BN+

Ta vare på skogen: Aktivt og medvite skogbruk er bra for klimaet, og me må gjera meir for å motverka avskoginga, meiner fagdirektør Dirk Kohlmann hjå Fylkesmannen i Vestland. Foto: Anne Britt Sandø.


Skog veks seint, men skogeigarane må gjerne få fart på seg. Dirk Kohlmann er utålmodig, og etterlyser aktiv skjøtsel som kan gjera vestlandsskogen til ein lønsam klimahelt.


Anne Rivenes, frilansjournalist


– Punkt éin er å stogge avskoginga. Det vil seia at me ikkje må forringe og minke skogsarealet. I dag vert skogsareal bygd ned over ein lav sko, og skog har lite prioritet i utbyggingssaker, seier Dirk Kohlmann.


Han er fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar hos Fylkesmannen i Vestland. Han meiner omdisponeringa av skog til byggjeland, infrastruktur og beite må reduserast kraftig.


Motivasjonen er den store klimainnsatsen skogen står for, som karbonbindar i tre og jord. Eit dekar skog bind eit tonn CO2 kvart år i 80 år, ifølgje Kohlmann, og størstedelen av karbonbindinga skjer i jorda – sjølv om me har tendens til å fokusera på treet. Vestlandet har 5,3 millionar dekar produktiv skog, det vil seia skog eigna for tømmerproduksjon. Berre ein liten femtedel av dette, 0,9 millionar dekar, er granskog. Resten (83 prosent) er lauv- og furudominert areal, som utgjer 4,4 millionar dekar.


Den store skogreisinga, med topp på 1960-talet, har ein starta å hausta resultatet av i dag. Kvart år vert 430.000 kubikkmeter tømmer henta ut i Vestland fylke – dels med høge kostnader i bratte lier og i skog som burde stått lenger, meiner Dirk Kohlmann.

Høgg for mange unge tre

– For tidleg hogst er det me slit mest med, konstaterer Kohlmann.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,