BN+

Tre generasjonar landbrukshistorie: Rasmus, Monica, Rasmus og Gabriel representerer tre generasjonar bønder som bærer kunnskapen og slektsarven vidare. Kvart ledd speglar ein del av landbrukshistoria.

Tre ledd i ein lang tradisjon



To generasjonar Pollestad speglar femti års landbrukshistorie. Snart skal neste generasjon ta slektsgarden inn i ei ny tid. – Kunnskap og dyrevelferd blir viktig, seier den unge Rasmus Pollestad.


Liv Kristin Sola


Tre generasjonar Pollestad er samla i stova heime på Høyland i Hå. Rasmus, Gabriel og Rasmus er fjerde, femte og sjette generasjon Pollestad på bruket. Det har vore Rasmus og Gabriel i generasjonar. Rasmus og kona Åse bur i kårhuset – få meter frå gardstunet. Den unge Rasmus har gifteplanar og er på veg ut or barndomsheimen. Slekta stammar frå Gjedrem i Bjerkreim, men slektsnamnet har dei frå Pollestad, sør i Klepp. Rasmus sine oldeforeldre kjøpte garden på Høyland midt på 1800 talet. Med spade, spett og steinbukk rydda dei jord og utvikla garden. Også Rasmus og Gabriel har utvikla bruket i takt med tida. I god tradisjon skal garden førast vidare i betre stand enn då dei sjølve overtok.

Det allsidige bruket

Rasmus og Åse overtok i 1970 ein buskap på tjue kyr av Sør- og vestlandsk Raudkolle. Bruket hadde også sauer, gris, høns og hest, slik vanleg var. Tretten år gammal fekk Rasmus styre hestane framfor sjølvbindaren når kornet skulle buntast. Den tunge reiskapen kravde helst tre hestar.


– Stor stas å få ansvaret, seier Rasmus.


Han har ein lidenskap for fjordhesten, og familien husa lenge ein av lagshingstane (avlshingst). I 1960 vart naturlege hestekrefter bytta ut med dieselmotor då den første traktoren kom til gards. Rasmus si første investering var ein Faun potetopptakar. Traktor til å dra den tunge reiskapen fekk han låne av naboen – mot attlån i faunen. Etter kvart vart silosvansen erstatta av fôrhaustaren.


– Det var ein revolusjon, seier Rasmus.

Det rause syttitalet

På syttitalet vart dei gamle kurasane erstatta av dei moderne Norsk Raudt Fe (NRF). Inseminering overtok for avlsoksen. Men desse store og produktive dyra kravde meir plass og fjøset måtte moderniserast. Golvet vart heva for å få på plass rister over gjødselrenna. Treinnreiinga vart erstatta av stål, og tal på båsplassar vart utvida frå tjue til tretti ved å bygge om høyrommet. Den første mjølketanken kom i 1966, og i 1974 vart spannmjølking erstatta av røyr.


– I lag med fôrhaustaren, var røyrmjølking den mest arbeidssparande investeringa i mi tid, seier Rasmus.


Syttitalet handla om volum, maskinar og modernisering – og optimisme og framtidstru. Bøndene fekk gode tilskot til nydyrking og utbygging. Kunstgjødsel var relativt rimeleg.


– Me var rause med gjødsla – det var inga fare for forstopping hjå dyra, fleiparRasmus

Renteauke og reguleringar

Åttitalet vart prega av stagnasjon og ikkje minst ei kraftig pris- og renteauke.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,