreldra Jarly og Audun Undheim. Garden er på 400 dekar. 200 dekar er dyrka, resten er beite. Per Inge har 90 vinterfôra sau og disponerer ein grunnkvote på 170 tonn mjølk. Fjøset har 28 båsplassar til kyr og eldre kviger og bingar til åtte yngre kviger og 15 oksar. Kalvinga er konsentrert rundt mars og april, og nokre få i november.

Per Inge er utdanna anleggs- og landbruksmekanikar og er agronom frå Vinterlandbruksskulen på Jæren. Bonden er styremedlem i Hå Senterparti og engasjert i landbrukspolitikk og landbrukshistorie. Han er medlem i historielaget og aktiv slektsgranskar med slektstre attende til 1635, sjå bilete til høgre.

Fotografering, samt bilar, lastebilar, traktorar, landbruksmaskinar og militært køyrety – alt med motor er av interesse.

Ti generasjonar attende: Per Inge er medlem i historielaget og aktiv slektsgranskar med slektstre attende til 1635.

Tett på dyra

Kviga reiser seg og lar bonden vaske spenane, striple or nokre dråpar, smøre, og sette på mjølkemaskinen. Kviga, som nett har fått namnet Roslin, lear ikkje på ein fot. Per Inge står tett inntil og klør henne på halerota. Han skryt av kor flink ho er. Bonden justerer høgda på kutrenaren. Han er nøye på slikt. Dyra skal ikkje stressast eller jagast opp utan grunn.

– Dette blir ei god mjølkeku, seier han, når han ser at mjølka har eit snev av blod. For det vart det sagt om blodmjølk, at kua har god blodstraum og slikt vert det mjølk av. Jarly kjem for å gi kalven den ferske råmjølka. Tre andre kalvar er allereie installert. Kvikke og raske på føtene bykser dei i sirkel rundt i bingen. Ho godsnakkar med kalven, som drikk opp heile flaska.

– Eg snakkar alltid med kalvane, mest frå før dei er fødde slik at dei kjenner stemmen. Då vert dei enklare å handtere som kviger og vaksne kyr, seier ho.

– Når kalvane skal på beite i sommar, blir dei ropt inn til kraftfôr kvar kveld. Då lærer dei fort å kjenne att stemmar, seier Per Inge.

Høy av topp kvalitet

To og to deler kalvane tro med kraftfôr og høy. Høyet er finkutta for å auke fôropptaket. På låven står eit par velbrukte høyhakkemaskinar frå midten av førre århundre.

– Slike maskinar var heilt typiske før, særleg Serigstad sine, seier Per Inge.

Høyet vert mata inn i ein eksakt kuttar med knivar som kuttar høyet ned til to-tre centimeter. Maskinen krev ein el-motor på minst 7,5 hestar, og med flatreim. Annakvart år slår dei 10-12 dekar av førsteslåtten til høy. Høyet skal vere næringsrikt og vert gjerne slått før resten av graset. Etter kalving får også kyrne litt høy, fram til det er tomt.

– Høy er medisin for dyra, seier bonden.

Høy er næring og medisin: – Ei høyhakke finst det mange av på låvane rundt omkring. Hakka høy aukar fôropptaket hjå kalvane og er medisin for kyrne, meiner Per Inge. Så det er berre å leite fram gamle skattar. (Bilete 1-3).

Vinn-vinn: Mor, Jarly, har ansvar for kalvane. Ho er glad for å få lov til å hjelpe og kunne ikkje tenke seg eit betre pensjonisttilvære enn som dreng for sonen. For Per Inge er det kjærkomen hjelp. Jarly har si eiga ku, og kalven til venstre er tredje generasjon etter kua hennar. (Bilete 4-5).

Drivverket til høyhakka til høgre. 

Ventar med lausdrift

Per Inge overtok eit fjøs med 17 båsplassar, 80 tonn i mjølkekvote, open gjødselrenne og oksar på bås. Dei siste åra har han renovert heile fjøset, opna opp og utvida. No er det plass til 28 kyr og 36 ungdyr fordelt på ein binge med kviger og tre med oksar.

– Resultatet er betre tilvekst og høgare klassar på okseslakta. Oksane har ingenting på bås å gjere, slik eg ser det, seier Per Inge.

Han rekrutterer inntil åtte nye kviter i året, og sel overskot av kviger til liv. Etter mange år med konsentrert vårkalving, har han no nokre få kalvingar om hausten.

– Små mengdar mjølk i starten og slutten av laktasjonen var ei utfordring, seier Per Inge.

Mjølkeanlegget er oppgradert og kapasiteten utvida. Det var positivt for celletalet som er redusert til 50-60 tusen. Bonden mjølker med fem maskinar med avtakarar.

 

Per Inge er ikkje motstandar av lausdrift, men er nøgd med båsfjøset sitt.

– Kyrne står tørt og fint. Dei held seg reine, og treng ikkje krangle om maten, seier han.

Bonden har fôr nok både til sau og kyr, og han har god plass i fjøset. Difor er målet å auke tørrstoffinnhaldet i mjølka, snarare enn å stresse yting.

Per Inge sjonglerer mellom to nattbeiter på rundt 30 dekar, og eitt dagbeite på 70 dekar. I beitesesongen er det hundre prosent beite i tillegg til kraftfôr under mjølkinga, maks åtte kilo per dag.

Typisk – på ein søndag

Surfôret vert heist over i ei avlessarvogn og mata ned gjennom fôrluka. Ei trillebår gjer nytten på fôrbrettet.

– Enkelt, rimeleg og vedlikehaldsfritt, seier bonden. Han høyrer kameratar sukke over kostbar i-mek som sviktar og skapar hovudbry, gjerne på søndagar.

– Då trillebåra mi punkterte kunne eg ikkje dy meg. Eg sende eit bilete av det punkterte hjulet med kommentaren: Typisk – og så på ein søndag.

Per Inge smiler godt. Dess mindre «leamikk» som kan gå sundt, jo betre kontroll har han over arbeidsdagen sin. 

Kyr med etternamn:
Hjå Per Inge har alle kyr etternamn. Dei heiter Dokka, Lin, Ros eller Dua, etter kva slekt dei høyrer til. Slik får dei namn som Snødokka, Staslin, Toppdua og Alperosa. Gulldokka er fjerde generasjon etter Kjøpedokka som var med på flyttelasset frå Årrestad. Spøndokka er gal etter spøne, medan Vasedokka alltid kjem sist. Men midt mellom alle desse slektene står Helga (den kvita kua på biletet).

– Oppkalla etter Helge, seier Per Inge. 

Det hender kvigene vert freista av ein høgreist holsteinokse på nabobeitet hjå Helge, og byksar over gjerdet. Då får kalven namnet Helga. Denne Helga har hatt sju kalvar og mjølkar over 50 liter på topp. Ein leiartype som er først ut og først heim

Oversikt: Per Inge har nettopp hatt KSL-revisjon og funne fram nødvendig dokumentasjon. Fjøsboka med oversikt over buskapen navn, nummer, kalvingsdato, slektskap og andre merknadar. Helsepermen med informasjon om dyrehelse og medisinbruk. KSL-perm og oversikt over skadedyrkontroll. 
Ny tårnsilo: Per Inge meiner grovfôrkvaliteten blir absolutt best i ein tårnsilo. Dessutan sparar han både pengar og arbeidstid med å ha graset liggande i silo. 

Sparer tid og pengar med tårnsilo

Det går fire hiv til dagen til sau og storfe. Per Inge tek heller nokre turar opp og ned siloheisen i løpet av vinteren, enn å køyre rundballar kvar dag. Det var litt av grunnen til at han i 2017 valde å bygge ny tårnsilo.

– Eg vart lei all plastikken. Dessutan blir grovfôrkvaliteten betre i tårnsilo. I tillegg er det lettvint å ha alt fôret på låven gjennom vinteren, seier han.

Med seks meter breidde og ni meter djup frå tippkanten, er kapasiteten kring fire månadar. Frå før har han ein silo på 6×7 meter og ein på 5×6 meter. Dei stappar siloane fulle og supplerer med rundball. Noko vert seld. Siloen kosta 300.000, pluss 100.000 i overbygg.

– Eg har ikkje angra ein dag. Tårnsilo sparer arbeid, plast og pengar, seier bonden.

Driftsanalysen viser at dei variable grovfôrkostnadane er redusert med 29 prosent. Han meiner å spare kring 100 arbeidstimar netto ved unngå transport av rundballar.

Held på gamle skikkar

I reiskapshuset står maskinar og reiskap tett i tett. Per Inge er nøye med vedlikehald og orden. Traktorar, doff, slåmaskin og fôrhaustaren er klar. Når vêret lagar seg er også bonden klar.

– Blir det godt vêr, kan me bestemme oss for slått på fem minutt, seier Per Inge.

Per Inge direktesår med raigras for å auka avlinga og levetida på enga. Kampen mot strandrøyr er ei utfordring. Raigraset bidrar til å fortrenge den ei stund, men når strandrøyr overtek er det på tide å fornye enga.

Godt fôr må haustast tidleg. Ikkje minst høyet. Graset ligg til tørk eit lite døgn før det vert hausta med multikuttar. Heile garden er myrjord og traktoren går konstant med tvillingdekk. Avlessarvogna har tverrboggi. Blaut og tung jord er også ein viktig grunn til å ikkje parkere fôrhaustaren. Tungt utstyr fungerer dårleg på blaut tung jord. All dyrka jord ligg innan ein kilometer.

Per Inge får hjelp av far og farbror, og gjerne ein nabo som trør til i slåtten. Jarly sørger for mat til arbeidslaget. Dei gjer det ikkje meir travelt enn at dei held på dei gamle skikkane, stoppar maskinane og et i lag, mellemat, middag og kvelds. Kjøttkaker og ertestuing. Første dag er det bonden sjølv, far og farbror som er i slåtten. Då er det morrpølse på menyen.

Driv arven vidare: Per Inge er 3. generasjon på garden Are på Nærbø. No er det han som skal gjere sine val for framtida. 

Historiske tilbakeblikk: Tvillingdekk er heilt naudsynt på den blaute jorda. Til gjengjeld er det mest ikkje stein å finne. Biletet til venstre er frå 80-talet og viser nabo og kollega, Alf Johan Opstad, som sår grasfrø på flata. Biletet til høgre er farbror Svein Undheim, som kjempar fram nytt jordbruksareal i lag med Ford Super Majoren sin. Foto: Privat.

Har lært mykje frå far og farbror

På nittitalet slo farbroren eit par tusen dekar med fôrhaustar, fordelt på fleire bruk. Per Inge fekk vere med, ikkje stort eldre enn tretten i starten.

– Det treng du ikkje plent skrive i bladet, kommenterer han.

I dag tek Per Inge slåtten på to bruk, også det med fôrhaustar. Han er glad for å ha både faren og farbroren som viktige mentorar. Ikkje berre med maskinar, men også med kunnskap om jord, vatn, stein og dyrking. Per Inge viser bilete av farbroren på ein Ford Super Major traktorgravar.

– Slitarar begge to, ga seg aldri før jobben var gjort.

Per Inge skriv ned alt som blir gjort og har dagbøker frå mange år attende. I tillegg har han fått farbroren sine notatar. Ei unik kvardagshistorie frå 60- og 70-talet.

Aldri vore lei

Fjøs og dyr var sjølvsagt i oppveksten. I tenåra var han avløysar, mest for å tene pengar. Som sekstenåring var maskinar mykje viktigare enn fjøset. Han hugsar likevel ein dag i fjøset kor han såg framtida føre seg: Dette skal eg drive med resten av livet.

– Sidan har eg aldri vore lei, men det hender eg er trøytt, seier bonden.

Han var dreng på Torland og landbruksvikar i Hå kommune. Han treivst godt i transportkompaniet i Bardufoss, og ein karriere i forsvaret var ikkje utenkeleg. Men det vart med tanken. I fem år forpakta han gard på Årrestad på Undheim, før han overtok heime.

– Sjølv om dei faste gjeremåla er dei same, blir ingen dagar like, seier Per Inge.

Han er glad i årstidene, at ting er i endring. No er planen å dyrke meir jord. Han har ingen byggeplanar, men er bestemt på å vere mjølkeprodusent også etter 2034. Korleis, ofrar han ikkje så mange tankar i dag.

– Det er langt fram. Mykje kan endre seg på kort tid, seier Per Inge.

Trufaste slitarar: Per Inge og Audun er stolt av dei gamle traktorane som framleis er i bruk. Ein Super Dexta, 63-modell, er kvikk langs vegen og vert nytta mykje i slåtten og transport elles. Ein Ford 4000, 72-modell, køyrer inn 70 prosent av fôret, medan ein 84-modell Deutz 5206, med lesseapparat, vert nytta til diverse førefallande arbeid. Når bonden skal så gjødning og frø, køyre lort eller slå, er det ein Deutz 3,70, 85-modell, som vert nytta. Ein 2015 McCormick vert nytta til dei tyngste taka, pløying, horving og fôrhausting – og litt dumperkøyring. – Gleda ved å ha dei gamle traktorane er å ha dei i bruk, seier Per Inge. Lastebilen over til høgre, ein Magirus Deutz, er frå midten på 80-talet og vert i dag nytta til køyre grus og til brøyting. Alle foto under er privat. 
Stikkord denne saka: , ,