BN+

Tøffe tak: Bruken av smertestillande medisin er bra for sauehelsa og dyrevelferda, og bidreg til å redusera forbruket av antibiotika etter lemming, skriv veterinær Hildegunn Mugås. Foto: Sjur Håland


Fødsel kan vera tøft, også for sauer. Ofte er smertestillande nok for å få dyret på fote att.


Hildegunn Mugås
Dyrlege ved Hestavangen Dyreklinikk på Voss og sauebonde.


Det er midt i lemminga. Det er morgon og fôring. Du oppdagar at sauen som lemde i går ikkje vil ha kraftfôr. Ikkje har ho lyst på silo heller. Sauen heng med hovudet og ved nærmare sjekk er temperaturen litt høg og juret litt slapt. For dei fleste sauebønder er dette eit kjent scenario.
Som ung veterinær tenkte eg fort børbetennelse. Og det kunne det vore, ein tidleg fase av ein infeksjon. Då eg byrja køyra praksis for 12 år sidan, vart desse sauene nesten alltid behandla med antibiotika. Breispektra antibiotika. Mange bønder hadde tilgang på dette og starta eigenbehandling. Slik er det heldigvis ikkje lengre.

Smertestillande førebygger infeksjon

I det distriktet eg køyrer, har førekomsten av børbetennelse gått markant ned etter at det vart vanleg å gje smertestillande medisin til sauene. Det me trur, er at ein gryande infeksjon ofte heller kjem av at sauen føler seg dårleg og har vondt. Smerter reduserer matlysta, mjølka forsvinn og sauen blir slapp. Immunsystemet klarar ikkje hamla opp med den begynnande infeksjonen, og me får ein sjuk sau. Sjuke sauer betyr svoltne lam, ekstraarbeid for bonden, og eit dyrlegebesøk. Tre negative ting i ei travel tid.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,