Ferieklipp: Anthony Strømstad Vassbø (t.v.), Elias Nevland og instruktør Odd Kristian Håland terpa teknikk haustferien gjennom.

Svinga klippemaskinen i haustferien

20. oktober 2020

Ni ivrige saueklipparar nytta haustferien til å spissa ferdigheitane.

Jane Brit Sande

Duren frå klippemaskinane når heilt ut i gardstunet. Inne i sauehuset hjå Bernt Undheim på Vigrestad i Hå kommune, nyttar ni ungdommar haustferien til å gå på klippekurs. Fire instruktørar, ein på kvar klippestasjon, skal syte for at klipparane reiser heim frå kurset med betre teknikk og færre uvanar.
Det er første gong det er klippekurs i fjøset hjå Bernt. Bonden har vore saueklippar i mange år sjølv, og klipte på slakteriet på Forus.

– Det er viktig at klipparane får kyndig opplæring, seier han.

På kurs for tredje gong

Anthony Strømstad Vassbø og Elias Nevland, begge snart 17 år, er på klippekurs for tredje gong. Dei starta så smått med klippemaskinane då dei var 12-13 år gamle. Klipte litt haleull, og fekk prøve seg når sauene heime skulle under saksa. Sidan har det berre gått ein veg for gutane frå Bjerkreim.

– Me har klipt fleire og fleire sau kvart år. No klipper me begge kring 2500-3000 sauer i året, seier Elias.

Dei er både kameratar og klippekollegaer.

– Me klipper på gardar i Bjerkreim. Det er gildt å reisa rundt på den måten; klippa sauer og få snakka med erfarne bønder, seier Anthony.

Elias og Anthony er på kurs fordi dei vil ha hjelp til å bli betre.

– For å bli god til å klippe, må me ha mengdetrening og terpa på teknikk. Det får me på kurs, seier Elias.

Vertskap: Kursdeltakarane fekk svinga seg i sauehuset hjå Bernt Undheim.

Eit sterkt hovud

Skal ein bli god saueklippar, kan ein ikkje vere blant dei som lett gir opp, skal me tru instruktør Odd Kristian Håland.

– På nybegynnarkurset er målet at alle deltakarane skal klippa ein heil sau, utan hjelp frå instruktør. Dei må ha hovudet med seg, seier Odd Kristian.

Klippekursa har blitt betre dei siste åra, meiner han. Nøkkelen er fleire instruktørar. På kvar klippemaskin er dei to-tre deltakarar og ein instruktør. Instruktørane rullerer, slik at deltakarane får ulike råd og tips i løpet av kurset.

– Fleire av dei som er med denne veka, har vore på både to og tre klippekurs tidlegare. Ein ivrig gjeng, seier instruktøren.

Engasjerte instruktørar

Odd Kristian er ein av fire instruktørar denne kursveka. Han vart godkjend instruktør i fjor, og har vore deltakande instruktør i fleire år før dette. Odd Kristian skryt av deltakarane.

– Dei er jamt over flinke klipparar. Dei høyrer etter, og me kan sjå betring frå dag til dag. Det er det aller viktigaste, seier han.

Med ti års erfaring som saueklippar i bagasjen, veit han kva han snakkar om.

– Alle lærer seg litt uvaner, og dei er vanskelege å snu. Det blir sagt at ein klippar lærer ein ny bevegelse per 1000 sau. Då trengs ein del mengdetrening, seier Odd Kristian.

– Her på kurset får dei øve seg på vaksne dyr. Det er tungt, men det er også det klipparane skal klippe ute på gardane.

2-3000 sau i året: Anthony svinger klippemaskinen. Saman med Elias, klipper han for bønder heime i Bjerkreim.

Tilbakemeldingar: Elias høyrer godt etter når han får instruksjon av Odd Kristian.

Terping dagen lang

– No kan du ta heilt opp, og pass på heile kammen no, instruerer Odd Kristian til Elias.

Elias og Anthony klipper to-tre sauer kvar, før dei bytter. Når dei er på kurs er ikkje tempo det viktigaste. Klippinga skal vere roleg og kontrollert. Det skal vere tid til å terpa, terpa, terpa.

– Det er godt med tilbakemeldingane, men dei kan vere vanskelege å hugsa når eg står oppi det, seier Elias.

Forskjell på sauene

Det er Anthony sin tur. Med bestemt hand får han sauen på plass. Denne føremiddagen er det kvit spælsau som står for tur.

– Dei er litt lettare, på godt og vondt. Dei spreller litt meir, seier han.

Unggutane er samde om at NKS-sauene er lettast å klippa, men kvar rase har si utfordring. Seinare på dagen ventar ein flokk med svartfjes på kursdeltakarane.

– Det er jo litt knotete med horna, men det går godt. Det krev litt trening, og er ein vanesak, seier Elias.

– Og så er det forskjell på horna. Dei me skal klippe i dag, har bua horn. Då blir det ikkje så mykje blåmerke som av dei med spisse horn, seier Anthony.

Fire klippestasjonar: I sauehuset på Vigrestad er det rigga til med fire klippestasjonar, og ein instruktør på kvar stasjon. Eit viktig grep for å løfta kvaliteten på kursa.

Sterk og god rygg

Bjerkreims-gutane drøymer om å driva gard. Saueklippinga er ein god start. Sidan begge går på skule, blir klippingsoppdraga lagt til kveldstid og helger.

– Me har ein hobby, og me får tena litt pengar. Klippinga er blitt ein stor del av kvardagen vår, me er mest litt avhengige av det, seier Elias.

Dei veit godt kva som krevjast av ein god saueklippar.

– Ein sterk og god rygg, tolmod, og du må vite korleis du skal handtere sauen. Du må òg vere interessert og ha lærevilje, seier Elias.

– Me må heile tida pushe oss sjølve litt, og stå på. Det er om og gjere at me ikkje gir oss, og at me finn den rette rutinen, seier Anthony.

Stikkord denne saka: , ,