• Per Hobbesland Eftestøl (8) frå Bø, med kalven Pia.

Det vart ei vellukka ku- og geiteutstilling på Dyrsku’n i Seljord, trass i mykje regn.

Liv Kristin Sola

For å avgrense smittefaren for BRSV og BCoV, valde arrangørane å stenge ute kyr frå buskapar som har status som raud, i tråd med råd frå helsetenesta. Det resulterte i at berre halvparten så mange kyr og kalvar som i eit «normalår» stilte til start i årets kuutstilling på Dyrsku’n.
– Dette gjekk veldig bra. Men i år var eit unntak. Til neste år skal me ha med fleire kyr. Alle skal bli grøne, seier ein optimistisk Njål Vestøl, avdelingsleiar ku og geitutstillinga på Dyrsku’n.

Kalvemønstring

Dei sytten påmelde til kalvemønstringa var delt, frå fem til ti år og ti til femten år.
– Eg er imponert over kor godt dei yngste mønstrar kalvane sine, seier dommar, Anna Kirstine Aarsland, frå Time i Rogaland
Ho har i fleire år kåra dei beste kalvemønstrarane på Dyrsku’n, og har merka seg at kvaliteten på mønstringa har blitt mykje betre for kvart år.
– Kalvane er betre stelt, dei fleste har klipt kalvane sine og fleire har kjøpt seg flotte grimer. Mange av barna har lært seg korleis dei skal leie kalven under mønstringa, og dei er merksame på dommarane og dei signala dei får, fortel Aarsland, som sjølv har mønstra ku og kalv, både nasjonalt og internasjonalt.

Kalvemønstring fem til ti år

– Det var ei vanskeleg gruppe å dømme, og det er små marginar som skil dei aller beste frå kvarandre, konkluderer dommaren. Aarsland understrekar at ho gir pluss for dei som føl med på dommaren, som klarer å stille kalven i open posisjon og som hjelper til når kalven framfor ikkje vil gå.
Blant dei yngste var det Erik Bergland Mælandsmo (8) som gjorde det aller best. På andreplass kom Astrid Hvistendahl (8), og på tredje plass Olav Mæland (6).

Kalvemønstring ti år og eldre

– Dette må eg seie var ei interessant gruppe å dømme, seier Aarsland. Ho var lenge i tvil, men då mønstrarane bytte kalv, vart ting mykje klarare.
– Igjen små marginar mellom dei beste. På første plass kom Kristine Bergland Mælandsmo (11). Nestbest vart Liv Dalviken (13), og tredjeplassen gjekk til Mona Tjønnemark (14).
Rett etter dommarjobben var fullført, stilte Anna Kirstine Aarsland i klassa for ungdomsmønstring, og gjekk heilt til topps.

Søsken siger: Kristina frå Heddal, var fire år første gong ho mønstra kalv på Dyrsku’n. I år var det endeleg hennar tur til å gå heilt til topps. Ekstra stas var det at litlebror Erik gjekk vann klassa for dei yngste mønstrarane. I tillegg vart andrekalvskua til familien, mønstra av storesøster Mona, kåra til beste NRF i si klasse.

Beste geit: Geita Marigull frå Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge vart kåra til beste geit og fekk Dyrsku’prisen, med ni poeng for både kropp og jur/spena. Geita vart mønstra av Knut Hauge, Jon Hauge og Edvard Eilertsen.

Beste Ku: Tredjekalvskua Maggi frå Kurompa Samdrift i Bø, vart beste NRF med åtte poeng for kropp og 4,5 poeng for jur/ spenar. Far er 10798 Vangen og morfar er 10232 Sand. Maggi fekk tildelt Dyrskuprisen og den ettertrakta Seljordprisen. Mønstrar Silje Hegnastykket, prisutdelar Bård Tufte Johansen.

Beste Telemarksku: Lauvros frå Torfinn Knutsen, Birkeland, vart kåra til beste Telemarksku og fekk tildelt Dyrskubjølla. Far er 42560 og morfar er 42545.

Stikkord denne saka: , , ,