BN+

Klimaråd: Spa eit hol på ulike stadar på garden din. Stikk nasen ned i holet og snus. Du vil oppdage at mold ikkje lukter likt. God rotvekst og mykje liv luktar annleis enn daud jord under ei køyreskadd torve. Frå venstre: Øyvind Voilås, Randi Hodnefjell, May Sissel Nodland og Norolf Husveg.

Vil synleggjera garden sitt klimaavtrykk

May Sissel Nodland og Øyvind Voilås vil synleggjera klimaavtrykket på garden deira. Nå har bøndene teke i bruk klimakalkulatoren med tilhøyrande rådgiving frå Tine og NLR.


Sjur Håland


Landbruket fangar CO2 og bind karbon. Bøndene produserer oksygen, reinsar lufta og slepp ut klimagassar i atmosfæren. Men kor mykje – og korleis ser eigentleg klimarekneskapen ut? Det er dei store spørsmåla som dei to bøndene gler seg til å i det minste få nokre svar på i tida som kjem.


– Me blir litt leie av at folk kan peika på landbruket som klimaverstingar før dei set seg på sydenflyet. Nå vil me ha tal for klimarekneskapen for garden på bordet og syna forbrukarane svart på kvitt kva me driv med, seier dei.

NLR og Tine-råd

Heile landbruket står bak omgrepet Klimasmart Landbruk. Målet er å redusera klimaavtrykket utan at det går ut over verken matproduksjonen eller konkurransekrafta. Viktigaste verktøyet til Klimasmart Landbruk, Klimakalkulatoren, har alt blitt testa ut ei tid. May Sissel og Øyvind, som driv gard på Nodland i heia i Eigersund, var blant dei første i køen når nå Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Tine rullar ut sitt tilbod om klimarådgiving innan mjølkeproduksjonen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,