Reduserer kostnadar for å styrke konkurransekrafta: Tine gjer strategiske grep for å skaffe seg økonomisk handlingsrom til å innovere og sikre mjølkepris og volum for norske mjølkeprodusentar. Foto: TINE Mediebank/Bo Mathisen

Dramatiske, men nødvendige kutt hjå Tine

Tine gjer drastiske tiltak for å sikre mjølkeleveranse og ein høgast mogleg mjølkepris til eigarane sine.

Liv Kristin Sola

Fredag førre veke kom meldinga om at Tine skal spare éin milliard kroner. Rundt 250 millionar skal sparast i lønsutgifter. Talet på årsverk skal ned med 400. Det utgjer kring ti prosent av arbeidsstyrken. Dei første oppseiingane vil kome i haust.

– Tine er bonden si forsikring for leveranse og pris. Det tek me på alvor og gjer tiltak for å ruste Tine for framtida, seier kommunikasjonsdirektør, Lars Galtung, til Bondevennen.

Sikrar økonomien

Den totale nedgangen i mjølkevolumet vil bli rundt ti prosent. Det meste skuldast avvikling av Jarlsberg-eksporten med kring sju prosent. Resten er tapt konkurranse mot import og endring i nordmenn sitt forbruksmønster.

– Det går rett på botnlinja til bonden, stadfestar Galtung.

Lars Galtung, Direktør kommunikasjon og bærekraft, Tine. Foto: Tine

– Kor skal det stramast inn?

– Det vil bli reduksjonar i alle avdelingar, frå hovudkontor til medlemsavdeling.

– Me skal vere opne og ærlege gjennom heile prosessen. Dei som mister jobben skal tas hand om på ein skikkeleg måte, ikkje minst fordi me gjer desse tiltaka medan me framleis er godt rusta økonomisk, seier Galtung.

Kommunikasjonsdirektøren understrekar at dei nedskjeringane som no er varsla, vert gjort nettopp for å gjere selskapet meir robust og konkurransedyktig, for å unngå at Tine kjem i ei alvorleg økonomisk krise.

Meir sal av dei store

Tine skal styrke det kommersielle arbeidet og i større grad prioritere innovasjon på dei viktigaste produktgruppene, som utgjer store volum.

– Det omfattar all mjølk og ost, brunost, biola, smør, rømme og yoghurt.

– Vil du seie at Tine er på hælane?

– Me har ikkje vore flinke nok til å samarbeide på tvers av foretningsområda. Me må jobbe betre i lag innad i Tine, med felles planar og felles tiltak – og med full merksemd på sal i butikk. Tine skal samarbeide tettare med kundane for å treffe betre på innovasjon og slik sikre at nylanseringar i større grad får plass i butikkhyllene – og blir verande der.

Kommunikasjonsdirektøren meiner Tine kan bli enda flinkare til å plukke opp trendar frå utlandet og førebu seg på at norske forbrukarar tek etter.

– Me treng ikkje nødvendigvis finne opp alt sjølv, men lage norske variantar av produkt som sel godt i andre land, seier Galtung.

 

 

Krav frå eigarane

Kommunikasjonsdirektøren er klar over eigarane sine forventningar til at Tine gjer det som må til for å sikre ein robust mjølkepris slik at bøndene kan gjere dei investeringane som trengst for å halde fram som mjølkeprodusentar.

– Eigarane må kunne stole på selskapet sitt, at Tine er i stand til å sikre volum og økonomien i mjølkeproduksjonen, også på lang sikt, seier Galtung.

– For nokre år sidan vart det sagt at utfasing av Jarlsberg-eksporten ville frigjere midlar som kunne nyttast til å styrke konkurransekrafta til norsk mjølk på heimemarknaden. Kva skjedde?

– Det vil gjelde for dei midlane som no vert frigjort. Så kan ein diskutere om det er slik at alle områda som får støtte frå PU-ordninga, styrkar konkurransekrafta til norsk mjølk samla sett. Til dømes konkurransestimulerande tiltak innanlands. Er det klokt å bruke pengar som kunne vore nytta til å sikre lik målpris, og gi som konkurransestøtte til industri, no som innanlands konkurranse fungerer veldig bra, spør Galtung.

Han viser til at konkurransesituasjonen er annleis i dag enn då desse tiltaka vart innført.

Konkurrentar med felles mål

– Er det aktuelt å samarbeide med Q-meieriene, spesielt på marginale produksjonar?

– Det er alltid interessant å snakke saman, men det gjer me ikkje i media, seier kommunikasjonsdirektøren.

Han understrekar likevel at både Q og Tine jobbar for å styrke norsk mjølk.

– Slik har me felles interesse av å samarbeide for å oppretthalde mjølkevolumet, styrke konkurransekrafta mot import og sikre økonomien til den norske mjølkeprodusenten. Det er heilt klare felles mål som me må jobbe tett saman for å nå. I tillegg har me felles interesse med tanke på korleis me handterer utfordringane kring klima, bærekraft og ernæring, seier Galtung.

– Kva tenker de om at Q-meieriene aukar sin produksjon frå 120 til 145 millionar liter?

– Konkurransen i marknaden blir tøffare, men forhåpentlegvis skjer det på norsk mjølk. Men det understreker behovet for å ta ein diskusjon om korleis midlane i PU-ordninga blir fordelt, slik at me ikkje bruker midlane på ordningar som ikkje styrke den norske mjølka si konkurransekraft, seier Galtung.

 

«Eigarane

må kunne stole på

selskapet sitt»

 

Vekst er hovudmålet

Galtung er tydeleg på at dei tiltaka som no er varsla har eitt mål – å skapa vekst for Tine og eigarane.

– Innsparingar på éin milliard vil gi oss handlingsrom til å satse. Samstundes er det eit ønske frå eigarane om å halde tilbake på etterbetaling til fordel for å investere på område kor ein ser potensial for vekst, seier Galtung.

– Skal veksten også skje gjennom eksport?

– Tine har eit mål om å auke sal av den fantastiske norske mjølka i utlandet, på ostar som ikkje er Jarlsberg. Det blir ei av oppgåvene for det nye konsernområde for digitalisering og innovasjon å greie ut, seier Galtung.

Avgjerande for mjølkeprisen

– Dette er alvorleg. Det synleggjer konsekvensen av å redusere mjølkevolumet, seier mjølkeprodusent, Bjørn Lende.

 

Bjørn Lende, mjølkeprodusent i Time på Jæren.

Nedskalering av mjølkevolumet får store konsekvensar for Tine, og spesielt for dei som må gå. 

– Eit klart døme på kor store ringverknadar landbruket har for sysselsetting, spesielt i distrikta, seier Lende, som er mjølkeprodusent i Time på Jæren. 

Kostnadsnivået må tilpassast

Lende er nøgd med at Tine gjer grep for å tilpasse kostnadane til eit redusert volum. Han forstår at situasjonen er krevjande for Tine, men meiner at innsparingane er heilt avgjerande for økonomien til eigarane. Mjølkebonden minner om at produsentane er budd på krevjande tider, og har tidlegare etterlyst ein reduksjon i Tine sine personalkostnader. Lende viser samstundes til at mjølkeprodusentane har vore gjennom dramatiske effektiviseringar dei seinare åra.

– Tine har vore gjennom knallharde innsparingar gjennom Styrk-programmet, utan at det har vist igjen i reduserte personalkostnader. Heller motsett, seier Lende.

Samstundes er det investert i nye og automatiserte meierianlegg for å gjere produksjonen meir kostnadseffektiv, og mindre arbeidsinntensiv.

– Styret har manna seg opp og gjort det dei må for å sikre økonomien til eigarane. Å redusere talet på tilsette er ein logisk konsekvens av at volumet går ned, seier Lende.

Treng økonomisk armslag

– Vil det som no skjer styrke eller svekke Tine som selskap på sikt?
– Når styret har vald å gjere så store nedskjeringar, så gjer dei det for å styrke selskapet og for å sikre ein høgast mogleg mjølkepris til eigarane. Eg trur styret har gjort ein grundig jobb. Dette er nøye gjennomtenkt. Styret har skore organisasjonen så langt ned som dei kan, utan at det går ut over drifta, seier Lende.

– Er dette berre første steg i ei større nedskalering av industrien?
– Eg vil tru det kjem fleire rundar med diskusjonar rundt anleggsstrukturen og nedskalering av meieri. Det handlar ikkje berre om volumet til Jarlsbergeksporten. Me tapar marknadsandelar i fleng, spesielt til import. Det er summen av alt som gjer dette dramatisk. Me må på offensiven, først og fremst for å selje meir mjølk, men også for å sikre ein akseptabel mjølkepris, seier Lende.

– Korleis skal Tine styrke seg og begynne å innovere?
– Det trur eg styret er godt i gang med. Innovasjon og nye produkt har alltid vore viktig for Tine. Så kan me alltid vere kritiske til at dei har gjort for lite. Det viktige nå er at Tine og mjølkeprodusentane står saman om å sikre framtida for norsk mjølkeproduksjon. Då trengst
det økonomisk armslag, seier Lende.

Stikkord denne saka: , , ,
Share This