Mykje ut av lite: Somme ser berre utfordringar, andre ser mange moglegheiter i eit lite og bratt vestlandsbruk. Foto: Privat

– Du sjølv og dine erfaringar er den viktigaste ressursen for å auke verdiskapinga på garden din, seier bonde og tradisjonsberar, Stein Brubæk.

Liv Kristin Sola

Ho fann han på Oste-VM i Bergen i fjor haust. Stein Brubæk var i Bergen med bilen full av ost, ysta heime på garden Brubekken ved Sunndalsfjorden i Møre og Romsdal. Astrid Brommeland, bygdeutviklar frå Suldal i Rogaland, var i Bergen for å sjå og lære i samband med Fylkesmannens melkeforedlings prosjekt. Brommeland streifa innom standen hjå den erfare ystaren. Ho vart inspirert, og Brubæk vart  invitert til Rogaland.

– Eg forstod at det er mogleg å skape mykje ut av lite. Den kunnskapen måtte eg få heim til bøndene mine, seier ho.

Radarpar: Astrid Brommeland og Stein Brubæk.

Du får mangedobbelt att

Ei heil veke i februar reiste Brubæk frå møte til møte i Rogaland. Eit stopp var Nesheimstunet i Nedre Vats. Tilhøyrarane fekk høyre korleis han har skapt 6,5 årsverk på eit bratt vestlandsbruk utan mjølkekvote.

Garden er på 1200 dekar, der 25 dekar er dyrka, men bonden har 185 dekar dyrka jord til disposisjon.

– Litt for mykje jord, men bygda gror att og ingen vil drive ho. Difor dyrkar eg grønsaker, for å utnytte jorda, seier Brubæk til Bondevennen.

Buskapen tel 35 mjølkegeiter og seks kyr av Vestlandsk fjordfe og Sidet Trønderfe og Nordlandsfe. Han driv ysteri, bakeri og snart eit butikkutsal med eigne og andre lokale matvarer. All mjølka vert foredla i eige ysteri.

Av kumjølk vert det kvit og brun ost, pultost, gammalost, smør og rømme. Geitemjølka vert ysta til kvit og brun ost. Kjøt frå geit, kje og  storfe tek han attende frå slakteriet og sel direkte til kundane. Han dyrkar gras, potet, jordskokk og grønkål.

– At ein bonde kan omsette for to millionar basert på 25.000 liter mjølk, er ikkje anna enn imponerande, seier Brommeland.

– Det handlar om å generere inntekt og auke verdiskapinga på garden. Du må jobbe meir, men får mangedobbelt att, seier Brubæk.

Skiftande årstider: Ein fin sommardag på setra på Torbuvollen – ein fin kald vinterdag på Brubekken gard. Foto: Privat. 

Ros til samvirke

Brubæk har gått frå å bli sterkt motarbeidd til å bli applaudert. Folk flirte litt av prosjektet hans, då han skaffa seg geit og starta å yste attende i 1996; det måtte vere måte på å vere dum og kranglete. Ysting for sal var dessutan ulovleg for bønder som ikkje hadde mjølkekvote.

– Rart å tenke på no, at mine sju geiter var ein trussel mot samvirke, seier bonden.

Brubæk understrekar kjapt at det har snudd heilt om. No er samvirke ein støttespelar og eit sikringsnett for bønder som foredlar sjølve.

– Ubetaleleg viktig, meiner Brubæk.

Han er den siste mjølkeprodusent i bygda og klarer knapt å produsere nok varer til bevisste kundar. I 2016 vart han heidra med  Kulturlandskapsprisen i fylket.

– Etter 25 år i motbakke har eg blitt den kulaste bonde i heile bygda, flirer Brubæk.

Uetisk med soya

Dyra er på beite frå mai til november. I juli og august flytter alle til setra på Torbuvollen. Vinterfôret er høy, surfôr og norsk bygg. Dyra får ikkje soya.

– Kundane vil ikkje ha det. Eg vil ikkje ha det. Og dyra mine treng det ikkje.

Brubæk viser til store miljøproblem knytt til soyaindustrien i tillegg til sosiale problem når soyaplantasjar tek levebrødet frå lokale bønder.

– Mitt bruk skal ikkje bidra til å oppretthalde eller auke fattigdommen i verda, seier Brubæk.

At landbruket kjøper soya frå fattige land – til dyra, medan 800 millionar menneske svelt, meiner bonden er direkte uetisk.

– Norsk matsikkerheit er i stor grad basert på vår rikdom og kjøpekraft. Det er ikkje berekraftig. Men dette lærer ikkje ungdommen på skulen. Du må sjølv lære kundane dine desse samanhengane, seier Brubæk.

Alt fe er sin herre likt?: Til og med kyrne går utradisjonelle vegar på Torbuvollen. Foto: Privat.

Alt heng saman

Det globale perspektivet er viktig for vestlandsbonden. Han driv etter agroøkologiske prinsipp. Tankemåten påverkar val av produksjon, kombinasjon av dyreslag, og lokal foredling.

– Alt heng i hop; sunn mat, sunn jord, reint vatn, og rettferdig produksjon, slår han fast.

Men skal du overleve, må kundane vere villige til å betale for det du produserer. Du må bygge ei merkevare folk identifiserer seg med.

– Mat skal ikkje berre mette. Maten seier noko om kven me er, seier Brubæk.

Han merkar seg at kunden vil vete korleis maten er produsert, dei vil ha reine smakar, og maten skal vere sunn. Mange spør etter kjøt frå grasfôra dyr som har sunnare feittsyresamansetting enn dyr som får mykje kraftfôr. Og dei vil betale.

– Trondheim har mange bevisste forbrukarar. Ikkje minst studentar, som fyller opp ryggsekker og koffertar med kostbar – men kortreist mat, seier Brubæk.

 

Nei til lang transport

Då slakteriet i Molde vart lagt ned, forsvann siste samvirkeslakteriet også i Møre og Romsdal.

– Bjøllekua mi er 19 år. Ho, og alle dei andre gamalrasekyrne mine, skal sleppe ei lang sistereis, seier han.

No sender han dyra til slakt hjå Øre Vilt i Batnfjordsøra, kor kvaliteten på slaktet ikkje er dårlegare enn på dei store slakteria, heller motsett, meiner bonden.

– Dei har meir manuell nedskjering og tek seg tid til å gjere ein god skjerejobb. Det gir finare stykningsdelar, meiner Brubæk.

Tett kundekontakt

Brubæk har vore med i Bondens Marked sidan starten i 2003.

– Eg må helse og seie, det var ei hjelpelaus og traurig forsamling i starten, flirer han.

Etter 15 års erfaring har bøndene blitt profesjonelle. Den beste tilbakemeldinga får du direkte frå kunden, lovar den erfarne torgseljaren.

– Den kan løfte både deg og produktet til nye høgder.

Han meiner bøndene ikkje treng frykte krevjande spørsmål.

– Du er eksperten på din produksjon. Prøv eit halvt år, og du er kurert og kan nyte livet på torg i lag med kundar og andre bønder.

Brubæk ivrar for å ta vare på og vidareformidle norsk matkultur og budeietradisjonar. Han er oppgitt over mangel på bevisstgjering om norske mattradisjonar, ikkje minst i turistnæringa.

– Turistar vil oppleve norske mattradisjonar – og me serverer pizza, sukkar bonden.

Hjelp kvarandre

Brubæk lover det er pengar å tene på lokalmat. Gode pengar, men det gjer seg ikkje sjølv.

– Du må ha vilje og tru på produktet. Er pengar drivkrafta, er det lett å gi opp i første motbakke.

Brubæk sine råd er henge seg på trendane og lage seg ei merkevare. Lær av dei med lang erfaring og søk rådgiving, gjerne hjå  kompetansenettverk for lokalmat. Ifølgje Brubæk har dei dyktige fagfolk og mentorar over heile landet. I tillegg er Norsk gardsost godt organisert og med stort nettverk.

Brubæk har tru på eit breiare regionalt samarbeid, slik dei har fått til blant anna i Gudbrandsdalsmat. Der har dei tilsette som organiserer sal og distribusjon på vegne av medlemmane.

– Samarbeid løner seg som regel for alle partar. Me må bli betre til å samarbeide og vere litt mindre individualistar, seier Brubæk.

Slik kan det gjerast: Nytting informasjon frå ein erfaren nyskapar og mangesyslar, til bøndene som hadde funne vegen til Nesheimstunet i Nedre Vats, Vindafjord. 

Stikkord denne saka: , ,