Bonden og drengen: Kjartan Åsnes (t.h.) hyrer inn Jørgen Nedrebø i travle tider eller når nokon av dei faste treng avløysing.

Utan SMOK hadde det truleg vore færre bønder på Straumsnes. Men eit godt samarbeid kjem ikkje av seg sjølv. – Vi må ha felles mål for drifta og arbeidsfellesskapet, seier dagleg leiar, Kjartan Åsnes.

Liv Kristin Sola

I 2006 var dei seks mjølkebønder i den vesle bygda Straumsnes i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Dei fleste var deltidsbønder med kvotar mellom 60 og 100 tonn. Alle hadde driftsapparat som måtte fornyast.

– Vi samlast for å diskutere framtida for mjølkeproduksjonen i bygda. Spørsmålet var om vi skulle drive i lag, eller fortsette åleine, seier Kjartan Åsnes, dagleg leiar i SMOK.

I dag er dei fire mjølkeprodusentar att. Tre av dei er medlemmar i samdrifta.

– Truleg hadde vi vore endå færre om vi ikkje hadde snakka saman den gong. Det var ei bevisstgjering av oss alle, seier Kjartan.

Overordna mål var å oppretthalde drift på alt jordbruksareal i bygda, både for eigen del, men også for bygdefolket.

Jamne puljar: Med kalvinga konsentrert om to gonger i året, får dei jamne puljar både av kviger og oksar. Frå kvar pulje fôrar dei fram tolv kviger og tretten oksar.
Gardsfakta

SMOK DA står for Straumsnes Mjølk og Kjøt DA. Samdrifta vart etablert i januar 2006 med tre aktive partar, Kjartan Åsnes, Oddvar Åsnes og Ole Jakob Nedrebø. I 2010 overtok Hilde Åsnes og Frank Igelkjøn, Oddvar Åsnes sin del.

Kjartan Åsnes er fulltidsbonde og har 70 prosent av arbeidet i samdrifta. Dei to andre partane har 15 prosent kvar og arbeid utanom. Kvar av partane driv eiga jord og sel fôret til samdrifta.

SMOK har 50 årskyr og ein kvote på 430.000 liter. Totalt driv  samdriftsmedlemmane 970 dekar jord fordelt på 17 gardsbruk. Dei haustar fôr på 450 dyrka jord, resten blir nytta til beite. Bøndene på Straumsnes deler på maskinar i eit maskinlag.

To kalvingsperiodar

Hausten 2007 stod lausdriftsfjøset klart med 48 liggebåsar, sinkuavdeling, ungdyravdeling, og ein 2×3 tandem mjølkestall. Kvoten var knapt 290.000 liter. I dag er fjøset bygd om til 53 liggebåsar og robot. Produksjonen er auka til 430 tonn mjølk.

Fjøset er tilpassa eit driftsopplegg med to kalvingsperiodar, i februar og august.

– Konsentrert kalving gjer oss skjerpa i periodane der alt handlar først om kalving, deretter kalvestell, før det i mai og november, vert intense runder med brunstkontroll og inseminering. I desember og januar, samt juni og juli, kan vi gire ned nokre hakk i fjøset, seier bonden.

Etter ei veke i enkeltboksar vert kalvane flytte over i ein stor fellesbinge til dei er om lag fem månadar. Her har dei liggepall, tilgang til mjølkeautomat, kraftfôrautomat, vatn og grovfôr frå fôrbrettet. Tolv kvigekalvar og tretten oksekalvar vert fôra fram frå kvar pulje. Resten vert selde til liv.

I april og oktober vert oksane sende til slakt, 14-15 månadar gamle. Slaktevekta varierer mellom 310 og 320 kilo.

– Driftsopplegget fungerer svært godt. Vi har ingen planar om å endre strategi, seier Kjartan.

 

Gjer jobben sjølve: Med ei nyinnkjøpt presse og pakkar treng dei ikkje lenger vente på tur når avlinga skal i hus, og tvillingdekk høyrer med på eit vestlandsbruk. Sjølv med både tørke og mykje nedbør har dei berga meir avling enn normalt – dersom noko er normal lenger. Foto: privat

Felles mål avgjerande

Ein gong i året samlast SMOK-medlemmane for å planlegge komande år. Høg yting og meir og betre grovfôr er overordna mål, samt å redusere kostnadane generelt i produksjonen.

– Å sette seg mål er viktig både for eigen del, men også for å samanlikne og diskutere med andre bønder, seier bonden.

Som dagleg leiar tek Kjartan seg av inseminering, husdyrkontroll, rekneskap og fôrplanar. Han er på jobb ti dagar i strekk før han har fire dagar fri.

Medlemmane har fast dagløn og konkrete oppgåver for kva dei skal gjere på kvar vakt. Fjøset skal stellast morgon og kveld, med ein ekstra runde midt på dagen og kveldsrunde. Gjerding, flytting av dyr og andre arbeidskrevjande operasjonar handterer dei i lag og har timebetalt.

Samdriftspartane driv eiga jord og sel fôret til samdrifta for kroner 2,50 per FEm.

– Slik løner det seg å drive jorda godt, seier Kjartan.

– Vi må ha ein god struktur og felles planar og mål skal dette fungere. Alle må vere samd i korleis vi skal drifte fjøset. Fargen på roboten betyr ingenting om vi ikkje kan samarbeide.

Skulle det butte økonomisk i periodar, har dei ei klar prioritering:

1. Sikre full betaling for arbeid. Fjøsstellet er den viktigaste faktoren for økonomien i drifta.

2. Sikre full betaling for grovfôr. Det motiverer til betre grovfôrproduksjon.

3. Sikre kvoteleige. Leiga har i praksis svinga frå ingenting til 27 øre per liter.

4. Avkastning på innsett kapital.

– Så langt har vi ikkje kome enda, men punkt 1 og 2 er aldri justert, seier Kjartan.

Blandar fôr: Miksen består av ein rundball førsteslått og annan kvar av andre- eller tredjeslått, pluss litt halm. Vinterstid går det 3000-3500 kilo miks per dag. Trucken vert nytta til å fylla grovfôr i miksaren. Langs kanten har dei sveisa på «tenner» som gjer det lett å få fôret av tindane.

Meir grovfôr enn normalt

Det starta med fôrhaustar, vossakasse og tårnsiloar. Seinare vart det rundballar og leigepressing. SMOK-bøndene valde å dele opp slåttane. Areal nær fjøset vart hausta tre gonger medan areal lenger vekke vart hausta to gonger. Men å vente på pressa når vêrmeldinga truar med regn, er krevjande sjølv for den mest harmoniske bonde.

I vår gjekk samdrifta til innkjøp av singelpresse og pakkar for å vere meir fleksible i slåtten.

– Men vossakassen er framleis i bruk når vi hauster langs kantar og dei brattaste bakkane, seier Kjartan.

Årets avling er betre enn i fjor og 2016, men ikkje så god som 2014.

Kjartan summerer årets tre slåttar slik:

Førsteslått vart hausta mellom 3. og 12. juni. Fantastisk gode forhold. Delvis påverka av tørken, vart avlinga mellom 75 og 80 prosent av normalår.

Andreslått vart utsett noko for å få meir gras, og vart hausta mellom 20. juli til 2. august. Bra mengd, men litt lite fortørking dei siste dagane. Kvaliteten er variabel. Omlag 100-110 prosent av normalår.

Tredjeslått vart hausta frå 5. til 8. september. Blautt, lite fortørking, men fekk hausta betydeleg meir areal enn normalt. Om lag 200 prosent av normalår.

– I år var det ein fryd å slå gras og drive jordarbeid for oss som har mykje tung jord og myrjord, seier vestlandsbonden.

Den nye pressa pakkar rundballane hardare enn tidlegare, og med 40 prosent tørrstoff i førsteslåtten og ei vekt på 800-950 kilo vert det mykje fôr per rundball. Kostnad til maskinar, plast, ensilering og arbeidskraft har dei rekna til 225 med eiga presse. Samanlikna med kroner 235 for leigepressing, inkludert eigen kostnad for slått og raking – og lettare rundballar, har dei mykje å hente på å ha utstyret sjølve. I tillegg slepp dei å vente på tur i slåtten.

Godt å vere bonde i lag: Etablering av SMOK DA har truleg gjort at dei framleis er fire aktive mjølkeprodusentar i bygda Straumsnes i Fjaler.

Prøver ulike grasfrøblandingar

Om lag 50 dekar vert brakka og fornya kvart år. I gamal eng direktesår dei med raigras. Dei har nytta Spire pluss 10, men på eng med tre slåttar har dei prøvd seg fram med raisvingel.

– Raisvingel ser ut til å fungere bra og toler tre slåttar betre enn timotei.

SMOK-bøndene prøver gjerne nye grasblandingar. Utfordringa er å finne sortar som gir eit lengre haustevindauge i krevjande år. Med mildare klima og lengre vekstsesong, trur bonden det vil bli meir vanleg med tre slåttar over heile Vestlandet.

– Vi treng ei grasblanding som toler mykje nedbør og tre slåttar, er køyresterk og gir god avling på litt tung jord, seier Kjartan.

I vår sådde dei blandinga Spire Vestland på attlegga. For betre å takle varierande tilhøve, inneheld den nye blandinga fleire artar enn vanleg; ein miks av timotei, svingel, engrapp og raigras – og sju prosent hundegras som skal gi raskt start om våren og god avling.

– Vi kjem til å utvide bruken dersom den fungerer bra, slår bonden fast.

Praktiske detaljar: Ved å snu drikkeniplane slik at dei får ein vinkel, auka opptaket av vatn hjå kalvar og ungdyr.
I det små: Sortering av plast, papir og anna søppel er ikkje vanskeleg når ein berre legg til rette for det og det blir ein del av kvardagen.

Sjølvmelding

Mest nøgd med: Drifta i fjøset og driftsopplegget med puljedrift fungerer veldig bra. Glad eg ikkje vart bonde heilt åleine. Det er kjekkare å vere bønder i lag, der fleire har ansvar for resultatet.

Kunne vore betre: Vi kunne hatt betre jord…, og spalt i staden for opne renner i fjøset.

Tips til andre: Det aller viktigaste i eit samarbeid er å klargjere korleis arbeidet skal organiserast og ha ordningar for ferie og fritid. Realistiske produksjonsmål og økonomiske mål er avgjerande for godt samarbeid, mykje viktigare enn val av teknisk utstyr og utforming av fjøset. Ferdigstill fjøset heilt før du flytter inn. Når du flytter inn må all merksemd vere på drifta.

Sjå heimesida: www.smok-da.no

Super respons på grovfôrmangel

I august kvart år har Kjartan møte med fôringsrådgivar for å diskutere fôrlager og fôringsstrategi gjennom vinteren. Resten styrer han sjølv.

Fôrblandinga skal vere mest mogleg lik gjennom heile vinteren, og kyrne vert gruppert etter låg, middels og høg yting. Grovfôret vert blanda ein gong per dag i ein DeLaval stasjonær miksar, og fôra ut med ei OTS fôringsvogn annan kvar time.

Miksen består av ein rundball førsteslått og annan kvar av andre- eller tredjeslått, pluss litt halm. Vinterstid går det 3000-3500 kilo miks per dag. Kyrne får e-vitamin med selen og biotin i kraftfôrstasjonen. Sinkyrne får halm og restar frå mjølkekyrne, og ein halvkilo Formel protein 32 for å sikre mineral og protein.

Samdrifta kjøper normalt både halm og høyensilasje. I år har dei kjøpt halm, men erstatta høyensilasje med Formel Fiber Grovfôrmangel. Alle mjølkekyrne får seks kg Grovfôrmangel og inntil tolv kg Premium 80.

– No mjølker dei i bøtter og spann, seier bonden.

Tal frå roboten viser at 47 kyr mjølker 36 kilo i snitt, med 143 laktasjonsdagar og 3,4 mjølkingar per ku. Ytinga har passert målet på 10.000 kg EKM noko Kjartan meiner skuldast ein balansert fôrrasjon. Bonden har ingen hentekyr og er nøgd med styrt kutrafikk. Han trur likevel at god flyt i fjøset handlar om å få til ein fôringsstrategi slik at kyrne trekker til robot og fôrbrett, ikkje om kva system du har.

Stikkord denne saka: , ,