Flaumande dagslys: Lysplater i taket slepp inn rikeleg med dagslys. Legg merke til at tømmeret er lagt på skrå i kortveggen, for ein avstivande effekt. Randi og Arnfinn meiner at taket burde vore høgare, for å få betre avstand mellom innreiing og skinnebane

Randi Kleiveland og Arnfinn Auestad angrar ikkje på at dei bygde fjøs i tre. – Både folk og fe trivst, det har mykje å seie, meiner dei.

Jane Brit Sande

I februar 2013 inviterte Arnfinn Auestad til offisiell opning av det nye sauefjøset bygd i tre. Mange kom farande til gards, nyfikne på bygningen. Bondevennen også. Fire år seinare er det tid for ein ny visitt på garden i Gjesdal kommune i Rogaland. Korleis har det gått?

Endringar i tunet

Gardstunet har endra seg sidan sist Bondevennen var på besøk. Det gamle mjølkefjøset er jamna med jorda, og det gamle huset skal snart lide same skjebne. Eit nytt hus er på plass, dekka i sibirsk lerk. Det er freistande å kalle det for eit «funkishus».
– Ikkje eit veldig tradisjonelt hus, slik ein gjerne ser i andre gardstun, men me har bygd for utsikten, smiler Randi Kleiveland, kona til Arnfinn.
Ho kom til gards medan bygginga av sauefjøset stod på. Dei er begge i fullt arbeid utanom garden, ho som landbruksrådgjevar i Jæren Sparebank, han som IT-konsulent i IT-selskapet Atea.

Mykje lys

Heile sommaren i 2012 gjekk med til klargjering av tomta. Reisinga av bygget starta i oktober same år. Søylene kom først, og er 25×25 cm tjukke. Deretter vippa dei inn veggelementa i tre, og heiste taksperrer på plass. Det er treplankar i taket; 10 cm tjukke, 30-40 cm breie og seks meter lange. Fjøset måler 14×29 meter. I kortveggane er tømmeret lagt på skrå, for ein avstivande effekt.
– Det var dei frå Riska sag som foreslo denne løysninga, og det har fungert godt. Det er ikkje mykje knirking i fjøset når vinden står på som verst, seier Arnfinn.
I taket er det takstolar i bunt. Fire takstolar er skrudd saman og ligg med tre meters avstand. Lysplater i taket slepp inn rikeleg med dagslys, som får fløyma inn i heile rommet. Veggane består av to lag med to-toms plankar, eit lag papp, og nok eitt lag tre ytst.
– I starten hadde me ikkje laget med papp og det ytste laget med tre, men det fungerte ikkje. Då det regna vassrett, dreiv vatnet inn i plankane, og kom inn i fjøset.
Veggene blei pappa og kledd med grove bord for å behalde massivtrepreget. Arbeidet gjorde Arnfinn sjølv. Materiellet til papping og kledning kosta mellom 50 og 60.000 kroner.

Fortsatt romsleg i gardane

Fjøset er bygd til 240 vinterfôra sauer. Då Bondevennen var på besøk førre veke, var det 206 dyr totalt, i fjøset. 186 av søyene er para, og lysinga viser at dei i snitt får 2,2 lam kvar. Lamminga blir lagt til april.
– Me får alltid mange kopplam, for to år sidan hadde me meir enn 50. I fjor var det færre, og me får ei betre fordeling i år, seier Randi.
– Men det er fortsatt for mange lam, til våren ventar me vel 400. Me må nok pine ned på fôringa rundt paringa i år òg, seier Arnfinn.

Bønder i vinden: Arnfinn og Randi.

Utsikt: Randi og Arnfinn treng ikkje TV i stova, når dette er utsikten dei kan nyte frå lenestolen. Gjesdal kyrkje midt i biletet.

Randi og Arnfinn synast det blir for trongt i lemminga, viss det skal vere så mange sauer som det er plass til i fjøset.
– Me skal bygge eit reiskapshus ved sida av fjøset. Når det er ferdig, kan me gjere nytte av plassen der inne i lemminga, seier Arnfinn.
Innreiinga er i tre, av den heimesnekra sorten. Fire år med sauehald har sett sine spor, heilt som venta. Frontane og rammene er i tre, medan det er satt opp glatte plater i skiljeveggane. Langs fjøsveggene er det drivgangar for å lette arbeidet med å flytte på dyr, og dermed vert det midre påkjenning på ytterveggene. Gardane kan enkelt delast inn når det er tid for lemming, ved hjelp av forskalingslemmer med feste.
– På det meste kan me ha 24 lammingsgardar. Søyene står aleine med lamma i eitt eller to døgn, før dei står to eller tre sauer saman med lamma sine. Me ser an kvar søye, seier Randi.

Må reinska opp

Kvar garde kan opnast inn mot drivgangen, som blir nytta kvar gong dei skal flytta på dyr.
– I det gamle fjøset løfta eg på dyra då eg skulle flytte dei. Det er ikkje ei løysning det går an å leve med, konstaterer Arnfinn.
I drivgangane mellom gardane, er det betonggolv. Då fjøset blei teikna, var Arnfinn skeptisk til å nytta plastrister på heile arealet. Det blei valt betong på drivgangene for å få godt feste til innreiinga.
– Med betong i drivgangane må me reinske opp kvar gong me har flytta på dyr, kommenterer Arnfinn.
Rasjonelle løysningar var viktig for Arnfinn då han planla fjøset.
– Men eg sakna vilje frå Innovasjon Norge til å sjå dette behovet. Den gong handla det meir om å redusere areal og dermed pris per sau, enn om å ha litt meir areal for ei meir rasjonell drift og god handtering av dyra. Rasjonell drift har stor innverknad på økonomien og blir for lite vektlagt av Innovasjon, seier Arnfinn.

Angrar ikkje på treet

Randi og Arnfinn synast treverket fungerer godt, og dei angrar ikkje på byggemateriellet.
– I haust, då det regna som verst, såg me at treverket utvida seg. Etter kvart som det vart tørrare, såg me det motsette. Når det ikkje har regna på ei stund, og treverket er blitt skikkeleg tørt, kan me stikka inn ein finger mellom plankane, fortel Randi.
– Treverket regulerer temperaturen, og mest av alt balanserer det fuktigheten, seier Arnfinn.
Fjøset er ei god oppgradering frå det gamle betongfjøset. Kvar vinter var ei utfordring.
– Eg hugsar eg hadde tre varmeovnar på ei rekke, og ei vifta som blåste varmen bort på røyra, for å hindre at vatnet skulle fryse, minnest Arnfinn.
– Så lenge me har vore i dette fjøset, har det vore frostfritt. Utetemperaturen har vore nede i minus 15. Inne er temperaturen jamn, men me prøver halde han på fem til seks grader, no når sauene fortsatt har ulla.
Naturleg ventilasjon skapar luftig innemiljø, utan lukt av ammoniakk. Lysplater i taket utnytter dagslyset.
– Det er herleg når våren er komen, sola skin ute, og lamma solar seg i lyset frå taket, smiler bøndene.
Det er ikkje berre Randi og Arnfinn som synast innemiljøet er godt. NMBU, med andre, gjer ein studie på inneklima i fjøs, Prosjekt FåreBygg, og i den forbindelse er både avgassar og lys inne i fjøset, blitt målte.
– Resultatet var imponerande, og litt som forventa. Det var ingen ammoniakk, det var tørrare inne enn ute, og lyset var godkjent for eit kontor, smiler Arnfinn nøgd.

Lure løysningar

Arnfinn lar seg lett inspirera av finurlege løysningar som allereie er på marknaden. Røyret han har sett opp på frontane, for å unngå at lamma hopper ut på fôrbrettet, er ein av dei.
– Eg såg at Felleskjøpet hadde denne løysninga i sitt sortiment, og adopterte og tilpassa ho til vårt fjøs. Det einaste eg trengte var dette plastrøyret, og å skru på plass treklossar i innreiinga, fortel Arnfinn.
– Plastrøyret hindrar òg at sauene klemmer ned lam som et. Det kan enkelt tas vekk når det ikkje er bruk for det lenger. Ein fordel, med tanke på at røyret hindrar sauene i å nå heile fôrbrettet.
Før lemminga i fjor, fekk dei på plass kameraovervaking til lamminga.
– Eg kjøpte nokre kamera frå Kina. Det som ikkje stod i reklamen, var at alle menyar og bruksanvisningar ville vera på kinesisk, så eg knota litt med det. Med litt hjelp av Google, fann eg eit forum der andre hadde vore utsatt for det same, og funne ei løysning på det. Eg slepp visst lære meg kinesisk i denne omgang, seier han.
– Me nyttar kamera helst i slutten av lemminga, når det ikkje er meir enn to eller tre sauer som fortsatt ikkje har lemma. Då er det greitt å ha moglegheit til å gjere andre ting, men samstundes passa litt på, seier Randi.
– Kamera er kopla opp på nettverket i sauehuset og me kan nå dei via fjernsynet i stova, og frå PC eller mobiltelefon uansett kor me er i verda, seier Arnfinn.

Høg trivsel

Prislappen for fjøset var 2,2 millionar, portar inkludert, pluss eigeninnsats. Det er gått med 80 m3 tømmer for å reise bygget.
– Eg var skeptisk i starten, særleg med tanke på økonomi. Det hadde nok blitt eit billegare fjøs om me hadde valt andre byggemateriale, men me angrar ikkje på at me valde tre, seier Arnfinn.
– Dyra trivs godt i fjøset, og det ser me på resultata. Me trivs òg, det har mykje å seie. Det er særleg innemiljøet; luft, lukt og lys, som gjer det betre for oss, seier Randi.

Ganske smart: Røyret kan settast på frontane, for å unngå at lamma hopper ut på fôrbrettet. Røyret kan like enkelt fjernast, då det hindrar at sauene når heile fôrbrettet.

Naturleg gråning: Utvendig er sauehuset behandla med jernvitrol. Dette er eit middel til overflatebehandling av nytt tre for oppnå ein gråleg, elda utsjånad. Behandlinga er vedlikehaldsfri, og beskyttar mot sopp, utan at det held fukt inne i trevirket. Det gamle huset i bakgrunnen.

Denne reportasjen har vore på trykk i Bondevennen tidlegare i år, i Bv nr 7 – 17. februar.

Stikkord denne saka: , , ,