Ei familiebedrift: Kristine og Kristian Skrettingland driv stort med mjølk og gris, men vil ikkje bli større enn at familien sjølve kan rå over arbeidet.

Inga billig moro, men moro er det – å leike med genetikk, skal me tru Kristian Skrettingland på Tjemsland på Varhaug.

Liv Kristin Sola

 

Planen er å bygge ein ny stamme i fjøset ved å nytte embryo og kjønnsseparert sæd.

– Bedriftsøkonomisk er det ingen god idé, men eg kan korte ned ventetida med 10-15 år. Eg ser på det som ei svært langsiktig investering, seier Kristian.

Spenning i kvardagen

Det er Holstein som gjeld. Alle kvigene er GS-testa. To er skylt og embryo er seld både til Tyskland og her heime. Genetikken kjøper han frå Europa og Nord-Amerika. Inspirasjon hentar han frå Danmark, blant anna frå Tirsvad Holsteins, ein avlsbuskap som produserer toppoksar for verdsavlen. Embryo gir ikkje berre gode avkom, men spenning i kvardagen til ein litt over snittet avlsinteressert bonde.

– Du må finne det du vil ha, få det heim, få det lagt inn, og håpe at dyret er drektig. Så er det berre å vente tålmodig og gle seg til kalving. Det gir mange spenningstoppar, summerer Kristian.

Det starta så smått i 2014. Per i dag har bonden 25 dyr i buskapen etter embryo. Meir godt er i vente. Så lang har han nytta kring 80 embryo i eigen buskap.

Gardsfakta

Kristine og Kristian Skrettingland med barna Levi (7) og Ada (3) driv med mjølk og smågris på Varhaug i Hå kommune på Jæren. Dei har 55 årskyr av rein Holstein. I år er kvoten 650.000 liter. Oksekalvane og nokre kryssa kvigekalvar vert selde til liv. Dei eig 150 dekar og leiger 350 dekar dyrka jord og har nok grovfôr til eige bruk. Dei sel 3500-4000 smågris i året.

Far til Kristian, Leiv Kristian Skrettingland, er tilsett på fulltid i grisehuset. 100 høner har fått plass i det gamle båsfjøset og fem spælsauer sikrar kortreist pinnekjøt av topp kvalitet.

Kristine er farmasøyt og Kristian er agronom. Etter ti år som slaktar og kjøtskjerar på storfe, forpakta han ein nabogard og dreiv samdrift med faren. Dei overtok heime i 2013.

Kristian er leiar av Norsk Holstein.

Rask avlsframgang

Strategien er å inseminere kring 20 prosent av kyrne og 75 prosent av kvigene med kjønnsseparert sæd. Resten av flokken vert resipientar for embryo eller inseminert med mjølkesimmental. Så langt har det vore marknad for å selje kryssingskviger til mjølkebruk.

– Har eg ein god holsteinkalv, tek eg vare på fleire kviger på same alder som kan bere fram embryo dersom skyljing blir aktuelt, seier Kristian.

Avlsverdi er grunnleggjande når han vel ut kva dyr han vil avle på. I tillegg vurderer han dyret sjølv og info om familiegrupper.

Fanatic datter etter 120-tonner kua Shottle: Ligg an til 12000 kg på 305 dager på 1. laktasjon. Drektig med VH Monty P.

Tjemsland Mission P NEMI P ET. Kviga er kolla og berar av rødt gen. Er skylt med Hotspot P, og ventar fire kalvar til hausten.

Tjemsland SS CATHY ET.: Supersire x Freddie.

Tjemsland Rubicon NINJA ET: Rubicon x Supersire. Vart skylt som kvige i 2017, fekk 20 embryo av salskvalitet. Nokre vart selde, blant anna gjekk fire til Tyskland etter bestilling. Resten vart lagt inn heime. Dagsproduksjon 40 dagar etter kalving er 44 kg mejølk med 4,6 i fett. Har fire døtre i besetninga.

Toppytar etter Shottle: Den eldste kua på bruket har passert 120.000 liter i livstidsyting. Kua som akkurat har blitt ti år, har hatt sju kalvingar og ni kalvar. Ho mjølker  kring 44 liter og er 50 dagar drektig, 250 dagar etter kalving. Snittyting på seks fullførte laktasjonar er 17377 kg mjølk.

Shottle er ein av dei mest markante holsteinoksane, kjend for å ha døtrer med godt lynne og gode produksjonseigenskapar. Han produserte 1,2 millionar dosar før han døydde, 20 år gammal. Morfar til stormjølkaren er 5618 Guterud.

Lever godt med ledig areal

Robotfjøset har 72 liggebåsar, men rommar sjeldan meir enn 50 kyr. Her er berre kyr i produksjon. Kalvar, sinkyr og kviger er flytte over i det nye fjøset. Frå 2017 til 2018 auka produksjonen med 1000 kg EKM per ku. Det gir rom for meir kvote, utan å auke buskapen.

– Det må vere klimavenleg, meiner Kristian.

Overkapasitet og ledig areal strid mot all jærsk fornuft, men Kristian si erfaring er at god kapasitet gir god luft, tørt miljø gir lågare smittepress, som igjen gir høgare yting og tilvekst.

– Du må berre kome deg over tanken om at ledig areal er tapte pengar, rådar Varhaug-bonden. 

Framtida er kolla

Strategien er høg yting både på jorda og i fjøset. Høg yting basert på topp genetikk, god fôring med mykje og godt grovfôr og dyrevelferd.

– Det er berekraftig for dyra, garden og oss sjølve, seier Kristian. 

God dyrehelse er avgjerande for høg yting. Liggebåsane er justerte og tilpassa Holstein, med 2,20 i diagonalen og 75 cm frå golv til båsskilje. Neste steg er å legge til rette for sand i båsane. På kontinentet vert det snakka om forbod mot avhorning av kyr og holsteinavlen riggar seg for kolla-genetikken.

– Horn eller ikkje har blitt superaktuelt. Ei utvikling etter min smak, medgir Kristian, som vurderer kolla som ein viktig eigenskap, spesielt i dei importerte linjene.

Smal fôrgang: Det smale fôrbrettet vart endå smalare då Kristian støypte ein høg kant 80 cm frå den skråstilde fronten. Slik slepp han bruke tid på å skubbe fôr.

Opne liggebåsar: Kristian er nøye med at liggebåsen skal vere tilpassa dyra. Fronten har ingen hovudbom og dei fritthengande båsskilja, er heva slik at og avstand frå bøyle til bås er 75 cm. Diagonalen nakkebom til bakkant av liggebåsen er på 2,20 meter.

Systematikk i kvardagen

Topp genetikk er lite verd om ikkje resten av jobben vert gjort. Bonden går alltid med ei utskrift frå Pro Farm i kjeledressen. Ingenting er på slump. Dyra skal flyttast til rett tid og brunst og kalving skal observerast.

Kristian skjer klauver ein gong i veka. Klauvboksen står i den gamle kalvingsbingen og gjer det enkelt å hente inn fem-seks kyr i slengen. Klauvene skal skjerast mellom 35 og 42 dagar etter kalving, mellom 135 og 142 dagar drektig, og kring 14 dagar før avsining.

Den digre kalvingsbingen er fylt med sand. Etter kalving får kalven ein enkeltboks, medan kua vert flytta dei få metrane til robotfjøset.

Høgt tilvekstpotensial

Kalvane får sju liter mjølkeerstatning to gonger per dag. Tørrstoffnivået vert trappa ned frå dag 50 fram til avvenning på 60 dagar. Dei får høy, kalvekraftfôr og vatn, og veg kring 110 kilo ved avvenning.

Frå 60 til 120 dagar går kalvane i fellesbinge på talle og får kumiks og fri tilgang til kalvekraftfôr. Frå 120 dagar til seks månadar er dei over på liggebås. Dei får 500 gram soya i tillegg til kumiks. Frå seks månadar får dei eigen ungdyrmiks og 200 gram roetopp og vitamin og mineral.

Sinkumiksen består av fjerdeslått, fire kilo halm og 250 gram soya, pluss vitaminer og mineral. Ungdyra får ei blanding av tredje- og fjerdeslått, pluss litt fiber om det trengst.

Insemineringa startar når kvigene har nådd 400 kilo og passert 13 månadar. Dei bør vere 550-600 kg ved kalving, ikkje meir.

– Mi erfaring er at middels store kyr har høgare livstidsproduksjon enn dei store, seier Kristian.

Kalvar i sand: Den romslege kalvingsbingen er fylt med sand for å redusere smittepresset rundt kalvinga.

Same mor: Tre søsken etter same mor, men med ulik far, Beatclub og VH Monty P. Mor er Tjemsland Rubicon NINJA ET.

Full oversikt: Kvar kalv har si eiga tavle med informasjon om slektskap og om dei er kolla eller horn/avhorna.

Stabil fôring heile året

I september er mesteparten av graset berga i rundball og Kristian reknar fôrlager og planlegg fôringa heilt fram til seinsommaren året etter. Førsteslått skal alltid vere ein del av fôrrasjonen og blir fordelt fram til slutten av juni.

Fôrrasjon til 50 mjølkekyr:
40 kg soya, (800 gram per ku)
140 kg granulert byggrøpp eller roebygg
1 balle førsteslått, (1000 kg), 27 % ts
350 kg andreslått, 40 % ts
400 kg fjerdeslått, 30 % ts
200 kg sein førsteslått, 50 % ts
200 kg heilsæd bygg, 40 % ts

Kristian fôrar ut to gonger i døgnet med bandfôring på smalt fôrbrett. Kring seks kilo kraftfôr per ku per dag i robot – ingen kraftfôrstasjonar i fjøset. Kristian registrerer alt fôrforbruk og tala viser 25 kg kraftfôr (inkludert fiberkraftfôr) per 100 kg EKM. I roboten er snittet 39 liter på 195 laktasjonsdagar. Middel avdrått er 12.400 kg EKM per årsku.

Dei rette tinga til rett tid: Kristian skriv ut lister tidleg i veka og har oversikt over kva for dyr som skal avsinast, kalve, vennast frå mjølk eller skifte binge. 

Moro med avl: Også på Tjemsland har dei ei Wagyu-kvige som skil seg ut blant anna ved at ho er spesielt kontaktsøkande, noko Levi ikkje har noko imot. 

Moro i fjøset: Ikkje eit kjedelig øyeblikk i fjøset med Levi og Ada til stades. – Eg gler meg til kvar arbeidsdag. Hadde eg ikkje gjort det, hadde eg slutta, seier Kristian. 

Grisen får bli

Då utkjøpsavtalen for purker kom, gjorde Kristine og Kristian ei kjapp vurdering.

– Konklusjonen var at økonomien ikkje gir rom for å slutte med gris. Me må heller krysse fingrane for betre tider, seier Kristian.

På ti år har dei kjøpt heimegarden og investert i robotfjøs og ungdyrfjøs. Grisehuset frå 2000 er forholdsvis effektivt og moderne. Med ein betre marknadssituasjon for svin håper dei smågrisproduksjonen kan kaste betre av seg i framtida. Det kan bli avgjerande for at dei begge
skal kunne leve av drifta. 

– På sikt er planen at Kristine skal overta ansvaret i grisehuset. I tillegg har ho ansvar for økonomien og alt administrativt – inkludert å halde meg i øyrene, flirer Kristian.

Akkurat passe

Kapasiteten i robotfjøset er truleg ein million liter no når ungdyrfjøset er i drift. Kristine og Kristian held likevel fast på at dei skal vere ei familiebedrift. Dei vil ikkje bli større enn at dei kan rå over arbeidet sjølve. Garden er ein livsstil, ikkje berre ein arbeidsplass. 

– Landbruket har litt for mykje motvind om dagen, med overproduksjon, klima og dyrevelferd. I tillegg har me fått vêret mot oss.

Det hender bonden får lyst til å pakke sekken og ta familien med seg til Danmark. Jærbuen ber på ein draum om å drive fjøset på eit stort mjølkebruk. Men familien Skrettingland blir nok på Tjemsland Nordre – inntil vidare.

– Det er interessa, ikkje økonomien, som driv meg. Eg gler meg til kvar arbeidsdag. Hadde eg ikkje gjort det, hadde eg slutta, seier Kristian.

 

Sjølvmelding

Mest nøgd med:

At me gjekk «all in» for Holstein i 2005.

Kunne vore betre:

Vêret

Tips til andre:

Tenk nytt, tenk langsiktig.

 

Stikkord denne saka: , , ,