
Garden ligg i det karakteristiske landskapet heilt sør på Jæren, med store beiter og mykje stein. Beitene er grunnlag for auka produksjon på garden.
Liv Kristin Sola
Beita er heilt avgjerande i drifta til Elin og Knut Åge Gjersdal på Hetland i Hå kommune. Men gode beite gjer seg ikkje sjølv.
– Beitebruken på Jæren er for laber. Skal du ha god vekst i graset og tilvekst på lamma kan du ikkje berre opne fjøsdøra. Potensialet er mykje større enn det me tek ut, men beita må pleiast, seier Knut Åge.
Han ramsar opp drenering og grøfting med gode drikkepunkt, vegar, gjerding, kalking, gjødsling, isåing, passe beitetrykk og ugraskamp.
– Ikkje gløym gjetarhundane. Dei er ein viktig del av beitedrifta, seier bonden.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.







