Mykje ansvar: For Karoline Skarprud var det å stadig ta stilling til mange ulike avgjersle, ein av dei største utfordringane dei første åra som ung bonde. 

Gardsfakta

Karoline Skarprud er tredje generasjon som driv prestegarden i Kviteseid i Telemark. Ho overtok etter sine foreldre i 2011. Ho har 420.000 liter i mjølkekvote og 55-60, kyr og konsentrert kalving om sommaren. Faren, Vidar Skarprud, er tilsett på garden i 60 prosent stilling. Karoline eig 165 dekar dyrka jord, 10 dekar beite og 3500 dekar (snart) verna skog. Totalt disponerer ho 550 dekar slåtteareal, og forheld seg til 34 grunneigarar.

Besteforeldra forpakta garden frå 1976 og bygde lausdrift med ei 2×4 tandem mjølkegrav i 1990. Fjøset har i dag 70 liggebåsar. Karoline har to opne tallefjøs til kalvar og ungdyr, og fôrar fram rundt 35 oksekalvar og 25 kvigekalvar. Ho sel både kalv og nykalva kviger til liv.

Mitt val: Plutseleg måtte ho bestemme seg. Men Karoline har ikkje angra ein dag på at ho vart bonde.

 

Berre 20 år gammal tok Karoline Skarprud over prestegarden i Kviteseid.

– Eg har ikkje angra ein dag, seier 29-åringen.

 Liv  Kristin Sola

Lukt av husdyrgjødsel på nyslått eng sig inn i bilen då eg parkerer på tunet hjå Karoline Skarprud i Kviteseid. Faren, Vidar, er i gang med slangespreiing. Karoline tek imot meg, medan hunden Turbo speglar seg i sølepytten.

– Eg må berre sjekke slangane og stoppe pumpa for å få far over vegen, seier ho, og går mot gjødselkummen.

Ikkje heilt etter planen

Etter 12 år med forpakting, fekk Karoline sine foreldre kjøpe prestegarden i 2003. Dei reiv tre tårnsiloar, ein kraftfôrsilo og ei høytørke, og utvida fjøset. I tillegg bygde dei eit ope tallefjøs til oksane og kjøpte eit nabobruk. Karoline har vore med i fjøset så lenge ho kan hugse, og valde agronomen på Søve vidaregåande. Det var då ho bestemde seg for å bli bonde. Men først skulle ho bli ingeniør og helst jobbe litt før ho overtok.
Slik skulle det ikkje bli. Studenten hadde knapt funne seg til rette på Ås då foreldra skilde lag. Ingen av dei ville ha  ansvar for å drive garden vidare. Karoline er eldst av fire sysken. Ho måtte velje å overta garden eller gi slepp.

– Me diskuterte ulike løysingar, som forpakting eller samdrift, men «sjaven» var lei. Han ville sleppe papirarbeid og ansvar, seier Karoline.

Mykje å ta stilling til

Ryktet om 20-åringen som skulle overta eit av dei største mjølkebruka i Telemark, vakte både beundring og skepsis. Mange lurte på korleis det skulle gå, difor hugsar Karoline spesielt godt kommentaren frå ein kamerat: – «Tøft!», sa han berre. Det gjorde meg så glad, seier Karoline. Ho fekk invitasjon til å vere med på alt mogleg. Til slutt vart det nok.

– Eg er ikkje så glad i mykje folk, men eg er stolt av det eg driv med og viser gjerne fram kvardagen min. Men dei som meiner mykje og er flinke til å ordlegge seg, kan gjere det – så kan eg stelle dyra mine, seier Karoline.

Karoline understrekar at det er mange måtar å overta og utvikle ein gardpå. Ho trur dei fann den løysinga som passa dei best. Med faren som dreng og mentor, berre 44 år gammal, fekk ho utvikle garden slik ho ville.

– No kan eg bli gjeldfri før eg når gjennomsnittsalder for overtaking, seier Karoline.

Ho merka seg spesielt dei store summane som går ut og inn av drifta, men mest krevjande er det å heile tida ta stilling til så mange ulike avgjersler.

– Når skal eg ringe dyrlegen, kva dyr skal ut, kva er ei god investering? Det vart ei bratt læringskurve, og eg vart god til å klartre, seier Karoline.

Bonden diskuterer framleis mykje med faren, men går etter si eiga magekjensle. Som då ho trengte ny traktor og faren ville prioritere slangespreiar. Det vart både traktor og slangespreiar.

– Investeringar handlar ikkje berre om økonomi, det gjer det ekstra vanskeleg å rekne på, seier Karoline.
– Men eg har dårleg erfaring med å sende «sjaven» til Dyrsku’n åleine, legg ho til og smiler.

Karoline vurderer kva ho og faren kan gjere best sjølve, og kva ho skal kjøpe av tenester. Ho lagar gjødslingsplan, avlsplan og inseminerer sjølv.  Ho kjøpte fôrplanlegging hjå Tine, men opplevde at råda endra seg kvar gong det kom ny rådgivar.

– Då kan eg like godt gjere det sjølv. Kan hende ville eg hatt betre inntening med færre kyr og høgare yting, eller jamn kalving, slik somme hevdar. Eg veit ikkje, det er ikkje aktuelt no, seier bonden.

Bonden og drengen: Karoline er sjefen, men faren Vidar er viktig som mentor og dreng. Begge er under gjennomsnittsalderen for norske bønder, som i 2016 var 54 år.

Stor produksjon: Lausdrifta frå 1990 har 70 liggebåsar og ein 2×4 tandem mjølkestall. Her produserer Karoline rundt 500 tonn mjølk, 420 tonn til meieriet og resten til kalvane.

Rimelege og fleksible løysingar: Med opne bingar har bonden stor fleksibilitet i kva ho vil nytte bingane til. Frå utsida kan ho lett blåse inn strø i bingane.

83 kalvingar på få veker

Karoline har hatt over 80 kalvingar sidan starten av juli. Ho ser mange fordelar med konsentrert sommarkalving.

– Kyrne er i god form før kalving, og dei fleste kalvar ute. Eg leverer mykje mjølk dei månadane prisen er på topp, og får fin flyt i drifta, seier bonden.

Det er fullt kjør, først med kalving, så kalvefôring og deretter inseminering, men når våren kjem kan ho konsentrere seg om jordarbeidet.

– Det gir fin variasjon gjennom året, seier Karoline.

Ho har alltid eit stort overskot av kyr. Når kalvinga er over vurderer ho kven som skal utrangerast og kor mange førstekalvarar ho kan selje til liv. Kutalet skal reduserast til mellom 55 og 60. Ho fôrar fram 25 kviger og rundt 35 oksar. Overskot av kalv sel ho til liv rundt tre månadar gamle.

– Kalvane drikk raust av heilmjølk, 10-12 liter kvar. På det meste går det rundt 700 liter om dagen, seier Karoline.

Når kalvane er avvende har ho fôra opp 70 tonn mjølk. Verdt kvar krone, skal me tru bonden.

Variert kvardag: T.v. Kreativitet kjem godt med når ein har ein stor bygningsmasse som ein vil nytte på best mogleg vis. Midten: Bonden bruker mykje tid på dyra. T.h. Telefonen er viktig, både som eit nyttig reiskap, men også for å halde kontakt med vener. Etter ein lang dag i traktoren er mykje «kontorarbeid» unnagjort. 

 

Tilpassar drifta

Karoline kan drøyme om nytt fjøs og mjølkerobot, men det er andre ting som må prioriterast først. Ho har god tru på frisk luft, og etter år med midlertidige løysingar for kalvane har ho no bygd eit ope tallefjøs til dei. Eit bygg til 1,2 millionar, der 600.000 var reine utlegg.

– Enkle og rimelege bygg er avgjerande for økonomien. Eg prøver å bruke dei bygningane eg har på ein fornuftig måte; opnar ein vegg eller riv eit golv, seier ho.

Karoline har auka mjølkekvoten med 100 tonn sidan ho overtok. Planen var å auke meir og selje alle oksekalvane, men med dagens kvoteprisar endra ho planane. Dei fleksible bygningane gjer at Karoline ganske enkelt kan gjere endringar i drifta. Det blir ikkje mindre viktig når mjølkevolumet no skal ned.

– Min fordel er at eg eig kvoten min og ikkje er låst til eit fast driftsopplegg. Ikkje har eg milliongjeld på ny driftsbygning som eg er nøydd å tene pengar på. Men eg kan tape på ein treigare livdyrmarknad, seier Karoline.

 

Frisk luft: Etter år med midlertidige løysingar for kalvane har ho no bygd eit ope tallefjøs til dei. Eit bygg til 1,2 millionar, der 600.000 var reine utlegg.

Få bønder att i bygda

Karoline vert ikkje lett stressa, men det hender ho vert irritert – over at ho ikkje nytta vêret, at ho kjefta på faren, eller då politiet ringde medan ho køyrde husdyrgjødsel – midt på dagen. Naboar klaga på bråk og lukt. Til og med kommunelegen får telefon frå innbyggjarar som meiner dei blir svimle og kvalme av husdyrgjødsla.

– Eg tek meir omsyn enn folk er klar over, men eg må jo få ut lorten, seier bonden.

Ein av årsakene trur ho kan vere at dei er få bønder att i bygda. Sjølv inviterer ho gjerne barnehagen til gards.

– Dei får eit innblikk i min kvardag og eg får sosialisert dyra litt, seier Karoline. 

I januar, når kviger og kyr er drektige og drifta er på sitt rolegaste, unner bonden seg ein ferie. 

– Då vil eg vekk, langt vekk, seier Karoline, som har besøkt blant anna Australia, Cuba, Peru og Sør-Afrika.

Ho tek ein dag om gongen, har lært at det er somme ting ho ikkje rår over.

– Min jobb er å sikre god produksjon og god dyrevelferd med det utgangspunktet eg har på garden.
– Kva tenker du om at du ikkje vart ingeniør?
– Kva skal eg med det no? Eg har ikkje angra ein dag på at eg blei bonde, seier Karoline

Råd til unge bønder

– Kva råd vil du gi ungdom som vil bli mjølkebønder?
• Interesse og kunnskap er avgjerande. Du må sjå dyra og trivast i lag med dei – og ha eit bevisst forhold til dyrevelferd.
• Du må ha kunnskap om mjølking og mjølkekvalitet for å levere god mjølk. For å førebygge sjukdom må du ha litt kjennskap til korleis ting heng saman.
• Vurder kva nytte du har av rådgiving og kor mykje tid og pengar du skal bruke på det. Bruk dyrlegen, dei har ofte mykje kunnskap.
• Aksepter at du aldri blir utlært og prøv ut nye ting.
• Du må klare å spørje om hjelp og ikkje vere redd for å stille dei dumme spørsmåla.
• Når du skal overta, høyr litt rundt og bruk ein rekneskapsførar som har god erfaring med generasjonsskifte. Det sparar deg for mykje arbeid.

– Hugs at landbruket er komplisert. Det er lange arbeidsdagar. Du må ha eit haldepunkt, noko som motiverer deg på tunge dagar, seier Karoline.
For henne er det dyra som gir energi og humør. 

– Dyr er lettare å ha med å gjere enn folk, seier bonden, og flirer.

«Eg er ikkje så glad i mykje folk, men eg
er stolt av det eg driv med og viser gjerne
fram kvardagen min»

Prestegarden i Kviteseid: Karoline er tredje generasjon Skarprud som driv prestegarden. 

Stikkord denne saka: , ,